Praktisk bistand kan dessutan omfatte opplæring, slik at du i tillegg til personleg assistanse òg får hjelp til å meistre gjeremål i kvardagen.
Døme på praktisk bistand kan vere
- hjelp til å handle mat
- matlaging
- vask av klede og bustad
- snømåking
- hjelp til eigenomsorg
Bistand til, og opplæring i, personleg stell og eigenomsorg skal vere gratis. For annan praktisk bistand og anna opplæring kan kommunen ta ein eigenandel.
Kven kan få praktisk bistand?
Du har rett til praktisk bistand dersom du er avhengig av hjelp til eigenomsorg eller til å klare gjeremål i kvardagen. Når du søker om tenesta, vil kommunen vurdere kva du kan gjere sjølv, og kva du treng hjelp til.
Korleis søker du om praktisk bistand?
Dersom du har behov for praktisk bistand, kan du søke kommunen om dette. Du bør vere tydeleg og detaljert når du beskriv kva du treng hjelp til. Du bør òg beskrive årsaka til hjelpebehovet.
Informasjon om søknadsprosessen finn du på nettsidene til kommunen du bur i, eller ved å ta kontakt med kommunen. Ta kontakt med kommunen din om du treng meir informasjon eller rettleiing.
Når du har søkt, har kommunen plikt til å gi deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak), enten du får innvilga praktisk bistand eller ikkje. Vedtaket skal grunngjevast og innehalde informasjon om klagerett og klagefrist.
Du kan klage på vedtaket
Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage.
Klaga sender du til kommunen, som skal vurdere saka på ny. Dersom kommunen ikkje tek klaga til følge, blir saka send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Det er pasient- og brukarombod i alle fylke. Du kan ta kontakt med pasient- og brukarombodet dersom du har behov for råd, rettleiing og informasjon om rettar som brukar eller pårørande.
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
Føremålet med BPA er å gje personar med stort hjelpebehov større fridom til å styre tenestene og kvardagen sjølv.
Pasient- og brukarombodet
Pasient- og brukarombodet arbeider for å ivareta pasientens og brukarens behov, interesser og rettssikkerheit. I tillegg skal dei bidra til å betre kvaliteten i tenestene.