Behandling, trening eller kurs i utlandet for barn med funksjonsnedsetting
De kan få støtte frå Helfo til bestemte behandlings-, trenings- eller kursopphald i utlandet for barn med funksjonsnedsetting.

Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo
Aktuelle behandlingstilbod
Helfo kan dekke mellom anna deltakaravgift og nødvendige reise- og opphaldsutgifter til desse behandlings-, trenings- eller kursopphalda:
- The Institutes for the Achievement of Human Potential (IAHP) i Philadelphia i USA i samband med trening etter Doman-metoden
- kurs i Kozijavkin-metoden i Ukraina
- ABR-tilbod (advanced bio-mechanical rehabilitation) i Europa
- FHC (The Familiy Hope Center – An International Center for the Development of Children) i Philadelphia i USA
Helfo kan òg dekkje reise- og opphaldsutgifter dersom IAHP-instituttet og FHC arrangerer kurs i Europa.
Eksempel
Rasmus er fem år og har funksjonsnedsetting. Foreldra til Rasmus ønskjer at han skal få eit behandlingstilbod tilpassa tilstanden hans. I samarbeid med legen til Rasmus har dei funne eit aktuelt tilbod i USA ved FHC i Philadelphia.
Kven kan få refusjon for utgifter til behandling, trening eller kurs i utlandet?
Helfo kan dekke utgifter for mellom anna barn med funksjonsnedsetting, foreldre og søsken.
Helfo kan dekke utgifter for desse:
- Barn med funksjonsnedsetting. Helfo kan òg vurdere å dekke utgifter til personar som er over 18 år ved oppstart av intensive treningsopplegg.
- Foreldre/pårørande til barn med funksjonsnedsetting.
- Søsken, dersom det finst program eller tilbod for søsken på kursstaden.
- Éin følgeperson, dersom det er behov for andre vaksne i tillegg til foreldre.
- Meir enn éin følgeperson, når lege har stadfesta at det er nødvendig. Du må ha ei slik stadfesting (bekreftelse) for kvar reise.
- Ein assistent som deltek i den daglege oppfølginga, når det er nødvendig at assistenten deltek for at kurset/samlinga skal kunne gjennomførast. Helfo dekker ikkje utgifter til assistentar som skal delta berre for å få nødvendig opplæring til å følge opp den daglege treninga etter kursopphaldet.
Helfo dekker ikkje utgifter for andre slektningar, barnepassarar eller avlastarar, med mindre dei er med som nødvendige følgepersonar.
Eksempel
Rasmus og foreldra kan få dekt utgifter til kursopphaldet. Rasmus har ikkje behov for andre vaksne enn foreldra.
Kva kan de få dekt?
Helfo kan dekke mellom anna deltakaravgift og nødvendige reise- og opphaldsutgifter.
Helfo kan dekke nødvendige utgifter til
- reise og opphald
- deltakaravgift
- kost etter kvittering (eller etter takstar dersom det ikkje er mogleg å dokumentere med kvittering)
- visum (ikkje pass / elektronisk pass)
Det er ein føresetnad for dekning at barnet er med på reisa/behandlinga.
Eksempel
Foreldra til Rasmus finn ut at dei kan få dekt utgifter til reise og opphald samt deltakaravgift og kost.
Søk om førehandsgodkjenning eller forskot
De kan søke Helfo om førehandsgodkjenning eller forskot til å dekke utgifter i samband med kurset.
Det er viktig at de søker om førehandsgodkjenning eller forskot i god tid før reisa. Saksbehandlingstida er normalt inntil åtte veker.
Sjå krav til dokumentasjon i steg 5 og informasjon om innsending av søknad i steg 6.
Dersom de har fått utbetalt forskot og likevel ikkje kan reise, må de melde frå om dette til Helfo. Då må de betale tilbake forskotet.
Eksempel
Foreldra til Rasmus treng eit forskot for å kunne betale for reise og opphaldet. Dei sender ein søknad om dette i god tid før reisa.
Husk dokumentasjon!
Her finn de ei oversikt over det de treng av dokumentasjon.
De treng følgjande dokumentasjon for å søke om førehandsgodkjenning eller forskot:
- ei utsegn (uttalelse) frå barnet sin lege om at behandlings-, trenings- eller kursopphaldet i utlandet er vurdert som fagleg forsvarleg (de treng ikkje ny utsegn kvar gong de søker)
- ei utsegn frå eit regionalt helseføretak om at det eksisterande habiliteringstilbodet i Noreg er mangelfullt (de treng ikkje ny utsegn kvar gong de søker)
- eventuelt ei stadfesting (bekreftelse) på behov for meir enn éin følgeperson (de treng ny for kvar reise)
- overslag over nødvendige reise- og opphaldsutgifter – legg ved dokumentasjon (for eksempel skjermbilete av kursavgift og flybillett- og hotellprisar)
- overslag over nødvendige kostutgifter – bruk satsen for kost på 275 kroner (2025) per døgn per person
Etter reisa må de sende ein søknad om refusjon, anten de har fått førehandsgodkjenning eller forskot. Det er for å dokumentere dei faktiske utgiftene de har hatt. De treng følgjande dokumentasjon:
- spesifiserte kvitteringar for utgifter
- eventuell dokumentasjon i lista over som de ikkje allereie har sendt til Helfo
Eksempel
Foreldra til Rasmus får ei utsegn frå legen om at tilbodet er fagleg forsvarleg, og ei utsegn frå det regionale helseføretaket om manglande tilbod i Noreg. Dei finn også dokumentasjon på kva reisa og opphaldet kjem til å koste.
Send søknad digitalt til Helfo
De må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter behandlings-, trenings- eller kursopphaldet.
For detaljar om dokumentasjonskrav, sjå «Husk dokumentasjon!».
Logg inn på Helfos digitale skjema
Når søknaden er handsama av Helfo, får du tilsendt eit vedtak.
Papirskjema
Dersom de ikkje kan bruke digitalt skjema, kan de sende søknad i posten til Helfo, postboks 2415, 3104 Tønsberg.
For førehandsgodkjenning og forskot finst det ikkje noko eige papirskjema. Lag eit følgebrev sjølv med opplysningar om kva de søker om. Legg ved dokumentasjon.
For søknad om refusjon sender de inn dokumentasjonen saman med følgjande skjema:
Det kan vere lurt å ta eit bilete (ein kopi) av originalkvitteringane før de sender dei inn.
Eksempel
Foreldra til Rasmus sender all dokumentasjon til Helfo fleire veker før avreise, og dei får eit vedtak om forskot. Helfo utbetaler forskotet slik at foreldra kan betale reisa. Når dei kjem heim, sender dei ein søknad om refusjon og legger ved kvitteringar for alle utgiftene dei har hatt. Dei får refundert det dei ikkje allereie har fått utbetalt i forskot.
Saksbehandlingstid og svar på søknad
Saksbehandlingstida i Helfo for søknad om behandling, trening eller kurs i utlandet for barn med funksjonsnedsetting er normalt inntil åtte veker.
Ettersending av dokumentasjon
Her finn de informasjon om korleis de ettersender dokumentasjon.
For at Helfo skal behandle søknaden dykkar så raskt som mogleg, må de sende med all dokumentasjon og kvitteringar med ein gong. Dersom de likevel må ettersende dokumentasjon, går de frem på følgjande måte når de har logga dykk inn i Altinn:
- Vel «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» frå rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
- Under «Tilleggsopplysninger» vel de «Etterspurt dokumentasjon».
- Det er svært viktig at de fyller inn referansenummeret til den eksisterende saka dykkar. Då kan vi behandle saka raskere. Referansenummeret kan for eksempel sjå slik ut: «22/0000».