Bekkeninfeksjon

Ein bekkeninfeksjon rammar indre kvinnelege kjønnsorgan. Ubehandla kan infeksjonen gi kroniske smerter og vanskar med å bli gravide.

Kva er bekkeninfeksjon?

Ein bekkeninfeksjon betyr at du har ein betennelse i dei indre kjønnsorgana. Organa som kan rammast er eggleiarane, eggstokkane og livmora, og nokre gongar bukhinna.

Den engelske nemninga er pelvic inflammatory disease (PID).

Symptom på bekkeninfeksjon

Symptoma kan variere frå kraftige til milde plager. Her er nokre kjenneteikn som gjer at du bør oppsøke lege:

  • smerter i nedre del av magen
  • smerter under samleie
  • blødingar under eller etter samleie
  • unormal/illeluktande utflod
  • smerter i nedre del av ryggen
  • kvalme
  • du tissar ofte og det gjer vondt
  • auka smerter under menstruasjonen eller rundt eggløysinga. Menstruasjonen kan òg forsvinne heilt.
  • feber og sjukdomskjensle

Årsaker

Bekkeninfeksjonen kjem vanlegvis av ein bakterie som smittar ved seksuell omgang. Den vanlegaste bakterien er klamydia, men gonoré og andre infeksjonar kan òg vere årsaka.

Infeksjonen startar vanlegvis i skjeden eller i livmora og spreiar seg oppover i kjønnsorgana. Eggleiarane er passasjen eggene brukar når dei bevegar seg frå eggstokkane til livmora. Det kan dannast arrvev i eggleiarane etter ein infeksjon, og det kan blokkere vandringa til egget og gjere det vanskelegare å bli gravid.

Sidan det er trongt i eggleiarane kan eggene òg sitte fast her. Blir egget befrukta, begynner fosteranlegget å vekse i eggleiaren. Dette blir kalla svangerskap utanfor livmora eller ein ektopisk graviditet, og kan vere farleg.

Risikofaktorar og førebygging

Alle seksuelt aktive kvinner kan få bekkeninfeksjon, men det rammar oftare kvinner under 25 år.

Andre forhold som kan auke risikoen for bekkeninfeksjon er:

  • tidlegare seksuelt overførbar sjukdom
  • fleire enn éin seksualpartnar
  • innsett spiral

Utgreiing og diagnose

Mistenker legen at du har ein bekkeninfeksjon, blir du undersøkt gynekologisk. Legen vil òg ta ei blodprøve, måle temperaturen og ta ei bakterieprøve frå livmorhalsen. Ved typiske symptom og funn vil legen truleg starte behandling med ein gong, før prøvesvara ligg føre.

Av og til er det vanskeleg å skilje bekkeninfeksjon frå blindtarmbetennelse. Men dette kan legane finne ut på sjukehuset.

Ein sjeldan gong treng må du ta ein kikhòlsoperasjon (laparoskopi) for å finne årsaka til sjukdomen. Operasjonen inneber at kirurgen lagar eit lite hol ved navlen som kameraet kan passere gjennom.

Behandling av bekkeninfeksjon

Antibiotika har god effekt på bekkeninfeksjon, og det er sjeldan behov for anna behandling. Nokon kan likevel ha fått skadar på eggleiarane før tilstanden blei diagnostisert og behandla.

Behandling for mild til moderat bekkeninfeksjon

Du vil sannsynlegvis få to typar antibiotika som ein tablettkur. Det er viktig å ta medisinen nøyaktig slik legen har føreskrive. Vanlege biverknadar av antibiotika er kvalme og diaré.

Ved påvist gonoré finst ei spesifikk injeksjonsbehandling.
Har du smerter, kan du bruke smertestillande medisin som til dømes ibuprofen eller paracetamol.

Du bør ha avtalt ein legetime to dagar etter at du har starta antibiotikakuren. Dersom du ikkje er betre, kan det vere behov for fleire testar eller innlegging på sjukehus.

Behandling for alvorlig bekkeninfeksjon

Er tilstanden alvorleg eller du er gravid, kan det vere nødvendig med intravenøs antibiotikabehandling på sjukehus.

Symptoma på ein alvorleg bekkeninfeksjon er:

  • høg feber
  • oppkast
  • du er ikkje har blitt betre etter nokon dagar med antibiotika
  • du ikkje kan bruke antibiotika

Sjølvhjelp og råd

Det beste du kan gjere for å verne deg mot bekkeninfeksjon er å unngå seksuelt overførbare sjukdomar. Du kan redusere risikoen med følgande tiltak:

Har du hatt ubeskytta sex eller fått deg ny partnar, bør du teste deg for kjønnssjukdomar.

Har du fått påvist bekkeninfeksjon, er det viktig at partnaren din får vite om det og sjekkar seg. Du bør unngå å ha sex før antibiotikakuren er avslutta.

Bestill gratis kondomer

Kondomer beskytter både mot kjønnssykdommer og uønsket graviditet. Her kan du bestille gratis kondomer og få vite mer om hvorfor du bør beskytte deg.

Går det over?

Ni av ti kvinner blir frisk av bekkeninfeksjonen etter antibiotikabehandling, uavhengig om behandling går heime føre seg eller på sjukehus. Omtrent éin av fire kvinner må innleggsgast på sjukehus.

Brukar du spiral, kan det vere nødvendig å ta ut denne.

Dessverre kan ikkje behandlinga rette på skadar som allereie er skjedd i eggleiarane.

Du kan få bekkeninfeksjon fleire gongar, men risikoen blir betrakteleg redusert med éin stabil partnar eller bruk av kondom.

Bekkeninfeksjon - akutt. Helsebiblioteket, 2024.

Pelvic inflammatory disease (pdf). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Bekkeninfeksjon. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 8. mars 2024 [henta tysdag 3. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/underliv/bekkeninfeksjon/

Sist oppdatert fredag 8. mars 2024