For at du skal kunne bruke Helsenorge, må du samtykke til at Helsenorge brukar opplysningane dine. Du kan velje mellom tre samtykkenivå. Du kan når som helst endre eller trekke samtykket ditt.
For å ta i bruk dei Helsenorge-tenestene som krev innlogging, må du først gi ditt samtykke til at Helsenorge kan:
innhente helseopplysningar om deg frå eksterne register og andre kjelder
samanstille og behandle denne informasjonen, og lage lister basert på dei, som kan visast til deg i tenestene
lagre opplysningane så lenge det er nødvendig for at du skal kunne bruke tenestene
la eksterne aktørar ta kontakt med deg
Du kan endre eller trekke tilbake samtykket når som helst.
Opplysningar som blir lagra om deg, blir berre lagra så lenge det er nødvendig for å bruke tenestene. Dersom du trekker samtykket ditt, vil alle opplysningar om deg bli sletta, med unntak om informasjon om samtykke og reservasjonar.
Dersom du samtykker, innhentar Helsenorge opplysningar om deg frå folkeregisteret, kontakt- og reservasjonsregisteret og fastlegeregisteret.
Du kan velje mellom desse tre alternativa:
Basis: Dette er det minste du må samtykke til for å bruke innlogga tenester på Helsenorge. Dette samtykket gir deg innsyn i dine eigne opplysningar, med unntak av pasientjournalen din. Dette samtykket gir deg også tilgang til tenester som involverer slikt innsyn.
Basis+: Dette er det same som Basis, men du får i tillegg tilgang til tenestene som involverer innsyn i pasientjournalen din.
Full tilgang: Dette gir deg tilgang til alle tenestene på Helsenorge.
Du må samtykke for å bruke tenestene på Helsenorge
Basis
Med dette valet vil du ha høve til å sjå opplysningar som er registrert om deg i helse- og omsorgssektoren, og be om retting og sletting av enkelte av desse opplysningane.
Det vil seie at du då får tilgang til å:
sjå informasjon om fastlegen din.
sjå kva vaksinar du har tatt.
sjå status på frikort og eigenandelar.
sjå oversikt over reseptane dine tre år tilbake i tid.
sjå data som er registrert om deg i Helseregister-tenesta som til dømes reseptar og vaksinar. Du vil ikkje få tilgang til desse tenestene på Helsenorge, men vil kunne sjå din eigen informasjon i Helseregister.
sjå informasjon om forskingsprosjekt du deltek i.
bytte fastlege, og sette deg på venteliste til ein fastlege som ikkje har ledig plass.
søke om Europeisk helsetrygdkort
be om retting av feil i register.
styre profilinnstillingane dine.
få oversikt over samtykka og reservasjonane dine.
Basis+
Med dette valet får du tilgang til det same som Basis, i tillegg til å sjå dei journaldokumenta frå sjukehus som helsepersonell har gjort digitalt tilgjengelege .
Med dette valet vil du ha høve til å sjå opplysningar som er registrert om deg i helse-og omsorgssektoren, og be om retting og sletting av enkelte av desse opplysningane.
Det vil seie at du då får tilgang til å:
sjå informasjon om fastlegen din
sjå status på frikortet og eigenandelane dine
sjå aktive reseptar og reseptar tre år tilbake i tid
sjå vaksinekortet ditt
sjå informasjon om forskningsprosjekt du deltek i
bytte fastlege, og sette deg på venteliste til ein fastlege som ikkje har ledig plass
sjå pasientjournalen din og oppslag helsepersonell har gjort i den
be om retting av feil i pasientjournalen din
Full
Med full tilgang får du tilgang til å bruke alle tenester på Helsenorge. Det vil seie alt som er inkludert i Basis og Basis+, i tillegg til å sjå informasjon om til dømes timar og prøvesvar, og få brev, skjema og liknande for utfylling.
Det vil seie at du då får tilgang til å:
sjå informasjon om fastlegen din.
sjå status på frikortet og eigenandelane dine.
sjå data som er registrert om deg i Helseregister-tenesta, som til dømes reseptar og vaksinar. Du vil ikkje få tilgang til desse tenestene på Helsenorge, men vil kunne sjå din eigen informasjon i Helseregister.
sjå informasjon om forskingsprosjekt du deltek i.
bytte fastlege, og sette deg på venteliste til ein fastlege som ikkje har ledig plass.
Dersom du ikkje lenger vil bruke Helsenorge, kan du trekke samtykket ditt til bruksvilkåra til Helsenorge. Då blir alle dataa om deg på Helsenorge sletta.
Dersom du trekker samtykket, vil du ikkje lenger kunne ha digital dialog på Helsenorge med til dømes sjukehus eller fastlege. Om du har fullmakt til å bruke Helsenorge på vegner av andre, vil også dette bli sletta.
Vil du trekke samtykket ditt, må du logge deg inn på Helsenorge. Dersom du ikke har høve til å logge deg inn på Helsenorge og trekke samtykket ditt digitalt, kan du fylle ut og sende inn eitt av skjemaa nadenfor.
Norsk helsenett. Samtykke til å bruke Helsenorge. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 19. mai 2025 [henta måndag 2. juni 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/om-tjenestene/samtykke/