Kva gjer nikotin med kroppen din?
Nikotin er eit avhegnadsskapande giftstoff som finst i tobakk. Nikotin er svært likt eit av hjernen sine eigne signalstoff (acetylkolin), og festar seg til spesielle bindingsstader i hjernen. Når nikotin bind seg, blir ei rekke andre signalstoff frigjorde, blant anna dopamin. Dopamin er ein del av hjernen sitt påskjøningssystem og gjev deg ei oppleving av å vere tilfreds. Dette gjer at du bevisst eller underbevisst får lyst på meir nikotin.
Sigarettar og snus inneheld nikotin. Det avhengnadsskapande stoffet er også å finne i e-væske som brukast i vape (e-sigarettar).
Nikotin blir tatt opp i kroppen via blodet
Tobakksrøyk er ein effektiv måte å transportere nikotin. Når du trekker inn røyken, blir nikotin skilt frå tobakken i røyken. I lungene passerer nikotin raskt over til blodbana, og det blir transportert til hjernen i løpet av få sekund.
Nikotin i snus blir teke opp gjennom slimhinnene i munnen. Nikotinet i blodet vil vere på sitt høgaste nivå etter omtrent 30 minutt med snus. Etter at du tek ut snusen, går nivået sakte ned.
Det tek litt lengre tid før nikotinet når hjernen om du snuser enn om du røyker. Du opplever derfor ikkje same "nikotintoppen" som ved røyking, men til gjengjeld varer nikotintilførselen lenger.
Gjennomsnittleg halveringstid på nikotin i blodet er om lag to timar. Det vil seie at etter 2 timar vil mengda nikotin i blodet vere halvert.
Nikotin påverkar hjartet
Nikotin har akutte effektar på hjarte- og karsystemet. Nikotin gjer at
- hjartet slår fortare
- blodårane trekker seg saman
- blodtrykket aukar
Helseskader ved røyking og snus
Kvalm og svimmel av nikotin
Årsaka er at du får ein forgiftingsreaksjon. Nikotin skaper ein stresstilstand i kroppen din, og kan gje hjartebank og sveittetokter. Derfor er det også vanleg å bli kvalm og svimmel. Det går raskt over dersom du lèt vere å bruke nikotin.
Nokon kallar den fysiske reaksjonen som oppstår av nikotinbruk, for nikotinsjokk. Det er særleg dei første gongene du røyker eller snuser at du kan bli kvalm og svimmel, eller til og med kaste opp. Men det kan også skje seinare dersom du bruker meir eller sterkare tobakk enn kroppen din er van med.
Nikotin kan påverka utviklinga av hjernen
Bruk av nikotin i barne- og ungdomstida kan påverka utviklinga av hjernen, som ikkje er ferdigutvikla før i midten av 20-åra, ifølgje rapportar frå FHI (fhi.no).
Nikotinbruk over tid kan mellom anna ha negativ effekt på dei områda i hjernen som styrer
- merksemd
- læring
- impulskontroll
Korleis dette gjer seg til uttrykk hos den enkelte finst det ikkje nok forsking om enno.
Gravide og ammande bør unngå nikotin
Nikotin er spesielt uheldig for gravide. Når blodårane i morkaka og livmora trekkjer seg saman, så gir det mindre oksygen og næring til babyen i magen.
Det beste er å unngå røyk og snus når du ammar fordi nikotin går over i morsmjølka. Sjølv om du ikkje klarer å slutte heilt, er det likevel gunstig å amme, og du kan følgje nokre råd for å redusere nikotinen i mjølka.
Nikotinabstinensar
Dersom du røyker eller snuser fleire gonger, vil påskjøningssystemet bli van med at du tilfører kroppen nikotin, og du vil kjenne på ubehag (abstinensplager) dersom du ikkje gjev systemet nikotin som vanleg. Mange vil røyke eller snuse for å unngå dette ubehaget. Etter kvart har dei fleste lyst på nikotin fordi dei er avhengige, og ikkje berre fordi det gir velvære.
Det er derfor heilt normalt med både små og store abstinensplager når du skal slutte med snus eller røyk. Dei vanlegaste abstinensplagene er:
- uro
- svimmelheit
- lett kvalme
- konsentrasjonsvanskar
- irritabilitet
- å kjenne seg nedfor
- sug etter røyk eller snus
Andre abstinensplager kan vere
- hjartebank
- kaldsveitte
- hovudverk
Plagene går gradvis over og er som regel borte om lag fire veker etter at du har slutta. Det kan ta lengre tid å bli kvitt det saknet du opplever i situasjonar du forbind med røyk og snus. Døme kan vere etter at du har ete eller at du er saman med nokon du pleidde å ta ein røyk med.
Legemiddel til røykeslutt kan redusere ubehaget og abstinensplagene slik at du kan konsentrere deg om å bryte innlærte vanar knytt til røyk eller snus.
Nikotinavhengnad
Sjølv om du er heilt bestemt på å slutte å røyke eller snuse, kan du likevel kjenne trong til å halde fram. Nikotinsuget og behovet for å røyke eller snuse er eit sikkert teikn på avhengnad.
Niktoinavhengnad kan oppstå raskt. Kor fort du blir avhengig av tobakk, kan handle om korleis du er sett saman genetisk. Å prøve tobakk i ung alder aukar faren for å utvikle avhengnad.
Nikotinavhengnad blir opplevd ulikt
Alle vil oppleve nikotinavhengnad ulikt. Også dei som berre røyker eller snuser av og til, kan få teikn på avhengnad.
Avhengnad kan kjennast ut som om kroppen din og tankane dine styrer deg mot å ta ein røyk eller snus. For somme er nikotinavhengnaden så sterk at dei ikkje kan tenke på noko anna eller gjere noko anna før dei har fått den første røyken eller snusen om morgonen. Andre merkar ikkje at dei er avhengige før dei prøver å slutte.