Kursopphald i utlandet for barn med medfødde sjeldne tilstandar

Helfo kan refundere utgifter til deltaking på kurs eller samlingar i utlandet for barn med medfødde sjeldne tilstandar. Dette gjeld når det ikkje finst kompetansesenter eller fagmiljø med spesiell erfaring med den aktuelle diagnosen/tilstanden i Noreg. Dersom tilbodet finst i Norden, må det brukast der. Helfo kan òg dekkje utgifter til personar over 18 år.

1

Rettane dine/dykkar

Barnet må ha ein medfødd sjeldan tilstand for å kunne få dekt nødvendige utgifter til kurs eller samlingar i utlandet.

Det vil seie at det må vere færre enn 2500 personar i Noreg som har tilstanden. Les meir om sjeldne medisinske tilstandar her.

Helfo kan refundere utgifter til kurs/samlingar når formålet er at føresette lærer meir om korleis barnet med den sjeldne tilstanden skal behandlast i dagleglivet, og at familien og barnet får sjanse til å treffe andre i same situasjon. Det faglege programmet må dokumenterast overfor Helfo når du skal søkje om refusjon.

Det er ein føresetnad for dekning at barnet er med på opphaldet.

Du må ha ei skriftleg utsegn (uttalelse) frå kompetansesenter eller sjukehus i Noreg som dokumenterer at det ikkje finst noko kurstilbod for den sjeldne diagnosen/tilstanden i Noreg, og eventuelt heller ikkje i andre nordiske land. 

I tillegg må du ha legeerklæring som dokumenterer den medfødde tilstanden til barnet.

Eksempel

Pia er ti år og har Marshall-Smiths syndrom. Foreldra har behov for å lære meir om tilstanden hennar. Dei får ei legeerklæring frå fastlegen til Pia som dokumenterer tilstanden. I tillegg dokumenterer kompetansesenteret at det ikkje finst noko kurstilbod for tilstanden til Pia i Noreg eller i Norden.

Rundskriv

Rundskriv til folketrygdloven § 5-22 – kurs/samlinger i utlandet

2

Du må sjølv finne behandlingsstad

Helfo har inga liste over kursstader. Du må sjølv finne kurstilbod i utlandet og leggje fram denne informasjonen for Helfo.

Informasjonen må innehalde

  • kva kurs de ønskjer å delta på
  • kursprogram
  • kurskostnad

Søknaden blir vurdert individuelt. Kva kurs som er aktuelt for dykk, avheng av tilstanden til barnet.

Eksempel

Foreldra til Pia finn eit kurs i Belgia som kan hjelpe dei med betre å sikre Pia sine behov.

3

Kva kan du/de få dekt?

Helfo kan mellom anna dekkje deltakaravgift og nødvendige reise- og opphaldsutgifter.

Helfo kan dekkje nødvendige utgifter til

  • reise og opphald
  • deltakaravgift
  • kost etter kvittering (eller etter takstar dersom det ikkje er mogleg å dokumentere med kvittering)
  • visum (ikkje pass / elektronisk pass)

Du får berre dekt utgifter til same kurs/samling som er dekt tidlegare, dersom livssituasjonen er endra. Eksempel på endra livssituasjon er overgang frå barn til vaksen eller ny forsking som gjer det viktig å få ny kunnskap.

Eksempel

Foreldra til Pia finn ut at dei kan få dekt utgifter til reise og opphald samt deltakaravgift og kost.

4

Kven kan få dekt utgifter?

Helfo kan dekkje utgifter for mellom anna barn med medfødd sjeldan tilstand, foreldra deira og søsken.

Helfo kan dekkje utgifter for desse:

  • Barn med medfødd sjeldan tilstand.
  • Føresette til barn med medfødd sjeldan tilstand.
  • Søsken, dersom det finst program eller tilbod for søsken på kursstaden.
  • Ein følgjeperson, dersom det er behov for andre vaksne i tillegg til foreldre.
  • Meir enn éin følgjeperson, når lege har stadfesta at det er nødvendig. Du må ha ei slik stadfesting (bekreftelse) for kvar reise.
  • Assistent kan vere aktuell følgjeperson når assistenten deltek i den daglege oppfølginga, så framt det er nødvendig at assistenten deltek for at kurset/samlinga skal kunne gjennomførast. Helfo dekkjer ikkje utgifter til assistent som skal delta berre for å få nødvendig opplæring til å følgje opp den daglege treninga etter kursopphaldet.

Eksempel

Pia og foreldra kan få dekt utgifter til kursopphaldet. I tillegg kan familien få dekt utgifter for storebroren til Pia, ettersom det finst eit tilbod til søsken på kursstaden. Pia har ikkje behov for andre følgjepersonar.

5

Du kan søkje om forskot eller berre om førehandsgodkjenning

Du kan søkje om forskot til å dekkje utgifter i samband med kurset. Du kan eventuelt søkje om berre førehandsgodkjenning.

Dersom du ønskjer å søkje om forskot eller berre førehandsgodkjenning, er det viktig at du gjer dette i god tid før reisa. Sakshandsamingstida er normalt minst fem veker.

Dersom du har fått utbetalt forskot og likevel ikkje kan reise, må du melde frå om dette til Helfo. Då må du betale tilbake forskotet.

Om du ikkje ønskjer forskotsutbetaling, er det likevel mogleg å søkje berre om førehandsgodkjenning av refusjon av utgifter. Du må då sjølv leggje ut for utgiftene og sende søknad om refusjon til Helfo i ettertid. 

Når Helfo har handsama søknaden, får du eit vedtak.

Eksempel

Foreldra til Pia finn dokumentasjon på kva reisa og opphaldet kjem til å koste.

6

Husk dokumentasjon!

Her finn du ei oversikt over det du treng av dokumentasjon.

Du treng følgjande dokumentasjon:

  • ei skriftleg utsegn (uttalelse) frå kompetansesenter eller sjukehus i Noreg som dokumenterer at det ikkje finst noko kurstilbod for den sjeldne diagnosen/tilstanden i Noreg, og eventuelt heller ikkje i andre nordiske land
  • ei legeerklæring som dokumenterer den medfødde tilstanden til barnet
  • informasjon om kurs, dokumentasjon på det faglege programmet og kurskostnad
  • eventuelt ei stadfesting (bekreftelse) på behov for meir enn éin følgjeperson (du trenger ny for kvar reise)

I tillegg treng du

  • dokumentasjon på forventa nødvendige utgifter dersom du søkjer om førehandsgodkjenning eller forskot
  • spesifiserte kvitteringar for utgifter når du søkjer om refusjon

Eksempel

Foreldra til Pia passar på å få tak i dokumentasjonen dei treng.

7

Send søknad digitalt til Helfo

Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter kurset/samlinga.

Logg inn på Helfos digitale skjema

Logg inn på Helfos digitale skjema og søk om forskot, førehandsgodkjenning eller refusjon

For detaljar om dokumentasjonskrav, sjå «Husk dokumentasjon!».

Når søknaden er handsama av Helfo, får du tilsendt eit vedtak. 

Papirskjema

Dersom du skal søkje om refusjon og ikkje kan bruke digitalt skjema, kan du søkje ved å sende inn

saman med nødvendig dokumentasjon til: Helfo, postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn. 

Skal du søkje om forskot eller berre førehandsgodkjenning, sender du utsegnene til Helfo.

Det finst ikkje noko eige papirskjema du kan bruke til dette.

Eksempel

Foreldra til Pia vel å søkje om forskot. Dei sender inn digitalt skjema saman med nødvendig dokumentasjon.

8

Ettersending av dokumentasjon

For at Helfo skal behandle søknaden din så raskt som mulig, må du sende med all dokumentasjon og kvitteringer når du sender søknaden. Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du frem på følgende måte når du har logget deg inn i Altinn:

  • Velg «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» fra rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» velger du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterende sak. Da kan vi behandle saken din raskere. Referansenummeret kan for eksempel se slik ut: «22/0000».

Logg inn for å sende tilleggsopplysninger

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Kursopphald i utlandet for barn med medfødde sjeldne tilstandar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 4. februar 2022 [henta torsdag 18. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/kursopphold-og-rehabilitering/kursopphold-i-utlandet-for-barn-med-medfodte-sjeldne-tilstander/

Sist oppdatert fredag 4. februar 2022