Rekreasjonsopphald for kreftpasientar og pårørande

Dersom du er kreftpasient eller pårørande til ein kreftpasient, kan Helfo dekkje utgifter til opphald ved Montebellosenteret i Hedmark.

Montebellosenteret er ein rekreasjonsheim som tilbyr kurs for kreftpasientar og nære pårørande. Les meir om dei ulike tilboda på nettstaden til Montebellosenteret.

Når det gjeld kurs retta mot kreftpasienten, kan Helfo dekkje utgiftene for éin nær pårørande i tillegg til pasienten sjølv. Vilkåret er at den pårørande har behov for den opplæringa som blir tilbydd.

Helfo kan òg gi bidrag til deltaking på kurs retta mot familien til desse:

  • Barn med kreftsjukdom: Det kan bli gitt bidrag til opphald for to føresette og alle søsken under 15 år.
  • Kreftsjuke foreldre: Det kan bli gitt bidrag til opphald for den kreftsjuke, éin nær pårørande og alle barn under 15 år.
  • Mor eller far som døyr av kreft: Det kan bli gitt bidrag til alle barn under 15 år samt attlevande forelder/føresett.

Helfo kan òg gi bidrag til barn mellom 15 og 18 år dersom desse får tilbod om å delta på familiekurs ved Montebellosenteret. I slike tilfelle gjeld bidragssatsen for barn som friske søsken/pårørande til kreftsjuke foreldre.

Korleis søkjer du om opphald ved Montebellosenteret?


Når du søkjer om opphald på Montebellosenteret, må du bruke eit skjema som du finn på nettstaden til Montebellosenteret. Fastlegen din eller sjukehuslege må fylle ut eit skjema for legeerklæring og følgjepersondokument. Alle tre skjemaa skal sendast direkte til Montebellosenteret.

Søknaden må sendast inn før opphaldet startar.

Når du har fått plass på eit kurs, sender Montebellosenteret søknad om bidrag vidare til Helfo. Du får tilsendt eit vedtak når Helfo har handsama søknaden.

Kva utgifter til opphaldet dekkjer Helfo?

Helfo dekkjer vanlegvis opphald på to veker. I særlege tilfelle kan Helfo vurdere å godkjenne ytterlegare to eller fleire vekers opphald.

Du må sjølv betale 167 kroner per opphaldsdøgn. Eigenbetalinga for pårørande eller ein person som står deg nær, er 112 kroner per opphaldsdøgn. Barn under 15 år skal ikkje betale. Du eller dine pårørande betaler eigenbetalinga direkte til Montebellosenteret.

Helfo betaler resten av opphaldskostnadene direkte til Montebellosenteret.

Du kan òg få dekt utgifter til reisa

Helfo dekkjer òg reiseutgiftene til og frå Montebellosenteret. Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter opphaldet. 

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om kva utgifter som kan dekkast i samband med reisa, på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og enkelte rekreasjonsopphald».