Søknader som blir behandla heilautomatisk, gjev raskast utbetaling. Søknader utan tilleggsutgifter går som regel raskast gjennom behandlingssystemet.
Saksbehandlingstida tek lengst tid når søknadene må behandlast manuelt. Dette kan vere søknader som blir sende både på papir og via Helsenoreg. Viss søknaden har vedlegg på tilleggsutgifter og annan dokumentasjon, blir han behandla manuelt av ein saksbehandlar.
Du kan lese meir i servicecerklæringa til Pasientreiser. Ho seier kva du kan forvente deg i møte med Pasientreiser. Du finn òg ein oversikt over servicemål og korleis servicen vart opplevd, på pasientreiseområdet.
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid veke 38:
Saksbehandlingstida for digitale søknader som blir behandla automatisk, ligg gjennomsnittleg på 5–6 dagar. Dette gjeld cirka 60 prosent av sakene.
- Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for alle saker var 12 dagar.
- Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for saker som blir behandla manuelt, var 23 dagar.