Kva er verktøy?
Verktøya du finn på Helsenorge er digitale, og kan vere alt frå enkle videoar til avanserte verktøy for heimeoppfølging av pasientar. Verktøya kan du få som appar på mobiltelefon eller bruke via ein nettlesar.
Føremålet med verktøy kan til dømes vere å lære, meistre, dokumentere, få oppfølging i samband med behandling og rehabilitering, eller hjelpe deg for å betre helsekvardagen din.
Kvalitetssikra innhald
Verktøya på Helsenorge er valde ut av helsemyndigheiter, legar, pasientforeiningar eller andre som arbeider for betre helse i befolkninga. Desse verktøya er dermed kvalitetssikra og godkjent av den offentlege helsetenesta, og dei eksisterer uavhengig av Helsenorge. Du kan derfor vere trygg på den helsefaglege kvaliteten i verktøya, og at data og personopplysningane dine blir tatte godt vare på.
Kven har tilgang til verktøy?
Dei fleste verktøy er tilgjengeleg for alle og kan brukast fritt. Nokre verktøy må du få spesiell tilgang frå helsepersonell for å bruke.
Fullmakt og representasjon
Eit utval verktøy kan du òg bruke på vegner av den eller dei du representerer. Dette varierer frå verktøy til verktøy og avheng av føremålet, funksjonaliteten og moglegheitene som finst i kvart enkelt verktøy.
Slik brukar du verktøy
Dei fleste verktøy kan du sjølv ta i bruk, og ved å logge inn kan du samle dei i ei eiga liste. Du kan òg få verktøy tilsendt eller føreskriven av behandlaren din, til dømes frå lege, fysioterapeut, psykolog eller andre. Då vil du få ei melding frå Helsenorge og du vil kome rett til verktøyet når du loggar inn på Helsenorge.
Fordelar ved å vere logga inn
Ved å logge inn på Helsenorge kan du få ei enklare brukaroppleving når du brukar verktøy. Mange verktøy vil då bruke opplysningar som allereie ligg hos Helsenorge, og du slepp å legge inn enkelte opplysningar fleire gongar. Du vil òg kunne bevege deg lettare mellom ulike helseverktøy når du er logga inn.
Personvern og datautveksling
I fleire verktøy kan du samle og registrere opplysningar som kan vere nyttige i oppfølginga eller behandlinga di. Desse opplysningane vil bli lagra i det aktuelle verktøyet. Du kan sjølv velje via Helsenorge om du vil opne for å dele eller utveksle opplysningane mellom Helsenorge og verktøyet. Helsenorge har ikkje dataansvar for eventuelle opplysningar som blir lagra i verktøy.
Les meir om personvern på Helsenorge
Finn du ikkje eit spesifikt verktøy?
Det kan vere ulike grunnar til at du ikkje finn eit verktøy du har høyrt om eller brukt før. For at verktøyet skal finnast på Helsenorge må det vere tatt i bruk av den offentlege helsetenesta i Noreg. I tillegg må verktøyet oppfylle nødvendige krav til kvalitet og tryggleik. Verktøytenesta på Helsenorge er relativt ny, så det vil kome fleire verktøy over tid. Verktøy som ikkje lenger er aktuelle vil bli trekt tilbake.
Føreslå eit verktøy
Viss du har ein god idé og forslag til verktøy som bør vere på Helsenorge, ta kontakt med myndigheiter eller pasientforeiningar som kan hjelpe deg å fremje forslaget.