Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Familie og gravferd

Pårørande står fritt til å velje om ein ønskjer å bruke eit gravferdsbyrå, i kor stor grad eit slikt byrå skal hjelp til og kor mykje ein skal ta hand om sjølv.

Pårørande står fritt til å velje om ein ønskjer å bruke eit gravferdsbyrå, og i kor stor grad eit slikt byrå skal hjelp til.

Foto: Johnér Bildbyrå AB

​​Erfaring frå sorgarbeid tilseier at mange etterlatne opplever det som verdifullt å sjå den døde. Særleg gjeld dette når dødsfallet kom brått og uventa. Sjølv om dette for somme med det same kan kjennast uoverstigeleg vanskeleg, viser det seg gjerne at med litt assistanse frå ein ressursperson frå sjukehuset eller mellom venner, vil mange kome over ein slik terskel.

Eit kortare nærvær med den døde (vising) kan ein avtale med sjukehuset/institusjonen der den døde ligg. Gjennom dette kan ein få med seg noko som er viktig for den vidare sorgprosessen. Personar som ikkje ønskjer å sjå den døde, må sjølvsagt møte full respekt for det.

Dødsattest

​Dødsattesten blir utskriven av den legen ved sjukehuset som hadde med den døde å gjere, eller av ein lege som stadfester dødsfallet på staden, til dømes i heimen.

Normalt vil legen som registrerte den døde, sende dødsattesten til skifteretten på dødsstaden. I landdistrikta er det lensmannen som får dødsattesten. Der kan ein seinare få den nødvendige dokumentasjonen av dødsfallet. Ein treng opplysningar om dødsfallet mellom anna for å få utbetalt livsforsikringar

Dødsfall som skjer brått eller uventa, til dømes i samband med ulykker, har legen plikt til å melde frå om til politiet med ein gong.

Oppgåver og ansvar

​Etter eit dødsfall er det fleire spørsmål og oppgåver som melder seg. Somme av dei må ein avklare og ta hand om i løpet av dei nærmaste dagane:

  • Val av gravferdsbyrå dersom pårørande ikkje ønskjer å ordne gravferda sjølv.

  • Om det skal vere kistegrav eller kremasjon med urnenedsetting eller spreiing av oska for vinden.

  • På kva for ein gravlund den døde skal få grava si.

  • Stad, tidspunkt og regi for gravferdsseremonien.

  • Annonsering i avisa av dødsfallet og gravferda.

Ansvaret til dei etterlatne

​Ved dødsfall er pårørande tillagt ansvaret å sørgje for at aktuelle spørsmål og gjeremål i samband med gravferda blir tekne hand om og løyste på ein tilfredsstillande måte.

Pårørande har her fullt høve til å be om hjelp hos ulike hjelparar og be dei utføre visse tenester (sjå meir om dette nedanfor). Men pårørande opptrer da som oppdragsgivarar.

Alle som har fylt 18 år, kan avgjere kven som skal ha rett til å sørgje for gravferda. Erklæringa skal vere underskriven og datert. Dersom det ikkje ligg føre ei slik erklæring frå den døde, har dei nærmaste etterlatne over 18 år rett til å sørgje for gravferda.

Retten går i denne rekkjefølgja:

  • Ektefelle (eller partner etter partnarskapslova, sambuarar som gjennom samlivskontrakt har stadfest at dei lever i ekteskapsliknande forhold, og sambuarar som i juridisk forstand er likestilte med ektefellar)

  • Barn

  • Foreldre

  • Barnebarn

  • Besteforeldre

  • Sysken

  • Barn til sysken

  • Sysken til foreldre

Ved usemje mellom like nære etterlatne, avgjer kommunen (til vanleg kommunestyret, rådmannen eller kommuneadvokaten). Avgjerda kan ikkje påklagast.

Sambuar som ikkje er likestilt med ektefelle, har ingen formelle rettar. På den andre sida kan det vere naturleg at sambuar deltek i samtalane om dei ulike spørsmåla som må avklarast etter dødsfallet.

Det er ønskjeleg at ein i fellesskap prøver å finne fram til løysingar som kan samle ulike interesser og relasjonar hos dei som lever att etter den døde. Dersom den døde har etterlate seg ei eiga viljeerklæring om korleis gravferda skal gå føre seg, bør ein så langt som råd prøve å oppfylle det.

Kva ein kan gjere sjølv

Det kan ha mykje å seie for etterlatne å setje eit personleg preg på gravferda. Somme ønskjer å stelle og vaske den døde eller velje påkledning før seremonien. Val av musikk, salmar og songar gjer det meir personleg, og det å pynte kyrkjerommet/lokalet og velje kven som skal bere kista, kan også vere viktig.

Også når eit gravferdsbyrå er engasjert, kan dei pårørande gjere noko sjølve dersom dei ønskjer det. Tenk gjennom kva du synest er eit verdig avskil med den døde og ta gjerne dette opp med den som står for ritualet, eller med talaren og/eller gravferdsbyrået.

Når barn blir gravlagde, har dei etterlatne høve til sjølve å leggje den døde i kista og køyre barnet til gravstaden eller krematoriet. Dersom den døde ikkje blir kremert, skal gravlegging normalt skje seinast åtte dagar etter dødsfallet. Urnenedsetting skal skje seinast seks månader etter dødsfallet.

Alle borgarar – uavhengig av tru og overtyding – har høve til å velje borgarleg seremoni. Borgarleg gravferd blir gjennomførd utan prest og kyrkjeleg ritual. Meir informasjon kan ein få i brosjyren «Orienteringshefte om borgarleg gravferd». Gravferdsbyrået og Human-Etisk Forbund (tlf. 23 15 60 00) har brosjyren tilgjengeleg.

Familien kan også sjølv stå for seremonien, utan medverknad frå kyrkje eller livssynsorganisasjon.

Dei fleste har tankar om kva som skjer etter døden. Vi må respektere synet til den enkelte. Dei som ønskjer det, bør få hjelp til sjelesorg gjennom samtale med prest eller annan person med innsikt i livssynsspørsmål.

Dødsfall i utlandet

Ofte blir det svært kostbart når personar som døyr i utlandet blir sende heim. Det kan kome av krav i lovgivinga i dei ulike landa, og det kan kome av høge transportkostnader. Har ein ikkje ei reiseforsikring som dekkjer heimtransport, kan økonomiske grunnar tale for å ordne med kremasjon i utlandet og sidan få urna sett ned heime. Kvar og ein må finne ut kva dette inneber for ein sjølv, og undersøkje alternativ og kostnader.

Les meir om stønad til båretransport på nettsidene til Nav.

Dersom det er teikna reiseforsikring inkludert heimtransport, vil heimsendinga av den døde normalt bli dekt.

Ver også merksam på at både lovgiving og lokale skikkar for behandling av døde kan avvike sterkt frå norske forhold. Det er til dømes ikkje uvanleg at det blir kravt at den døde skal balsamerast før han eller ho blir send heim. Dersom den døde blir transportert i kiste frå utlandet, er det som regel naudsynt å byte kiste i samsvar med norske krav når vedkomande kjem heim.​​