Einsemd

Dei fleste vil kjenne seg einsame i løpet av livet. Einsemd er ofte ei vond kjensle, men det finst måtar å få det betre.

Kva er einsemd?

Einsemd er ei kjensle av mangel på tilhøyrsle med andre menneske, eller eit sakn etter å kjenne seg sett og forstått.

Kvifor er eg einsam?

Nokon kjenner seg einsame av konkrete årsaker, for eksempel mangel på eller tap av nære relasjonar. For andre er einsemdskjensla noko meir overgripande eller diffust og vanskeleg å finne ei konkret årsak til.

Einsemd er ikkje det same som å vere åleine. Du kan ha mange menneske rundt deg, men framleis kjenne deg einsam. Å kjenne seg annleis, misforstått, ubetydeleg eller å oppleve noko vanskeleg som du ber på åleine, kan føre til einsemd.

Råd for å kome ut av einsemda

Å finne noko som gir kvardagen meining, kan hjelpe mot einsemd.

For nokon kan det hjelpe å søke fellesskap med andre menneske, medan andre opplever at det hjelper å drive med ein hobby eller få eit kjæledyr. Det å flytte fokuset vekk frå korleis du har det, kan faktisk gjere at du kjenner deg betre.

Ein stad å byrje dersom du er einsam eller lei deg, kan vere å lage ei telefon- eller chatteliste med folk du kan ta kontakt med. Det er sikkert mange i nettverket ditt som blir glade over å høyre frå deg.

Nedanfor følgjer nokre fleire råd om kva du kan gjere dersom du kjenner deg einsam.

Ikkje isoler deg 

Ikkje isoler deg Det er viktig at du ikkje isolerer deg. Isolasjon vil auke kjensla av å vere åleine.

Snakk med nokon du stoler på – ver open

Einsemd er ei kjensle mange skammar seg over å kjenne, og kanskje derfor ikkje snakkar om.

Prøv å snakke med nokon du stoler på om korleis du har det. Ingen kan sjå inn i hovudet ditt, like lite som du kan vite kva andre tenkjer. Berre det å snakke med nokon om korleis du har det, hjelper ofte. Ved å vere ærleg med andre, gjev du også rom for at andre kan snakke om kjenslene sine med deg.

Det er også mogleg å oppsøkje fastlegen eller ein psykolog dersom du treng profesjonelle å drøfte problema dine med.

Del positive erfaringar eller opplevingar

For nokon kan mangelen på eit fellesskap vere årsaka til einsemd. Oppsøk sosiale møteplassar, som organiserte fritidsaktivitetar og organisasjonsarbeid. Dersom du har ei interesse eller ein hobby, forsøk å pleie denne i eit fellesskap med andre. Prøv å lage deg rutinar der du treffer dei same personane gong etter gong. Slik kan framande på sikt bli vener.

Bruk internett. Send ei melding til ein gamal ven, eller oppsøk eit fellesskap på nett gjennom ei interesse du har.

Ikkje la frykt hindre deg

Prøv å ikkje la frykta for ikkje å meistre eller å bli avvist hindre deg.

Forsøk å ta initiativ. By på deg sjølv og interesser deg for kva andre held på med. Forsøk å vere ein god lyttar.

Hjelp andre

Å hjelpe andre flyttar fokus frå deg sjølv. Det gjev også ei kjensle av meining. Det kan vere dyr eller menneske, organisert hjelp (sjå til dømes tilboda på frivillig.no), eller små gode gjerningar i kvardagen.

Ha tolmod

Einsemd er ei kjensle som bygger seg opp over tid. Det tek også tid å kjenne seg mindre einsam. Ha tolmod – det blir betre.

Prøv å ikkje ha for høge krav eller forventingar til eit nytt venskap. Hugs at det tek tid å bygge nære relasjonar.

Mental helse

116 123

Mental helses telefon- og nettjeneste er for alle som trenger noen å snakke eller skrive med.

Døgnåpen tjeneste.

Kirkens SOS

22 40 00 40

Døgnåpen tjeneste.

Sidetmedord.no

116 123

Døgnåpen telefon og chat

Sidetmedord.no er et tilbud til alle som trenger å dele tanker og følelser med noen.

Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse

22 49 19 22

Nasjonal rådgivningstelefon for pårørende

Rådet for psykisk helse

Rådet for psykisk helse er en paraplyorganisasjon som skal være en pådriver for god psykisk helse.

MacDonald Jareg K. Er du ensom? Du er ikke alene. Psykologisk.no [Elektronisk artikkel]. 2015 Jul [hentet 2022-11-22]. Tilgjengelig fra: https://psykologisk.no/2015/07/er-du-ensom-du-er-ikke-alene/

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Einsemd. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 22. november 2022 [henta laurdag 21. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/psykisk-helse/ensomhet/

Sist oppdatert tirsdag 22. november 2022