Lagring av stamceller frå navlestrengsblod

Nokre foreldre lurer på om dei bør lagre navlestrengsblod frå den nyfødde som ei forsikring mot framtidig alvorleg sjukdom. Nytta av å lagre navlestrengsblod til eige bruk er ikkje vitskapleg dokumentert.

Kvifor lagre stamceller frå navlestrengen?

Ved fødselen inneheld navlestrengen og morkaka blod frå fosteret. Dette blodet har ein høg del stamceller av same type som dei vi finn i beinmargen. Noko av funksjonen til stamcellene er å erstatte sjuke eller skadde celler i kroppen. Difor kan stamceller brukast til å behandle enkelte blod- og immunsjukdomar.  
 
Det finns private verksemder som tilbyr lagring av navlestrengsblod frå nyfødde i tilfelle barnet sjølv kan få bruk for det seinare i livet.

Det er ikkje tilrådd å lagre navlestrengsblod til eige bruk

Nytta av tapping og lagring av navlestrengsblod til eige bruk er ikkje vitskapleg dokumentert. Dessutan finst det ikkje nokon behandlingar i den offentlege norske helsetenesta som baserer seg på bruk av eige navlestrengsblod. Lagring til eige bruk er ikkje tilrådd av norske fagmiljø.

Det å få tilbakeført mest mogleg navlestrengsblod til barnet må vegast opp mot tapping av nok blod til lagring for framtidig bruk.For den nyfødde er det ein fordel å få blodet i navlestrengen og morkaka tilbakeført. Derfor tilrår fagmiljøa sein klipping av navlestrengen. Ved lagring av navlestrengsblod bør det tappast minst 70 ml blod for at det skal ha noka føre seg. I ei slik avveging skal legen leggje vekt på omsynet til den nyfødde. Og ved fødselen skal alltid tryggleiken til mor og barn gå føre.

Dette bør du tenke på dersom du vurderer å lagre navlestrengsblod

Sjølv om norske fagmiljø ikkje tilrår lagring av navlestrengsblod til eige bruk, kan ikkje foreldre nektast å tappe og lagre navlestrengsblod ved private navlestrengsblodbankar, dersom dei ønskjer det.

Helseføretaka skal leggje til rette for at foreldre kan bruke slike private tilbod, på eige initiativ og for eiga rekning, dersom det er fagleg forsvarleg og praktisk mogleg.

Dersom du vurderer å tappe og lagre navlestrengsblod privat, er det viktig å vere klar over dette: 

  • Det er i dag ikkje dokumentasjon for at lagring av eige navlestrengsblod er nyttig.  
  • Dersom du vil  lagre navlestrengsblod, bør du sjekke at den som utfører tappinga, har godkjenning frå Direktoratet for medisinske produkter.   
  • Det er svært liten sjanse for at eige lagra navlestrengsblod vil bli brukt til behandling av framtidig sjukdom.  
  • Sjekk om verksemda har ein avtale for lagring av navlestrengsblod andre stader dersom verksemda går konkurs.   
  • Sjekk at verksemda gir informasjon om kor mykje stamceller som må tappast, og at dette er nok til behandling med teknologien vi har i dag.  
  • Ver skeptisk til verksemder som promoterer navlestrengsblod som ein mirakelkur.  
  • Hugs at det nyfødde barnet ikkje kan gje samtykke til donasjon av stamcellene sine, og at det er ein helsefordel for barnet å få blodet i morkaka og navlestrengen tilbakeført.

Praktiske forhold ved privat lagring av navlestrengsblod 

I nokre tilfelle vil det ikkje vere mogleg å lagre navlestrengsblod. Det er ikkje mogleg dersom:  

  • Det ikkje er mogleg å tappe nok blod frå navlestrengen. 
  • Navlestrengsblodet har blitt forureina med bakteriar eller virus i samband med fødselen eller tappinga. 

Det oppstår komplikasjonar under fødselen slik at det av omsyn til mor eller barn ikkje er forsvarleg å bruke tid på tapping av navlestrengsblod.

Det er ikkje uvanleg at legen må kassere navlestrengsblod. Det skjer òg hos verksemder som lagrar slikt materiale til pasientar som treng det (allogen bruk). Dei kasserer cirka halvparten av det som blir tappa, enten på grunn av for lågt stamcelletal eller på grunn av forureining med bakteriar eller virus.  

Liten sjanse for at barnet ditt treng navlestrengsblodet til eige bruk 

Ei berekning basert på behandlingsalternativa vi har i dag, indikerer at 1 av 20 000 til 250 000 kan få bruk for stamceller som blir lagra ved fødselen. For personar med europeisk bakgrunn er sjansen endå lågare, fordi dei oftare finn ein eigna gjevar i register over beinmargsdonorar og dei (offentlege) allogene navlestrengsblodbankane.

Dersom eit barn i framtida treng stamcellebehandling, til dømes på grunn av kreft, er det mest sannsynleg at ein hentar stamceller til behandling frå ein donor, eller frå barnets blod eller beinmarg etter at diagnosen er stilt.

Barn som blir fødde med arveleg sjukdom har heller inga nytte av å lagre stamceller frå sin eigen navlestreng. Årsaka er at den genetiske feilen som gjer barnet sjukt, også vil vere til stades i stamcellene som vart lagra frå navlestrengen.

I dag bruker ein sjeldan stamceller frå navlestrengsblod som er lagra lengre enn 10 år, til behandling. Nyare forsking viser likevel at kvaliteten på dei lagra cellene ikkje blir redusert ved lagring opp til 15 år. Kor lenge celler frå navlestrengsblod faktisk kan lagrast utan å ta skade, er førebels uvisst.  

Når kan du ha behov for navlestrengblod? 

I familiar der det alt er eit barn med sjukdom som kan behandlast med stamcelletransplantasjon, vil det offentlege i enkelte situasjonar  sjå til at navlestrengsblod frå eit nyfødd søsken blir lagra.

Dersom eit eldre søsken har ein sjukdom som kan behandlast med stamceller og den nyfødde har tilstrekkeleg lik vevstype (HLA-typ), kan stamceller frå navlestrengsblodet til den nyfødde transplanterast til det sjuke barnet. Men, berre dersom den nyfødde sjølv ikkje har sjukdomen. Leukemi, β-thalassemi og sigdcelleanemi er døme på slike sjukdomar.

Dersom du er gravid og dette er ein aktuell situasjon for familien din, bør du ta kontakt med transplantasjonslegane ved barneavdelinga på Rikshospitalet.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Lagring av stamceller frå navlestrengsblod . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 18. mars 2024 [henta torsdag 12. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/undersokelse-og-behandling/lagring-av-navlestrengsblod/

Sist oppdatert måndag 18. mars 2024