Behandlinga er aktuell når ein person står i fare for å bli steril av medisinske årsaker, for eksempel ved kreftbehandling. I desse tilfella kan det være aktuelt å hauste sæd for å forsøke å få barn ein gang i framtida. Denne behandlinga vert sett på som ledd i ei seinare infertilitetsbehandling.
For å få støtte til behandlinga må utgiftene dine først komme opp i 21 508 kroner, som er eigenbetalingssummen per 1. januar 2026. Eigenbetalingssummen blir regulert kvart år. Denne pasientbetalinga er den same som ved bidrag til legemiddel ved infertilitetsbehandling.
Du kan få bidrag uavhengig av kor du gjennomfører behandlinga, og det betyr ikkje noko om behandlinga gjennomførast offentleg eller privat.
Eigenbetalinga i samband med hausting av sæd er ikkje ein del av ordninga med frikort for helsetenester!
Kva kan du få støtte til?
Du kan få støtte til
- hormonpreparat og preparat som direkte eller indirekte påverkar kjønnshormon og forplantningsevne
Utgifter til sprøyter og kanylar reknast som en del av legemiddelutgiftene til infertilitetsbehandlinga. Sjå også rundskrivet til folketrygdloven § 5-22, infertilitetsbehandling og PGD-behandling.
Husk dokumentasjon
Legen eller sjukehusavdelinga må skrive ei erklæring om at medisinske årsaker gjer det nødvendig å hauste sæd for framtidig barneønske. Du må sende erklæringa til Helfo, saman med dokumentasjon på utgiftene dine.
Ta vare på kvitteringane frå kjøp av preparata. Eigenbetalinga di i samband med hausting av sæd kan seinare vurderast som grunnlag for bidrag i ei infertilitetsbehandling.
Send søknad til Helfo
Du treng spesifiserte kvitteringar (eller apoteklister) som vedlegg. Desse må innehalde
- pasientens namn
- legemiddelets namn
- pris på legemidlane
- kjøpsdato
- namnet på lege som skriv ut resept
- legen fyller ut skjemaet «Behandlingsbekreftelse ved uttak av sæd av medisinske årsaker » som ligger på helfo.no
Dersom du/de ikkje kan bruke vårt digitale skjema, kan du/de i staden fylle ut
Send inn skjemaet samen med originale, spesifiserte kvitteringer til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Saksbehandlingstid for refusjon av helseutgifter og svar på søknad
Saksbehandlingstida i Helfo for søknad om refusjon av helseutgifter er normalt inntil 8 veker.
Helfo sender deg vedtak som gjeld saka di til innboksen din på Helsenorge (eller i di digitale postkasse, om du heller bruker Digipost eller e-Boks). Om du ikkje bruker digitale løysningar, sender vi post til den folkeregistrerte adressa di.
Fullmakt ved kontakt med Helfo
Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.
Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.
Ettersending av dokumentasjon
Du må legge ved alle nødvendige opplysningar når du sender inn søknaden. Då behandlar Helfo saka di så raskt vi kan.
- Har Helfo har bedt deg ettersende dokumentasjon, eller har du har gløymt å sende oss viktige opplysningar? Send kvitteringar, erklæringar, fullmakter eller liknande via lenka under.
- Det er svært viktig at du fyller inn i Altinn saksnummeret til di eksisterande sak. Då kan vi behandle saka di raskare. Saksnummeret kan for eksempel sjå slik ut: «26/0000».