Legg ut for brystpumpa, søk Helfo om refusjon
Helfo dekkjer utgiftene til elektrisk brystpumpe med inntil 3362 kroner i 2024. (3236 kroner i 2023).
Du må sjølv betale for den elektriske brystpumpa, og deretter kan du krevje å få utgiftene refundert frå Helfo.
Husk erklæring frå spesialist og spesifisert kvittering
Saman med søknaden må du òg leggje ved
- erklæring frå relevant legespesialist om at barnet har leppe-kjeve-ganespalte, og at du treng ei elektrisk brystpumpe
- spesifisert kvittering (som må innehalde produktnamn, pris, kjøpsdato og namn på forhandlaren)
Send søknad til Helfo
Du kan søkje om å få refundert utgifter til elektrisk brystpumpe ved å bruke eit digitalt skjema.
Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema
Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgifta.
Papirskjema
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden sende inn
saman med legeerklæring og original, spesifisert kvittering. Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.
Søknaden skal sendast til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Leppe-kjeve-ganespalte (LKG)
Leppe-kjeve-ganespalte er ein medfødd tilstand som rammar overleppa, kjevekammen og/eller ganen i varierande grad.
Sakshandsamingstid for elektrisk brystpumpe
Sakshandsamingstida i Helfo er inntil åtte veker.
Fullmakt ved kontakt med Helfo
Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.
Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.
Ettersending av dokumentasjon
For at Helfo skal behandle søknaden din så raskt som mogleg, må du sende med all dokumentasjon og kvitteringar når du sender søknaden. Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du fram på følgjande måte når du har logga deg inn i Altinn:
- Vel «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» frå rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
- Under «Tilleggsopplysninger» vel du «Etterspurt dokumentasjon».
- Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterande sak. Då kan vi behandle saken din raskare. Referansenummeret kan for eksempel sjå slik ut: «22/0000».