Bestill time hos helsesjukepleiar i Helsenorge-appen

I Helsenorge-appen kan du bestille time hos helsesjukepleiar på skulen din utan at foreldra dine får vite om det. Du kan òg finne kor nærmaste helsestasjon for ungdom er og kven som er fastlegen din.

Du kan logge inn i Helsenorge-appen med MinID og sjå kva som er nærmaste helsestasjon for ungdom. Nokon kan òg bestille time hos helsesjukepleiar via Helsenorgeappen. Skulen gir deg beskjed om du kan bestille time hos helsesjukepleiar i appen.

Med foreldresamtykke kan du få tilgang til fleire tenester.

Kven kan bruke Helsenorge-appen?

Du må vere fylt 13 år og ha MinID for å logge inn i appen.

For å kunne bestille time hos helsesjukepleiar på skulen, må du finne skulen din og legge han til i appen.

Du kan òg bruke appen for å finne nærmaste helsestasjon for ungdom, og sjå kontaktinformasjon til fastlegen din.

Last ned Helsenorge-appen

Helsenorge-appen er tilgjengeleg for Android og Apple-einingar, og kan lastast ned herfrå:

Tilgjengelig på Google PlayTilgjengelig på App Store

 

Kva kan du gjere i appen?

I appen kan du

  • Finne nærmaste helsestasjon for ungdom (HFU). HFU-er blir førebels berre vist i nokre kommunar
  • Sjå kven fastlegen din er og kontaktinformasjonen til legekontoret

Viss skulen din er i appen kan du òg

  • Bestille time hos helsesjukepleier på skulen eller telefontime
  • Avbestille timen viss tidspunktet ikkje passar
  • Få informasjonsmelding frå helsesjukepleier på skulen

Foreldra dine får ikkje vite at du har bestilt ein time hos helsesjukepleiar.

Korleis ta i bruk Helsenorge-appen

Trykk "Logg inn" og vel "Bestille time hos helsesjukepleiar – For ungdom frå 13 år med MinID".

Når du loggar inn første gong, må du godta vilkåra for bruk av appen. Du treng ikkje løyve frå foreldra dine til dette.

Du kan bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller personleg kode til å logge inn i appen. Dette kan du sette opp første gong du loggar inn, eller du kan gjere det seinare under innstillingar. Då går det raskare å logge inn neste gong du skal bruke appen.

Er du allereie innlogga i Helsenorge-appen med BankID?

For å kunne bestille time hos helsesjukepleiar i appen, må du logge inn med MinID éin gong. Har du fylt 16 år, kan det hende du allereie er logga inn med BankID. Då må du først velje "Full utlogging". Når du loggar deg inn på nytt i appen vel du MinID.

"Full utlogging" finn du i appen ved å trykke på tannhjulet. Heilt nedst klikkar du på "Full utlogging".

Når du har logga inn med MinID og fått tilgang til helsesjukepleiar og informasjon om helsestasjon for ungdom, kan du fortsette med å bruke BankID for å logge inn. 

Du finner "Full utlogging" nederst under "Profil og innstillinger" i appen.

"Profil og innstillingar" kjem du til ved å trykke på tannhjulet i appen. "Full utlogging" gjer at du kan logge inn med MinID.

Tilgang til andre tenester på Helsenorge for deg med BankID

Er du 16 år eller eldre har du tilgang til fleire tenester på Helsenorge. Du må logge inn med BankID for å få tilgang til desse tenestene. 

Er du mellom 13 og 16 år kan du få tilgang til fleire tenester om foreldra dine samtykker til det.Les meir om ungdomstilgang med foreldresamtykke.

Du må ikkje ha appen for å få hjelp

Du må ikkje bruke Helsenorge-appen for å ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen eller helsestasjon for ungdom. Du kan alltid banke på hos helsesjukepleiar for å få hjelp.

Sjekk nettsidene til skulen din for å sjå når helsesjukepleiar er til stades. Du kan òg sjekke nettsidene til kommunen for opningstider og adresse til helsestasjon for ungdom.

Helsenorge for ungdom

Ta i bruk tjenester og styr hvem som ser hva om deg. Fra du er 13 år kan du logge inn i Helsenorge-appen med MinID. Fra du er 16 år kan du styre det meste selv.

Illustrasjon: VH-Studio/Mostphotos

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Bestill time hos helsesjukepleiar i Helsenorge-appen. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 20. mars 2024 [henta laurdag 21. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/ungdom/helsenorge-fra-du-er-13-ar/

Sist oppdatert onsdag 20. mars 2024