Informasjon til deg som er unnfanga ved hjelp av ein donor

Dersom du veit eller lurer på om du blei til ved hjelp av sæd eller egg frå ein donor, har du sikkert mange spørsmål. Her kan du få informasjon og svar på nokre av dei.

Dine rettar når du er unnfanga ved hjelp av ein donor

Barn fødd ved hjelp av behandling med donorsæd eller donoregg har rett til å vite korleis dei vart til. Derfor kan ikkje egg- og sæddonorar vere anonyme.

Du har rett til å få informasjon om identiteten til donoren din dersom 

  • Foreldra dine har fått behandling med donorsæd på ein klinikk i Noreg etter 1. januar 2005. 
  • Du har fylt 18 år.

Du må logge deg på Egg- og sæddonorregisteret for å få informasjon om donoren din (lenke).

Informasjon om donorane blir lagra i registeret i minst 100 år. Du kan søke etter informasjon i registeret etter at du har fylt 18 år, og gjennom heile livet.

Før 2005 var det lov å bruke anonyme donorar. Dersom foreldra dine har fått behandling med donorsæd før 1. januar 2005, vil det ikkje vere informasjon om donoren din i registeret. Registeret har heller ikkje informasjon om donoren viss foreldra dine har fått  behandling med donorsæd eller donoregg i utlandet.

Dersom du vart unnfanga ved hjelp av donorsæd etter 2005, har foreldra dine fått informasjon om kor viktig det er å fortelje deg om dette. Frå 2021 har foreldre som får barn ved hjelp av ein donor plikt til å fortelje barnet om dette.

Frå 2036 kan personar som har fylt 15 år få informasjon frå registeret.

Informasjon om sæddonor i registeret

Viss donorsæden kjem frå ein norsk sædbank, kan du få informasjon om  

  • namnet til donor 
  • fødselsdato 
  • personnummer

Viss klinikken i Noreg har nytta donorsæd frå ein utanlandsk sædbank, kan du få informasjon om  

  • namnet til donor 
  • donors fødselsdato  
  • personnummer eller anna unik identifikator 
  • kva for land donor kjem frå 
  • namnet på utanlandsk sædbank som har levert sæden

Dersom du får utlevert donoren sitt personnummer, er det viktig å vere merksam på at dette er konfidensiell informasjon som du ikkje skal gi vidare til andre.

Kvifor registere donorane?

Formålet med registreringa av donorane sin identitet er at personar som er fødde med assistert befruktning ved hjelp av donorsæd eller donoregg, skal ha høve til å få opplysningar om donoren og sitt biologiske opphav. Lova gir deg ikkje rett til informasjon om andre barn som er fødde ved hjelp av sæd eller egg frå den same donoren.

Informasjon om eggdonor i registeret 

Viss behandling med eggdonasjon er utført i Noreg, vil registeret ha informasjon om identiteten til eggdonoren som er brukt. Eggdonasjon til par blei lovleg i Noreg i 2021. Personar som er blitt til ved hjelp av behandling med eggdonasjon, kan få informasjon om donor når dei har fylt 15 år.

Dette bør du tenkje gjennom før du søker informasjon

  • Kva slags forventingar har du?  
  • Har du nokon du kan snakke med når du har fått svar? Det kan vere familie, vener eller fastlege. 
  • Korleis vil du reagere på informasjonen du får? 
  • Dersom du har søsken, kan dei ha blitt til ved hjelp av den same donoren. Søskena dine har også rett til å velje om dei vil ha informasjon om donoren eller ikkje. Korleis vil du handtere det?  
  • Ønskjer du å ta kontakt med donoren, er det viktig at du er klar over at hen ikkje har plikt til å svare deg.  
  • I nokre tilfelle kan donoren vere ein person du kjenner til. 
  • Du kan få informasjon om at donoren din er død. Kva tenkjer du om det?

Kva betyr det å vere donor?

  • Donoren har donert sædceller eller egg for å hjelpe personar som ikkje kan få barn på annan måte.  
  • Donoren veit ikkje om det er født barn etter bruk av sæden eller egget som hen har donert. Hen har ikkje rett til informasjon om deg eller foreldra dine.    
  • Donoren har sagt ja til at barna som er født får informasjon om hen sin identitet, og hen har sagt ja til å bli kontakta dersom barna ønskjer det. Hen har ikkje forplikta seg til å svare. 
  • Donoren blir ikkje varsla om at du har fått informasjon om identiteten.  
  • Det er berre personar som er fødde med hjelp av  donorsæd eller donoregg som har rett til å få vite identiteten til sin donor. 
  • Donoren har ingen juridiske plikter overfor deg. Du har for eksempel ikkje rett til arv frå hen.   
  • Donor må fortelje legen på klinikken om eiga helse, og om det er arveleg sjukdom i familien. Viss klinikken kommer til at det er fare for at donor kan ha eller vere berar av ein alvorleg arveleg sjukdom, kan hen ikkje bli donor.

Kven kan du kontakte dersom du har spørsmål?

Helsedirektoratet har ein eigen postboks (esdr@helsedir.no) som du kan bruke dersom du har spørsmål eller treng rettleiing. Vi gjer merksam på at dette er ei generell rettleiingsteneste for alle som ønsker informasjon om egg- og sæddonorregisteret. Du må ikkje skrive personsensitiv informasjon i ein e-post til denne e-postadressa.

Logg deg inn for å søke i registret

Logg inn på Helsenorge

For å få informasjon i registeret, må du logge deg inn med fødselsnummer og bank-ID. Du finn Egg- og sæddonorregisteret under helseregistre.

Hvis du ikkje har BankID, kan du logge deg inn på nettstaden til Altinn via ID-porten, og fylle ut eit skjema der.

Du kan lese meir om dine rettar på nettstaden til Helsedirektoratet

Treng du nokon å prate med?

Dersom du ønskjer å snakke med nokon andre enn familie og venner, er det fleire moglegheiter.

Fastlegen

Dei fleste fastlegar er spesialistar i allmennmedisin. Dersom du treng hjelp frå psykolog eller anna spesialist, kan fastlegen sende tilvising til den aktuelle tenesta.

Rask psykisk helsehjelp 

Dette er eit kommunalt lågterskeltilbod for vaksne over 18 år med for eksempel angst eller mildare/moderate depresjonar. Nokre kommunar har tilbod for personar over 16 år. Tenesta er gratis og gir direkte hjelp utan tilvising frå lege. Det er i dag om lag 70 kommunar og bydelar som har etablert eit slikt tilbod. Les meir om tilbodet deira.  

Helsestasjon og skulehelseteneste 

Helsestasjonar og skulehelsetenesta er eit gratis tilbod for alle barn og unge (0-20 år). På helsestasjonane er det ofte fleire faggrupper som jobbar saman,  og dei har også samarbeid med ulike delar av den kommunale helsetenesta. 

Familiens hus 

Denne tenesta er etablert i om lag halvparten av kommunane i landet. Familiens hus skal vere eit samordna tilbod med førebyggjande tiltak for barn, unge og familiar. Du kan søkje på heimesida til heimstadkommunen din for å sjå om tilbodet finns der du bur. Les meir om tilbodet deira

Mental helse sin hjelpetelefon

Telefonnummer: 116123. Dette er ein gratis og døgnopen telefonteneste for alle som trenger nokon å snakke med. Du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Dei er opne alle dagar, også på heilagdagar. Les meir om tilbodet her.

Kontakt med andre som har blitt til ved hjelp av ein donor  

Det finnes fleire nettstader der du kan finne god informasjon. På fleire av nettstadene deler personar som har blitt til ved hjelp av ein donor historiene sine.

Foreningen for donorunnfangede i Norge (DUIN.no) skal gi informasjon og vere eit ressurssenter for donorunnfanga personar i Noreg.

Scandinavian Seed Siblings er eit nettverk for personar som har blitt til ved hjelp av donoregg eller donorsæd i dei nordiske landa. Dei opnar òg for at foreldre og nordiske sæddonorar kan vere medlemmar.  

Donor Sibling Registry  og Donor Conception Network er internasjonale nettverk.      

Kan det være feil i registeret?  

Det er klinikken som har behandla foreldra dine som skal registrere opplysningar om donor, og sikre at opplysningane er korrekte. Dei må også registrere mor sitt fødselsnummer og dato for behandlinga. Dette skal gi korrekt informasjon om kven som er din donor. Helsedirektoratet har etablert ei elektronisk løysning for å registrere opplysningane, slik at   verksemdene kan følgje krava om registrering. 

Helsedirektoratet har laga rundskriv som fortel kva plikter verksemdene har, og korleis dei skal utføre registreringa.  Det er lagt inn mekanismar i løysninga som skal hindre feilregistrering. Det er likevel ikkje 100 prosent sikring mot at klinikkane kan gjere feil. Dersom klinikkane oppdagar feil, kan Helsedirektoratet bidra med å rette opp.

Nyttige nettstader

Familievernet- Familiehjelpen for alle. Her finn du kontaktinformasjon til næraste familievernkontor.

Ung.no. Offentleg og kvalitetssikra informasjon for ungdom. 

Bioteknologirådets temaside om assistert befruktning

We are donor conceived. Nettstad for og om barn unnfanga ved hjelp av donor.   

Psykologforeningen.no - Treng du nokon å snakke med? Nettstaden har ei oversikt over aktuelle nettstader og hjelpetelefonar.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Informasjon til deg som er unnfanga ved hjelp av ein donor. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 22. november 2023 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/unnfanga-med-donor/

Sist oppdatert onsdag 22. november 2023