Behandling hos ortoptist

Helfo kan dekkje delar av utgiftene dine til undersøking og behandling hos ortoptist.

Kvinne får sjekket øynene sine hos ortoptist.
Foto: Helfo / Morten Rakke
For at du skal få dekt delar av utgiftene, må du ha tilvising frå ein lege som er spesialist i augesjukdomar.

Diagnosar hos ortoptist

Ortoptisten diagnostiserer, førebyggjer og behandlar

  • samsynsproblem
  • dobbeltsyn
  • nedsett syn
  • skjeling
  • lesevanskar

Ortoptisten vurderer òg pasientar med lammingar i augemusklane.

Tilvising til ortoptist

For at du skal få dekt delar av utgiftene, må du ha tilvising frå ein lege som er spesialist i augesjukdomar.

Tilvisinga gjeld så lenge behandlingsbehovet er til stades. Du må ha ny tilvising ved ny diagnose eller om det kjem nye viktige opplysningar.

Korleis søkjer du om ortoptistrefusjon?

Du må sende ein søknad til Helfo seinast innan seks – 6 – månader etter kvar enkelt behandlingsdato.

Dette må du fylle ut og sende til Helfo: 

​«Søknad om dekning av utgifter til behandling hos ortoptist (05-10.09)» Bokmål | Nynorsk

Helfo treng i tillegg

  • tilvising til ortoptist
  • originale kvitteringar

 

I skjemaet skal du fylle ut punkt 1 «Pasientopplysningar».

Ortoptisten skal fylle ut punkt 2 «Opplysningar frå ortoptist» og 3 «Underskrift».

Send ferdig fylt ut søknad til: Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg

Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei til Helfo.

Behandling hos ortoptist er ikkje omfatta av nokon av frikortordningane.

PS: Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.

Slik fyller du ut skjemaet:

  • Fyll ut skjemaet med svart eller mørk blå penn.
  • Bruk skjemaet som framside med vedlegg/kvitteringar bak.
  • Fest eventuelle vedlegg/kvitteringar med binders. Ikkje bruk lim, teip eller stiftar.
  • Kvitteringane må vere originale og leselege.
  • Skriv under med namnet ditt.

 

Kva får du dekt?

Ortoptistane avgjer sjølv prisen på tenestene dei tilbyr. Stønaden vil derfor berre dekkje ein del av det du har betalt.
 
Støtte til behandling hos ortoptistSats per behandling
Voksne og barn over 12 år225 kroner
Barn under 12 år382 kroner
 

Utgifter til ortoptist tel ikkje med i frikortordningane (eigendelstak 1 eller eigendelstak 2).

Sakshandsamingstid

Sakshandsamingstida hos Helfo er ca.2 veker.