Kostråd om salt

Vel matvarer med lite salt, og avgrens bruken av salt i matlaging og på maten.

Krydder kan ofte erstatte salt i matlaging

Slik følgjer du kostrådet

  • Tilarbeidde matvarer bidreg i snitt med 70–80 prosent av saltinntaket. Vel matvarer og ferdigrettar med mindre salt.
  • Byt ut noko av saltet med ferske krydderurter og tørka krydder når du lagar mat. Det gir både spennande og god smak.
  • Vel matvarer og rettar merkte med nøkkelholet.

Vi et ca. 10 gram salt dagleg, som svarer til éi toppa teskei salt. Det er ikkje tilrådd å ete meir enn ei halv teskei salt om dagen, altså omkring 5-6 gram. Salt skal bli oppgjeve som gram salt per 100 gram matvarer i næringsdeklarasjonen på matvarer.

Kva kan skje om eg et for mykje salt?

Salt (NaCl) er bygd opp av natrium (Na) og klorid (Cl), og det er særleg natriumet i salt som har dokumentert negativ helseeffekt. 1 gram salt inneheld 0,4 gram natrium. 1 gram natrium svarer til 2,5 gram salt. Salt inneheld mykje natrium og kan derfor ikkje kallast sunt.

Over 30 prosent av befolkninga i Noreg har høgt blodtrykk, og hjarte- og karsjukdomar er den vanlegaste dødsårsaka i Noreg. Eit høgt saltinntak aukar risikoen for høgt blodtrykk, noko som over tid kan skade blodårene (karskade). Dette kan bidra til sjukdomar som hjarteinfarkt, hjerneslag, augeforandringar og nyreskade. Dette gjeld både kvinner og menn – unge som gamle.

Det er individuelle forskjellar i kor mykje salt vi får i oss, og årsakene til høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdomar er mange og samansette. Å avgrense saltinntaket er eitt av mange grep som kan redusere risikoen.

Inntak av salt, salta og saltkonserverte matvarer aukar òg risikoen for kreft i magesekken. Et du mykje tilarbeidd kjøt, aukar du risikoen for kreft i tjukk- og endetarmen.

Kan eg få i meg for lite salt?

Det er svært små sjansar for at friske personar med eit normalt kosthald får i seg for lite salt. Problemet er at vi får i oss for mykje.

Kroppen har behov for noko salt, ca. 1,5 gram (0,6 gram natrium) om dagen, for at kroppen skal fungere optimalt. Sveitting som følgje av langvarig fysisk aktivitet og høg temperatur, samt diaré kan derimot føre til ekstra tap av natrium og dermed gi kortvarig behov for meir salt enn dette.

Barn og salt

For barn frå 2 til 10 års alder bør saltinntaket avgrensast til 3–4 gram per dag. For barn under 2 år bør saltinntaket vere endå lågare.

Inntak av salt kan verke inn på blodtrykket både i barndommen og seinare i livet. I det første leveåret til barnet bør ein ikkje salte babyen sin mat eller gi mat med mykje salt. Sjølv om du oppfattar maten som smaklaus, er han ikkje nødvendigvis smaklaus for barnet.

Etter kvart som barnet blir eldre, er det lurt å halde fram med å avgrense mengda salt i maten, ikkje minst for å unngå at dei venner seg til eit kosthald med mykje salt.

Ein global dugnad for å få ned saltet

Høgt saltinntak er ein av dei største risikoane for dårleg folkehelse. Saltreduksjon er derfor høgt oppe på dagsordenen i Verdas helseorganisasjon (WHO).

I WHO sin strategi for reduksjon av ikkje-smittsame sjukdomar (NCD) – sjukdomar som er relaterte til livsstil – er målet å få ned saltinntaket blant verdas befolkning med 30 prosent innan 2025. Noreg har stilt seg bak dette i sin NCD-strategi.

Kostråda blir oppdatert i 2024

Nytt nordisk kunnskapsgrunnlag vart lansert juni 2023. Dei norske kostråda vil bli oppdatert i løpet av 2024. 

Salt og saltpartnerskapet

Saltpartnerskapet er eit samarbeid mellom myndigheitene og dagligvarebransjen for å redusere saltinntaket i befolkninga.

Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer (bygger på systematiske kunnskapsoppsummeringer nasjonalt og internasjonalt, konkluderer med konkrete kostråd, beskriver metoden og det vitenskapelige grunnlaget)

Anbefaling om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet (norsk versjon av Nordic Nutrition Recommendation (pdf))

Den internasjonale forskningen på kosthold og helse er omfattende, og ingen enkeltstudie er nok til å endre anbefalingene.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kostråd om salt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 15. desember 2022 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/kosthold-og-ernaring/kostrad/kostrad-spis-mindre-salt/

Sist oppdatert torsdag 15. desember 2022