Automatisert saksbehandling i Helfo

Du kan ha motteke eit brev frå Helfo der det står at brevet er eit resultat av automatisert saksbehandling.

Sakene som blir behandla automatisk, blir behandla på grunnlag av gjeldande regelverk og dei personopplysingane vi har om deg. Med personopplysingar meiner vi alle opplysingar som kan identifisere deg som person.

Helfo behandlar berre saker automatisk dersom eitt av følgande er tilfelle:

  • Regelverket gir Helfo lov til å behandle saker automatisk.
  • Du har gitt samtykke til at saka di kan behandlast automatisk.
  • Det kjem rettsinformasjon frå eit anna EØS-land som Helfo skal informere deg om.

Når ei sak blir behandla automatisk, kan informasjonen kome frå Helfos eigne register. For eksempel vil informasjon du fyller ut når du sender ein søknad elektronisk til Helfo, bli lagra. Informasjonen kan også kome frå offentlege register, som Folkeregisteret.

Helfo må følge personopplysingslova, forvaltningslova, arkivlova og offentleglova, slik at alle personopplysingar blir behandla på ein lovleg måte. Vi skal ikkje hente fleire opplysingar om deg enn det som er nødvendig.

Meir informasjon

Her kan du lese meir om Helfos bruk av personopplysingar i saksbehandlinga:

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Automatisert saksbehandling i Helfo. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 1. mars 2024 [henta torsdag 25. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/automatisk-saksbehandling-i-helfo/

Sist oppdatert fredag 1. mars 2024