Behandling hos ortoptist

Helfo kan dekkje delar av utgiftene dine til undersøking og behandling hos ortoptist.

Kvinne får sjekket øynene sine hos ortoptist.

Diagnosar hos ortoptist

Ortoptisten diagnostiserer, førebyggjer og behandlar

  • samsynsproblem
  • dobbeltsyn
  • nedsett syn
  • skjeling
  • lesevanskar

Ortoptisten vurderer òg pasientar med lammingar i augemusklane.

For at du skal ha rett til stønad frå folketrygden til behandlinga, må ortoptisten ha avtale om direkte oppgjer med Helfo. Du må forsikre deg om dette før undersøking og behandling startar. Ortoptisten har plikt til å informere deg som pasient dersom han/ho ikkje har direkte oppgjer med Helfo, slik at du får vite, før behandlinga startar, om du må betale heile regninga sjølv. Denne plikta følgjer av helsepersonelloven paragraf 6. 

Tilvising til ortoptist

For at du skal få dekt delar av utgiftene, må du ha tilvising frå ein lege som er spesialist i augesjukdomar.

Tilvisinga gjeld så lenge behandlingsbehovet er til stades. Du må ha ny tilvising ved ny diagnose eller om det kjem nye viktige opplysningar.

Betaling hos ortoptist

Frå 1. januar 2021 er det innført plikt til direkte oppgjer for behandlarar. Med direkte oppgjer blir stønaden utbetalt direkte til ortoptisten, slik at du kun må stå for eigenbetalinga. 

Ortoptistane avgjer sjølv prisen på tenestene dei tilbyr. Stønaden vil derfor berre dekkje ein del av det du har betalt.

 

 
Støtte til behandling hos ortoptist Sats per behandling
Vaksne og barn over 12 år 269 kroner
Barn under 12 år 457 kroner

Du må sjølv forsikre deg om at behandlaren din har direkte oppgjer, for at du eventuelt skal få stønad til behandlinga frå 2021. Behandlarar som har direkte oppgjer, sender refusjonskrav til Helfo på vegne av pasientane i dei tilfella der pasienten har rett til stønad.

For behandling utført før 1. januar 2021, kan du ha rett til stønad til behandling hos ein ortoptist som ikkje har direkte oppgjer med Helfo. I desse tilfella kan du søkje Helfo om stønad digitalt. 

Utgifter til ortoptist tel ikkje med i frikortordninga. 

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Behandling hos ortoptist. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert laurdag 1. juli 2023 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/stonad-til-behandling-hos-ortoptist/

Sist oppdatert laurdag 1. juli 2023