Ridefysioterapi

Helfo gir bidrag til ridefysioterapi (terapiriding hos fysioterapeut) når visse vilkår er oppfylte.

Foto: Morten Rakke / Helfo

​Dette gjeld personar med medfødd eller erverva sjukdom/funksjonshemming som gir rørsle-, balanse- og/eller koordineringsvanskar, eller personar med ei fysisk eller psykisk funksjonshemming som gjer at vanlege aktivitetar ikkje gir ein rimeleg grad av fysisk utfolding.

Ridefysioterapien må vere viktig som erstatning for eller eit supplement til tradisjonell fysioterapi.

Vilkår for å få refundert utgifter til ridefysioterapi

Du må ha tilvising frå lege, manuellterapeut eller kiropraktor. Ein av desse behandlarane må fylle ut skjemaet «Tilvising til fysioterapi (05-08.05)».

Tilvisinga skal leverast til fysioterapeuten som tilbyr ridefysioterapi. Det er fysioterapeuten som vurderer om vilkåra for å få bidrag er oppfylte.

Ridefysioterapien må skje ved ein godkjend ridestad under leiing av ein fysioterapeut.

Det kan givast bidrag til maksimalt 30 behandlingar per kalenderår. Per 1. juli 2016 utgjer bidraget inntil 292 kroner per behandling.

Du kan måtte betale ekstra for leige av hest og stall. Dette får du ikkje dekt av Helfo.

Send søknad digitalt til Helfo

Dei fleste fysioterapeutar har avtale med Helfo om direkteoppgjer. Dersom fysioterapeuten ikkje har ein slik avtale, må du betale for behandlinga og sende kvitteringa til Helfo seinast 30. juni året etter at behandlinga blei gjennomført.

Du kan søkje om å få refundert utgiftene ved å bruke eit digitalt skjema. Les om digitalt skjema her.

For å få dekt utgiftene dine må du leggje ved

  • rekning frå ridefysioterapeut
  • tilvising til ridefysioterapeut
  • kvittering/dokumentasjon på at rekninga er betalt

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn rekning frå fysioterapeut saman med tilvising til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Du kan og få dekka utgifter til reisa

Helfo dekkjer òg reiseutgiftene til og frå ridefysioterapeuten. Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter at behandlinga blei gjennomført.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om kva utgifter som kan dekkast i samband med reisa på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og nokre rekreasjonsopphald»

Du kan sende inn digitalt skjema for utgifter til ridefysioterapi og reise.

Fullmakt ved Helfo-henvendelser