Dekning av madrass- og puteovertrekk

Helfo kan delvis dekkje utgifter til madrassovertrekk og puteovertrekk.

Madrass- og puteovertrekk kan delvis dekkes av HELFO for barn og unge under 16 år med middallergi.

Barn og ungdom under 16 år med dokumentert middallergi kan få dekt utgifter til madrass- og puteovertrekk.

Kva blir dekt av utgifter til madrass- og puteovertrekk?

Helfo dekkjer utgifter til madrass- og puteovertrekk med inntil 1682 kroner (inklusive meirverdiavgift) for madrassovertrekk og med inntil 343 kroner (inklusive meirverdiavgift) for puteovertrekk. Utgiftene blir berre dekte éin gong.

Overtrekka må vere tilrådde av Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF).

Behovet for madrass- og puteovertrekk må dokumenterast gjennom utsegn eller epikrise frå spesialist i barnesjukdomar, lungesjukdomar, øyre- nase- halssjukdommar, indremedisin eller hudsjukdommar, eller ved å sende inn ei utsegn eller epikrise frå spesialist i allmennmedisin som har godkjenning til å bruke takst for allergologisk utgreiing. Det må gå fram av utsegna at du har middallergi.

Du må sjølv betale for madrass- og puteovertrekket og deretter krevje å få utgiftene refundert frå Helfo.

Når søknaden er handsama, får barnet eit vedtak frå Helfo i posten.

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om dekning av utgifter til madrass- og puteovertrekk ved å bruke eit digitalt skjema.

Saman med søknaden om refusjon må du leggje ved legeerklæring og spesifiserte kvitteringar som inneheld produktnamn, pris, kjøpsdato og namn på forhandlar.

 

 

Les om digitalt skjema her.

Du må sende kravet til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn

saman med originale, spesifiserte kvitteringar og legeerklæring til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg. Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.

Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.

Sakshandsamingstid for madrass- og puteovertrekk

Saksbehandlingstida hos Helfo er inntil åtte veker.

​Fullmakt ved Helfo-henvendelser

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du frem på følgende måte når du har logget deg inn i Altinn:

  • Velg «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» fra rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» velger du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterende sak. Da kan vi behandle saken din raskere. Referansenummeret kan for eksempel se slik ut: «22/0000».

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Dekning av madrass- og puteovertrekk. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. januar 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/madrass-og-puteovertrekk/

Sist oppdatert måndag 1. januar 2024