Din rett til å klage på vedtak frå Helfo

Dersom du får heilt eller delvis avslag på søknad om refusjon eller stønad frå Helfo, kan du klage på vedtaket.

Kva skjer når du søker

Når du sender Helfo ein søknad, får du eit automatisk SMS-varsel innan to yrkedagar. Du vil også få eit SMS-varsel dersom behandlaren din søker på vegner av deg.

Dersom du ikkje har motteke vedtaket, og lurer på kvar saka di står, kan du kontakte Rettleiing Helsenorge på 23 32 70 00.

Klage på vedtak frå Helfo

Dersom du har fått eit vedtak frå Helfo, og er usamd, kan du klage på vedtaket.

Du kan klage på vedtak frå Helfo dersom du har fått heilt eller delvis avslag på eksempelvis søknader om refusjon/stønad til

  • helseutgifter i Noreg
  • helseutgifter i EU/EØS-området eller Sveits
  • helseutgifter utanfor EU/EØS-området eller Sveits

Klage på vedtak om Europeisk helsetrygdkort

Dersom du har spørsmål til avgjerda som gjeld søknad om Europeisk helsetrygdkort, kan du ta kontakt med Rettleiing Helsenorge på tlf. 23 32 70 00.

Kven kan klage på Helfos vedtak?

I utgangspunktet er det du som mottakar av vedtaket som kan klage. Andre kan klage på vegner av deg, dersom dei har fullmakt frå deg. Fullmaktshavar som ikkje er advokat, skal legge fram ei skriftleg fullmakt.

Er du verje, kan du klage på vegner av den du er verje for. Du må legge ved dokumentasjon på verjemål i søknaden til Helfo.

Du kan klage på vegner av barn du har foreldreansvar for fram til dei har fylt 18 år.

Du skal varsle Helfo i søknaden eller klaga dersom du er representert av fullmaktshavar eller verje. Fullmaktshavar eller verje skal opptre med eige namn, og ikkje bruke elektronisk identitetsbevis som tilhøyrer personen ho/han opptrer på vegner av.

Frist for å klage på Helfos vedtak

Fristen for å klage til Helfo er som hovudregel seks – 6 – veker frå då du fekk vedtaket.

Helfo gjer nokre vedtak etter andre lover enn folketrygdlova. For eksempel vedtak om sakskostnader. Slike vedtak går inn under klagefristen i forvaltningslova. Klagefristen etter forvaltningslova er tre – 3 – veker.

Send klage digitalt til Helfo

Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema, finner du her.

Papirskjema

Vårt digitale skjema sikrar at personopplysningane dine ikkje er synlege for uvedkomande. Dersom du ikkje har høve til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn

Husk å skrive under på klaga, og send ho til Helfo per post. Klaga kan ikkje sendast med e-post.

Klaga skal sendast til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg. Fristen for å klage på Helfos vedtak etter folketrygdlova er 6 veker frå du fekk vedtaket.

Helfo gjer nokre vedtak etter andre lover enn folketrygdlova. For eksempel vedtak om sakskostnader. Slike vedtak går inn under klagefristen i forvaltningslova. Klagefristen etter forvaltningslova er 3 veker.

Korleis er klagebehandlinga?

Kva skjer når du klagar på ei sak som er behandla av Helfo?

  • Når du klagar, vil avdelinga i Helfo som gjorde vedtaket også vurdere saka di på nytt.
  • Dersom klaga ikkje fører til eit anna resultat, sender Helfo klaga vidare til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta
  • Når klagesaka blir sendt til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, sender Helfo deg deira framstilling av saka. Dersom du har merknader til saka, kan du sende dei direkte til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Den raskaste og sikraste måten å sende merknadar på, er via brukarportalen Mi side eller DigiPost. (Merk: Du kan ikkje sende personopplysningar og helseopplysningar på e-post.).
  • Nasjonalt klageorgan for helsetenesta vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket til Helfo. Klagesaka vert vurdert av helsefagleg sakkunnig dersom det er naudsynt. 
  • Når Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har fatta vedtak i klagesaka di, sender dei det til deg eller din representant. Dersom dei gjer om vedtaket, sender dei saka di attende til Helfo for utbetaling eller igangsetting.

Kan eg anke til Trygderetten?

Dersom du får heilt eller delvis avslag i klagesaka di hjå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, kan du i dei fleste saker som gjeld refusjon av behandlingsutgifter frå Helfo til pasient, anke til Trygderetten. Det står i vedtaket dersom du kan anke. Fristen for å anke er seks – 6 – veker frå du får vedtaket.  

Du kan anke via Mi side. Bruk skjemaet «Anke vedtak til Trygderetten».  

Korleis er ankebehandlinga? 

  • Ved ei anke, blir saka di vurdert på nytt av Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.  
  • Dersom anka ikkje fører til et anna resultat, blir saka oversendt til Trygderetten for ankebehandling.  
  • Før saka blir sendt til Trygderetten, får du ei framstilling av den med frist til å sende merknadar til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. 
  • Når saka er sendt til Trygderetten, må du sende eventuelle merknader dit. 

Les meir om anke til Trygderetten på nettsida til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta

Kan eg prøve klagesaka for retten? 

Alle vedtak frå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta kan prøvast for retten, men enkelte vedtak må ankast til Trygderetten.  

Les meir om søksmål på nettsida til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. 

Aktuelt regelverk når du klagar

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Din rett til å klage på vedtak frå Helfo. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 2. oktober 2023 [henta onsdag 24. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/klage-og-erstatning/din-rett-til-aa-klage-paa-vedtak-fra-helfo/

Sist oppdatert måndag 2. oktober 2023