Fysioterapi i EU/EØS

Du kan få refundert delar av utgifter til fysioterapi i eit anna EU/EØS-land. Gå gjennom alle stega i denne vegvisaren, og du får eit godt bilete av kva rettar du har, og kva du må gjere for å få refusjon. Søknadsskjema finn du på steg 6.

En behandler viser en kvinne øvelser

1

Rettane dine

Dersom du har fått behandling hos fysioterapeut i EU/EØS, kan du få dekt delar av utgiftene dine tilsvarande kva du ville fått av det offentlege i Noreg.

Du får berre dekt nødvendige utgifter til behandling som er av vesentleg betydning for sjukdomen og funksjonsevna di. Innhaldet og omfanget av behandlinga må vere tilsvarande det du ville ha fått dekt i Noreg.

For å ha rett etter denne ordninga må du vere medlem av folketrygda. Ordninga gjeld òg i mange tilfelle for familiemedlemmar. Du kan ikkje få stønad til behandling i eit EU/EØS-land du blir rekna for å vere busett i. Her finn du viktig informasjon om kva personar som har rett til å nytte seg av ordninga.

Dersom du oppheld deg mellombels i eit anna EU/EØS-land og det oppstår ein situasjon som gjer at du treng nødvendig helsehjelp, kan du bruke Europeisk helsetrygdkort. Dette vil òg kunne gjelde fysioterapi.

Planlegg du å få helsehjelp i Storbritannia? Les om konsekvensar av brexit.

Døme

Janne har vondt i skuldra. Ho har fått behandling hos fysioterapeut i Noreg, men ønsker no å halde fram med behandling i eit anna EU/EØS-land i samband med ferie.

Folketrygdloven

2

Du må sjølv finne ein behandlar

Du må finne ein fysioterapeut du ønsker å få behandling av.

Fysioterapeuten må ha gyldig offentleg autorisasjon og lov til å praktisere i det aktuelle landet. Det er ditt ansvar å sjekke ut dette på førehand. Når du søker Helfo om refusjon, kan du bli bedt om å dokumentere at fysioterapeuten fyller krava.

Dersom behandlinga berre kan utførast av ein manuellterapeut eller ein psykomotorisk fysioterapeut, må behandlaren i utlandet ha tilsvarande spesialistgodkjenning/autorisasjon.

Døme

Janne drar på ferie til Spania og veit at ho har behov for fysioterapibehandling i samband med ferien. Ho har søkt på internett og funne eit fysioterapiinstitutt ho ønsker å bruke. Janne får bekrefta av instituttet at behandlaren ho skal gå til har offentleg godkjent autorisasjon og lov til å praktisere i Spania.

3

Kva kan du få refundert?

Du får berre refundert utgifter til behandling som du òg ville fått dekt av det offentlege i Noreg.

Du kan berre få dekt utgifter til behandling som svarer til den du ville fått dersom du hadde gått til ein fysioterapeut med kommunalt driftstilskot i Noreg. 

Beløpet du får refundert, er avgrensa til det behandlinga ville kosta for det offentlege i Noreg. Kostnadar for fysioterapibehandling blir berekna med utgangspunkt i norske offentlege takstar:

  • Dersom du har betalt meir enn berekna kostnad i Noreg, vil refusjonsbeløpet vere lågare enn det du har betalt for helsehjelpa.
  • Dersom du har betalt mindre enn berekna kostnad i Noreg, vil refusjonsbeløpet svare til dei faktiske utgiftene dine.

 

Behandlingsreiser i regi av spesialisthelsetenesta blir ikkje dekte

Fysioterapi som blir utført i utlandet som ein del av eit behandlingsopplegg i regi av spesialisthelsetenesta i Noreg, blir ikkje dekt etter denne ordninga. Ein pasient som har fått innvilga ei behandlingsreise til utlandet betalt av spesialisthelsetenesta, kan få behandlingar hyppigare enn det primærhelsetenesta dekker. Helfo kan berre dekke utgifter til same behandlingsomfang som primærhelsetenesta.

Døme

Janne treng øvingsbehandling og massasje. Ho får ikkje dekt meir enn det det offentlege ville dekket i Noreg på behandlingstidspunktet, og heller ikkje meir enn det ho faktisk har betalt.

4

Hugs dokumentasjon!

Hugs å få med deg rett dokumentasjon før du sender søknad til Helfo.

​Når du skal søke Helfo om refusjon, treng du

  • journalnotat eller liknande dokumentasjon frå fysioterapeuten der diagnose, grunngiving for valt behandling og resultat av behandlinga kjem fram – journalnotatet må gjelde behandlinga du søker refusjon for
  • original spesifisert faktura frå behandlingsstaden der det for kvar behandling kjem fram namn på fysioterapeuten, type behandling, behandlingsdato, tidsbruk og pris per behandling. – ved gruppebehandling må i tillegg talet på deltakarar kome fram 
  • originale kvitteringar for alle utgifter eller annan dokumentasjon som viser at og når utgiftene er betalte
  • dokumentasjon på autorisasjonen til fysioterapeuten og eventuelt på tilleggsutdanninga til fysioterapeuten (til dømes manuellterapi)

For at Helfo skal kunne ta stilling til kravet, må dokumentasjonen vere forståeleg for oss. Det betyr at han i utgangspunktet må vere på norsk, dansk, svensk eller engelsk. Du bør derfor prøve å få skrive ut dokumentasjonen på eit av desse språka. Dersom dokumenta ligg føre på eit anna språk, kan Helfo ved behov be deg om å få desse omsett. Du må betale for omsettinga sjølv. Dersom du legg ved ei omsetting, må du òg legge ved originalen.

Døme

Janne ber om at fysioterapeuten spesifiserer fakturaen og at kvar enkelt behandling blir spesifisert med namn på behandlar, type behandling, behandlingsdato, tidsbruk og pris. I tillegg ber ho om journalnotat ho kan legge ved søknaden.

5

Reiseutgifter blir i liten grad dekte

Du får ikkje dekt meir enn om du ville reist til nærmaste behandlingsstad i Noreg.

Du kan få innvilga dekning til delar av reiseutgiftene dine tilsvarande det du ville fått i Noreg.

I Noreg er hovudregelen at du får dekt reisa di med ein standardsats per kilometer, uansett kva transportmiddel du har brukt. Du må reise til den geografisk nærmaste staden helsetenesta kan givast. For å få dekning må reisa vere lengre enn ti kilometer kvar veg og koste meir enn lokal minstetakst med rutegåande transportmiddel.

Reiseutgifter som gir krav på refusjon, skal sendast på dette søknadsskjemaet:

Send søknadsskjemaet saman med annan dokumentasjon – sjå neste steg. Dersom du får innvilga dekning av utgiftene dine hos Helfo, sender Helfo søknaden om reiseutgifter vidare til Pasientreiser

Døme

Janne bur i Å i Lofoten. Nærmaste behandlingsstad i Noreg ville vore Leknes. Sjølv om Janne skal til utlandet, får ho altså berre dekte reisa med ein standardsats per kilometer på strekninga Å-Leknes-Å. Ho sørger for å ta vare på aktuelle reisedokument.

6

Send søknad til Helfo

Når behandlingane er gjennomførte, kan du søke Helfo om refusjon. Søknaden må sendast innan 6 månadar.

Logg inn på Helfos digitale skjema og søk om å få refusjon

Du må sende skjema og dokumentasjon til Helfo innan 6 månadar frå behandlingsdato. Dersom du ikkje har gjort opp på staden, men har fått ein faktura i etterkant, bereknar vi fristen frå fakturadatoen i staden for behandlingsdatoen. Med faktura meiner vi i denne samanhengen den første betalingsoppfordringa / det første betalingskravet som er sendt frå behandlaren. 

For detaljar om dokumentasjonskrav, sjå «Hugs dokumentasjon!».

Papirskjema

Dersom du ikkje har høve til å nytte det digitale skjemaet vårt, kan du i staden fylle ut følgande skjema og sende det til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg:

Saksbehandlingstida hos Helfo er inntil 12 veker. 

Døme

Janne sender inn digitalt skjema saman med all relevant dokumentasjon før det har gått 6 månadar. 

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Veiledning Helsenorge

0047 23 32 70 00

Árgabeivviid d. 08:00 - 15:30

7

Frikort

Fleire typar helsehjelp kan gi rett til frikort for helsetenester når du har betalt eigendelar for eit bestemt beløp (eigendelstaket).

Dette gjeld òg dersom helsehjelpa er mottatt i eit anna EU/EØS-land.

Det blir berekna ein eigendel under saksbehandlinga av refusjonskravet ditt for utlandsbehandling. Denne eigendelen blir meld inn i eigendelregisteret og dannar grunnlag for frikort for helsetenester. Har du allereie frikort, vil du få eigendelen utbetalt saman med refusjonen.

Når du får frikort frå Helfo, vil du ikkje lenger måtte betale eigendel for helsetenester som inngår i den aktuelle frikortordninga. Frikortet gjeld i Noreg. I andre EU/EØS-land må du legge ut for behandlinga sjølv.

Les meir om eigendelstak og kva helsetenester som blir omfatta av frikortordninga her.​

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Fysioterapi i EU/EØS. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 juovlamánnu 19, maŋŋebárga [vižžon 2025 guovvamánnu 23, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/behandling-i-utlandet/fysioterapi-i-eu-eos/

Sist oppdatert 2023 juovlamánnu 19, maŋŋebárga