E. coli-tarminfeksjon

E. coli-bakteriar (Escherichia coli) er ei fellesnemning for bakteriar som finst naturleg i tjukktarmen hos alle menneske og varmblodige dyr. Dei aller fleste bakteriane fører ikkje til sjukdom, men har ein viktig funksjon for fordøyinga. EHEC er ein E.coli-bakterie som i enkelte tilfelle kan gje alvorleg sjukdom.

Oppsummering

Det finst nokre grupper av E. coli som ikkje finst i den naturlege tarmfloraen vår, og som kan vere årsak til ulike typar tarminfeksjonar hos menneske. Dei fem vanlegaste gruppene av sjukdomsframkallande E.coli-bakteriar heiter EHEC, EIEC, EPEC ETEC og EAEC.

EHEC er den typen E. coli-bakterie som vi har høyrt mest om i media. Nokre former av EHEC-bakterien kan i sjeldne tilfelle gje alvorlege komplikasjonar i form av den alvorlege nyresjukdomen hemolytisk-uremisk syndrom (HUS), spesielt hos barn og eldre. Andre typar av EHEC-bakterien kan gje mildare sjukdomsbilete.

ETEC førekjem hovudsakleg i utviklingsland og kan vere årsak til turistdiaré hos personar frå industrialiserte land som besøker utviklingsland.

Symptom

E. coli-tarminfeksjon er i dei fleste tilfelle ufarleg, men ein sjeldan gong kan infeksjonen gje alvorleg sjukdom.

E. coli kan gje diaré og magesmerter, og i nokre tilfelle blodig diaré. Barn treng ikkje ha feber, men kan vere i generelt dårleg form med slappheit, kvalme og dårleg matlyst. Diaréen kan ofte vare i fire til ti dagar hos vaksne og noko lenger hos barn.

Smittsomhet og inkubasjonstid

EHEC- og andre typar av E. coli-bakterien kan smitte gjennom forureina mat, blant anna frå kjøt og kjøtprodukt av storfe, sau og geit.

I tillegg kan han smitte gjennom:

  • forureina grønsaker og salat
  • upasteurisert mjølk
  • produkt av upasteurisert mjølk
  • forureina drikkevatn

Bakteriane kan også smitte ved:

  • direkte kontakt med dyr eller via avføringa frå dyra
  • frå badevatn
  • direkte frå person til person gjennom skitne hender

Inkubasjonstid 

Tida frå du blir smitta av bakterien og til du utviklar sjukdom varierer. For EHEC opptrer symptoma vanlegvis 3-4 dagar etter smitte. For EIGEC, ETEC og EAEC er inkubasjonstida kortare.

Korleis redusera risiko for smitte frå mat og vatn?

  • Kjøtdeig, hamburgarar, kjøtkaker og annan farsemat bør vere godt gjennomsteikt. Andre kjøtprodukt bør vere godt steikte på overflata.
  • Hold rått kjøt adskilt frå andre matvarer. 
  • Vask knivar, skjerefjøler og kjøkenutstyr som er blitt forureina av råvarer, før du bruker utstyret til annan mat.
  • Vask hender godt etter toalettbesøk, før matlaging og måltider, etter håndtering av rått kjøt og etter kontakt med dyr.
  • Bruk flaskevatn hvis du er i tvil om drikkevannskvaliteten.
  • Unngå upasteurisert mjølk og produkt laga av upasteurisert mjølk.
  • Grønsaker, salat, frukt og bær som skal etast rå, bør skyljast godt og tørkes først. Importerte frosne bær bør varmebehandlast.
  • Hugs god kjøkkenhygiene også når du griller ute.
  • Personar som har diaré bør unngå å lage mat til andre.
  • Oppbevar maten ved kjøletemperatur, som er 4°C. Hugs kjøleboks i sommarvarmen.

Ved opphald i utlandet bør du i tillegg:

  • unngå egg der plomma framleis er flytande og produkt laga av rå egg, til dømes majones og aioli
  • passe på at frukt er godt vaska med reint vatn og tørka

Ved reiser til land med dårlege hygieniske forhold og/eller land der førekomst av mage-tarmsykdom er høg, bør du også:

  • berre nytta flaskevatn, også til tannpuss
  • unngå ukokte grønsaker, salat, bær og iskrem som ikkje er meieripakka
  • skrell all frukt
  • unngå rå skaldyr

Behandling

Det finst ikkje noka behandling mot sjølve bakterien, og du skal i utgangspunktet ikkje bruke antibiotika. Enkelte studiar tyder på at antibiotika kan gjere sjukdomen verre. Antibiotika blir berre vurdert som behandling dersom det er mistanke om at ein har ein annan bakteriell infeksjon samtidig.

Når du har diaré, får du eit stort væsketap frå tarmen. Derfor er det viktig å drikke nok væske når du har diaré. I dei mest alvorlege tilfella kan ein leggjast inn på sjukehus for å få væske intravenøst.

Ved dei sjeldne tilfella med EHEC-infeksjon der ein har fått den alvorlege nyresjukdomen HUS (hemolytisk uremisk syndrom), er det nødvendig at ein blir lagd inn på sjukehus for behandling.

Sjukemelding

Personar i spesielt utsette yrkesgrupper bør ha tre avføringsprøvar med negativt resultat før dei kan gå på jobb igjen dersom dei har fått påvist ein EHEC som er forbunden med alvorleg sjukdom («høgvirulent EHEC»).

Dette gjeld personar som:

  • arbeider i matvareproduksjon, serveringsstader, næringsmiddelverksemder, og lagar til eller serverer mat
  • arbeider med personar som er spesielt sårbare for infeksjon, t.d. med immunsvekte pasientar, nyfødde eller på intensivavdeling

Kvar prøve må takast med 24 timars mellomrom og første prøve tek ein tidlegast to til tre dagar etter symptomfridom.

Ved påvising av andre typar E. coli-infeksjon eller ein EHEC som ikkje er forbunden med alvorleg sjukdom («lågvirulent EHEC»), kan ein returnere til arbeid 48 timar etter siste episode med diaré og/eller oppkast.

Heime frå barnehagen

Barn som er blitt smitta med ein EHEC som er forbunden med alvorleg sjukdom («høgvirulent EHEC»), bør ha tre negative kontrollprøvar før dei kan vende tilbake til barnehagen.

Barn som bur i ein husstand der nokon har fått påvist høgvirulent EHEC-infeksjon, bør haldast borte frå barnehagen til:

  • den sjuke ikkje lenger har diaré
  • ein avføringsprøve viser at barnet ikkje er smitta

Barn som har fått påvist andre typar av E. coli-infeksjon eller ein EHEC som ikkje er forbunden med alvorleg sjukdom («lågvirulent EHEC»), kan gå tilbake til barnehagen 48 timar etter at barnet ikkje lenger har diaré og/eller oppkast.

Rettar

Folketrygda dekkjer utgifter til legehjelp ved undersøking, behandling og kontroll av ålmennfarlege smittsame sjukdomar. Det tyder at dersom du får påvist EHEC, eller nokon rundt deg har fått påvist bakterien og du bør testast, skal du ikkje betale eigendel når du går til legen.

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. E. coli-tarminfeksjon. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 28. mai 2024 [henta tysdag 16. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/mage-og-tarm/ecoli/

Sist oppdatert tysdag 28. mai 2024