Du må sjølv søkje om opphald på eitt av kurssentera. Søknaden sender du direkte til det kurssenteret du ønsker opphald hos. Når du har fått plass på eit kurs, sender kurssenteret søknad om bidrag vidare til Helfo.
Når Helfo har handsama søknaden, får du eit vedtak i posten. Helfo sender ein kopi av vedtaket til det kurssenteret du har fått opphald ved.
Helfo dekkjer opphald etter desse døgnsatsane:
- Evenes, Hurdalssenteret og Solvik: 1719 kroner.
Helfo betaler utgiftene dine til sjølve opphaldet – utrekna etter døgnsatsane – direkte til kurssentera. Du slepp dermed å leggje ut for desse utgiftene sjølv.