Kva er problematisk eller skadeleg seksuell åtferd?
Seksuelle handlingar kan delast i tre kategoriar: sunn god seksuell åtferd, problematisk seksuell åtferd og skadeleg seksuell åtferd.
Kjenneteikn på problematisk eller skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge
- Det skjer ved bruk av trugslar eller tvang.
- Det er skeivt maktforhold, ulikt modningsnivå eller stor aldersforskjell mellom barna.
- Det skjer utan samtykke, det vil seie mot den utsette sin vilje.
- Det skjer i ein upassande kontekst, som til dømes å onanere i klasserommet.
- Det er prega av hemmeleghald og eller planlegging.
- Det held fram sjølv om åtferda blir prøvd stoppa.
- Den utsette er redd eller sint, eller prega av kjensler som frykt eller sinne.
- Den utsette utagerer eller lukkar seg inne i seg sjølv.
Det mest vanlege er å utsetje nokon ein kjenner for handlingar som dette. For somme gjeld dette søsken eller andre i familien.
Døme på problematisk eller skadeleg seksuell åtferd
Problematisk og skadeleg seksuell åtferd kan blant anna omfatte krenkingar og overgrep i form av:
- beføling
- oralsex
- kyssing på delar av kroppen
- samleie
- tvinge andre til å ta på seg sjølv
- presse eller tvinge nokon til å ta på andre seksuelt
- seksuell trakassering på mobil eller i sosiale medium
- produsere, oppbevare og dele nakenbilete, filmar eller anna seksuelt materiale utan samtykke
Årsaker til problematisk eller skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge
Barn som utfører overgrep mot andre barn, gjer det av ulike grunnar. For somme er det å eksperimentere med gryande seksualitet. For andre er det å gjenta handlingar vaksne eller andre barn har gjort mot dei. Andre opplyser å ha vorte eksponert for mykje sex mellom vaksne, til dømes gjennom pornografi. I tillegg kjem impulsive handlingar som ikkje er planlagde eller har klar årsak.
Å ha vore utsett for fysisk vald, emosjonell omsorgssvikt og seksuelle overgrep, aukar risikoen for at barn og unge sjølv utfører overgrep.
Kva kan vaksne gjere ved slik åtferd?
Barn som har skadeleg seksuell åtferd, treng vaksne som rettleier og set grenser. Reaksjonane frå vaksne bør vere tydelege. Dei bør vere tilpassa barnet sitt modningsnivå og kome tidleg etter at hendinga har skjedd. Dei fleste barn stoppar når dei får reaksjonar frå vaksne.
Det er eit mål at desse barna skal utvikle ein sunn seksualitet. DeT betyr at dei rettar seg etter andre sine grenser og ikkje eksponerer seg sjølv seksuelt. Det er derfor viktig at vaksne ikkje påfører barna skamkjensle knytt til eigen seksualitet.
Mange unge nektar for å ha utført slik åtferd. Det er ein normal reaksjon. Å nekte for slik åtferd aukar ikkje sjansen for nye hendingar.
Korleis søkje hjelp og kva slags hjelp kan gjevast?
For mange er det å snakke om seksualitet og seksuelt krenkjande åtferd prega av skam og uvisse. Vaksne kan vere usikre på om det dei har sett eller vorte fortalt, er innanfor det som blir kalla god og sunn seksuell åtferd. Å drøfte hendinga med andre er derfor nyttig.
Viss du mistenkjer eller oppdagar skadeleg seksuell åtferd, finst det fleire du kan kontakta. Fastlege, helsesjukepleiear, skule-/kommunepsykolog og barnevernstenesta kan drøfta med deg. Lærar eller anna personell ved skulen bør også involverast dersom hendingane har skjedd i tilknyting til skulen.
Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er viktig
Nokre barn har seksuell åtferd som er svært alvorleg eller gjentek seg trass i sanksjonar frå vaksne. Då kan profesjonell hjelp vere nødvendig.
For å hjelpa barn og unge med utfordringar knytt til urovekkjande og skadeleg seksuell åtferd, er tidleg hjelp viktig. Tidleg hjelp kan forebyggja overgrep. Ofte må fleire etatar samarbeida, slik at barna får den hjelpa dei treng i tide.
Eit slikt samarbeid kan til dømes involvere:
- familie og pårørande
- barnehage og skule
- helsesjukepleiar
- pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
- barnevern
- barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
- politiet
- Statens Barnehus
- kommunepsykolog
- Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat).
Tips til konkrete tiltak
- Stopp åtferda
- Ta vare på begge partar for å førebyggje vanskar seinare
- Kontakt relevante samarbeidspartnarar
- Hald samråd for å planleggje vegen vidare
- Lag tryggleiksplan
Eit samråd med deltaking frå fleire etatar bør haldast i løpet av få dagar etter utøving av skadeleg seksuell åtferd. Slik får alle partar ei felles forståing for kva som skal skje vidare.
Dei ulike instansane bør samarbeide med familien om å lage ein tryggleiksplan. Målet med tryggleiksplanen er å verna andre barn, og hindra at barnet som utøver åtferda gjentek handlingane.
Statens barnehus kan hjelpe til juridisk, med til dømes drøfting om melding, avhøyr, utgreiing og vidare hjelp i systemet.
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) kan bidra med utgreiing og behandling. Behandlinga vil vere individuelt tilpassa det enkelte barnet. Aktuelle tema i behandlinga kan blant anna vere
- å øve på å regulere eigne kjensler
- å øve opp sosiale ferdigheiter
- å auke kunnskapen om kva god og sunn seksualitet er
- å forstå kva som utløyste hendingane og kva konsekvensar det har
- å unngå gjentaking
- å behandle eventuelle traume barnet har
Nokre få har behov for medikamentell behandling. Dei fleste vil ha best effekt av samtaleterapi, eventuelt i kombinasjon med miljøterapi eller gruppesamlingar.
Ta vare på begge partar
Det er svært viktig å ta vare på begge partar for å førebyggje vanskar seinare. For somme vil det vere viktig med gjenopprettande prosess. Det vil seie at utøvar og utsett får hjelp til dialog, slik at dei kan møte på kvarandre på ulike arenaer utan å bli plaga.
Støtte til dei føresette
Dersom hendinga har skjedd i familien, til dømes mellom søsken, er det spesielt utfordrande for dei føresette. Dei har ofte behov for bistand frå hjelpeapparat for å sortere inntrykk og kjensler, og for vite korleis dei best kan vareta barna etterpå.
Korleis førebyggje problematisk eller skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge?
For å utvikle ein sunn seksualitet og førebyggje krenkingar, er det er viktig at barn og unge får rettleiing om seksualitet og god seksuell åtferd. Barn og unge treng trygge vaksne som kan vere gode rollemodellar for kva som er normal og akseptert seksuell åtferd, og som kan gje ærlege og konkrete svar på spørsmål om kropp og seksualitet.
Tips til kva du kan gjere for å førebyggje:
- Ta initiativ til å snakke om tryggleik, grenser, kropp og seksualitet med barn og ungdom.
- Skjerm barn frå å bli overdrive eksponert for pornografisk materiale.
- Fortel barn og unge om at nettovergrep eller deling av bilete og filmar med seksualisert innhald kan vere strafflagde handlingar, som kan ha alvorlege konsekvensar for både for offeret og den som utøver handlinga.
Ettersom det å ha vore utsett for fysisk vald, emosjonell omsorgssvikt og seksuelle overgrep, aukar risikoen for at barn og unge utfører overgrep mot andre barn, er det veldig viktig med generell førebygging av denne typen grenseoverskridingar mot barn og unge.
Korleis snakke med barn og unge om kropp og seksualitet?
Du finn gode råd om korleis du kan snakke med barn og unge om kropp og seksualitet på nettsidene til Bufdir: