Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Om helsenorge.no

Helsenorge.no er den offentlege helseportalen for innbyggarar i Noreg. Innhaldet vert levert av ulike aktørar i helsesektoren, og det er Direktoratet for e-helse som har ansvar for drift og utvikling av nettstaden.

Helsenorge.no er delt i to hovuddelar:

  • informasjonssider, der du finn kvalitetssikra helseinformasjon om ei rekke tema
  • sjølvbeteningsløysingar, der du har tilgang til ulike helserelaterte nett-tenester

Informasjonssider

Her finn du kvalitetssikra og oppdatert informasjon om helse, livsstil, sjukdom, behandling og rettar. Her kan du òg søke etter fastlegar som har ledig plass.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av offentlege helseaktørar og ein del sjukehus i Noreg. Lista over samarbeidspartnarar finn du her.

Sjølvbeteningsløysingar

Ved å logge deg inn på helsenorge.no får du tilgang til ei rekke sjølvbeteningsløysingar, og du kan sjå helseinformasjon som er registrert om deg. Du kan blant anna sjå og redigere kjernejournalen din, byte fastlege, få oversyn over reseptane dine og sjekke vaksinane dine. Nokre tenester vil berre vere tilgjengelege for visse delar av landet.

Les meir om dei tilgjengelege tenestene i denne artikkelen.

Føremål

Helsenorge.no er laga for å gje den enkelte pasienten eller dei pårørande eit betre og enklare møte med helsetenesta, og hjelpe dei med å auke meistringa, styrke pasientrolla og få ei betre helse.

Helsenorge.no skal:

  • gjere det enklare å finne fram til og velje behandlar
  • gje tilgang til eigne helseopplysningar
  • gje tilbod om sjølvbetening og høve til sjølvhjelp
  • gje informasjon og råd om god helse og livsstil, symptom, sjukdom, behandling og rettar