Rekreasjonsopphald for krigsenker eller ektefellar av krigspensjonistar

Dersom du har krigsenkepensjon eller er ektefelle av ein krigspensjonist, kan Helfo dekkje opphald ved Forsvarets veteransenter ved Bæreia i Hedmark.

Eit krav for å få innvilga opphald ved Forsvarets veteransenter er at du har ein somatisk eller psykisk sjukdom, og at opphaldet av den grunn er nødvendig. Søknaden må vere innvilga av Helfo før opphaldet startar..

Korleis søkjer du om opphald?

Når du søkjer til Helfo om opphald, må du leggje ved ei erklæring frå legen eller frå sjukehus om kvifor du treng eit opphald. Legen kan sende søknaden på vegner av deg. Du eller legen må sende søknaden til Helfo før opphaldet startar. Søknaden skal sendast til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Når Helfo har handsama søknaden, får du tilsendt eit vedtak i posten. Helfo sender ein kopi av vedtaket til Forsvarets veteransenter.

Kva utgifter dekkjer Helfo?

Du kan få dekt utgifter til opphald på inntil fire veker. Du kan i særlege tilfelle få dekt utgifter til fire nye veker. 

Helfo betaler opphaldskostnadene dine (499 kroner per døgn) direkte til Forsvarets veteransenter. 

Du slepp dermed å leggje ut for desse utgiftene sjølv.

Du kan òg få dekt utgifter til reisa

Helfo dekkjer òg reiseutgiftene til og frå Forsvarets veteransenter. Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter opphaldet.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om kva utgifter som kan dekkast i samband med reisa, på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og enkelte rekreasjonsopphald».