Endring av juridisk kjønn

Lov om endring av juridisk kjønn inneber at du, basert på eiga oppleving av kjønn og kjønnsidentitet, får bestemme kva for eit juridisk kjønn som skal kome fram av folkeregisteret og personnummeret.

Vedtak om endring av juridisk kjønnsstatus

Det er skattekontoret som gjer vedtak om endring av juridisk kjønnsstatus og som tildeler nytt fødselsnummer i folkeregisteret. Heimelen for dette finst i folkeregisterforskrifta § 2-2. Det tredje siste sifferet i fødselsnummeret opplyser om du er registrert som kvinne eller mann i folkeregisteret. 

Personar som har fylt 16 år søker sjølv om å få endre det juridiske kjønnet sitt. Barn og unge mellom 6 og 16 år må søke saman med foreldra sine. Dersom berre éin av foreldra samtykker, kan Statsforvaltaren i Viken likevel innvilge søknad om å endre juridisk kjønn dersom dette er til barnets beste. Om du får avslag er det mogleg å klage til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus (helseklage.no). 

Barn under 6 år kan berre få endra juridisk kjønn om dei har ein medfødd usikker somatisk kjønnsutvikling. Tilstanden må dokumenterast av helsepersonell. 

Den 1. januar 2017 trådde ei eiga forskrift om endring av juridisk kjønn for norske statsborgarar busett i utlandet i kraft (lovdata.no). I forskriftas § 1 er det bestemt at norske statsborgarar som er busette i utlandet, har rett til å få endra det juridiske kjønnet sitt etter reglane i lov 17. juni 2016 nr. 46 om endring av juridisk kjønn (lovdata.no). 

Føresetnaden for at norske statsborgarar som bur i utlandet skal kunne søke om endring av juridisk kjønn, er at du er registrert i folkeregisteret med fødselsnummer. 

Informasjon og rettleiing

Du har rett til god informasjon og rettleiing frå det offentlege om konsekvensane av og framgangsmåten for å endre juridisk kjønn. Du avgjer sjølv kva du treng av informasjon og eventuell rettleiing. For somme vil det vere naturleg å søke råd hos helse- og sosialpersonell, for andre vil til dømes Skatteetaten (folkeregistermyndigheita) vere ein naturleg stad å vende seg med spørsmål. 

Det finst fleire brukar- og interesseorganisasjonar som kan vere aktuelle å kontakte: 

Praktisk informasjon og konsekvensar

Praktisk informasjon om endring av juridisk kjønn

  • For å endre juridisk kjønn i folkeregisteret må du sende søknad til folkeregistermyndigheitene. Søknadspapir får du ved å vende deg til Skatteetaten. 
  • Søknadspapira du får frå Skatteetaten, vil innehalde nærmare informasjon om vilkår for endring og sjølve søknadsprosessen. Informasjonen og rettleiinga er meint for at du lettare skal kunne legge opp ein plan for enkelte av dei praktiske konsekvensane ved å endre juridisk kjønnsstatus i folkeregisteret. 
  • Du må returnere ein svarslipp for å bekrefte søknaden og du bestemmer sjølv når du ønsker å bekrefte han. 
  • Når skattekontoret har fått ei slik bekrefting vil det bli registeret eit nytt personnummer for deg i folkeregisteret. Då vil du i løpet av 2 til 3 veker få eit brev med det nye personnummeret til din folkeregistrerte adresse. 

Namneendring og endring av personnummer: 

  • Endring av namn og endring av personnummer er to ulike prosessar. Retten til endring av namn er heimla i namnelova og endring av personnummer er heimla i lov om folkeregistrering. 
  • Enten du berre bytter namn eller både namn og personnummer er det ein del praktiske ting som ikkje går automatisk, men som krev at du sjølv må vende deg til ulike instansar for å få endra opplysningane som er registrerte om deg. 
  • ID-papir/legitimasjon som er knytt til personnummeret ditt må du sjølv sørge for å få skrive ut på nytt. Døme på dette er pass, førarkort og bankkort. Politiet skriv ut pass, vegkontoret i kommunen skriv ut førarkort og banken din skriv ut nytt bankkort. 
  • Når du har fått nytt personnummer, blir den tidlegare brukarprofilen din ved ID-porten automatisk stengd. Dersom du har BankID, må du derfor kontakte banken din for å skrive ut ny BankID. Brukar du annan eID, som Commfides eller Buypass, må desse kontaktast. Om du brukar MinID, kan du få eit nytt aktiveringsbrev her. MinID brukar ikkje lenger PIN-kode. 

Registeropplysningar

  • Når ein person får eit nytt personnummer blir det nye og det tidlegare nummeret kopla saman i folkeregisteret. Opplysningane frå det tidlegare personnummeret blir overført til det nye nummeret der nye opplysningar framover vil bli registrerte. 
  • Ein del offentlege register blir samkøyrt med / får data automatisk frå folkeregisteret, men for å sikre at gamle og nye nummer blir korrekt samankopla må dette nokon gongar gjerast manuelt. 

Døme på register som blir samkøyrde med folkeregisteret: 

  • Nav og Helfo 
  • Utlendingsregisteret/UDI 
  • Sjukehus 
  • Politi 

Døme på register som ikkje blir samkøyrde med folkeregisteret: 

  • Private medlemsregister (lag og foreiningar, interesseorganisasjonar) 
  • Arbeidsgivars register 
  • Bank og forsikring (her er det nokre unntak) 
  • Enkelte studiestadar 

Helse

For enkelte masseundersøkingar som mammografiscreening og screening for livmorhalskreft vil innkalling berre bli send til dei som er registrerte som juridisk kvinne i folkeregisteret. Etter endring av juridisk kjønn vil det derfor vere lurt å gjere ein grundig gjennomgang av behov for helsehjelp, til dømes i saman med fastlegen.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Endring av juridisk kjønn. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 28. april 2023 [henta fredag 8. august 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/endring-av-juridisk-kjonn/

Sist oppdatert fredag 28. april 2023