Akutt lungesviktsyndrom (ARDS)

Akutt lungesviktsyndrom er ein alvorleg tilstand som rammar lungene. Tilstanden gjer det vanskeleg å puste og hindrar kroppen i å få nok oksygen.

Kva er akutt lungesviktsyndrom?

Akutt lungesviktsyndrom (ARDS) oppstår når lungevev blir svært betent, noko som gjer det vanskeleg å få nok oksygen. Lungene kan òg delvis fyllast med væske, og det blir vanskelegare å puste normalt.

ARDS oppstår vanlegvis som ein komplikasjon til ein annan tilstand, som til dømes ein alvorleg infeksjon. Dette betyr at dei fleste som får tilstanden allereie er på sjukehus.

Ei av dei vanlegaste årsakene til ARDS er blodforgifting (sepsis), som oppstår når immunsystemet reagerer på ein infeksjon ved å skade kroppen i staden for å beskytte han. 

Andre årsaker er:

  • framandlekam som sit fast i luftvegane
  • ein infeksjon i bukspyttkjertelen (pankreatitt)
  • fysisk skade på lungene, til dømes etter ei trafikkulykke
  • store brannskadar
  • problem knytta til blodoverføring
  • overdose av narkotika eller legemiddel
  • blodpropp i lungene

Alvorleg sjukdom, røyking eller alkoholmisbruk aukar òg risikoen for ARDS.

Nokon døyr av sjukdomen, men behandling hjelper mange til å puste normalt igjen.

Symptom på akutt lungesviktsyndrom

Det viktigaste symptomet på ARDS er pusteproblem. Du kan til dømes føle at du må puste veldig raskt for å få nok luft. Eit anna symptom er å hoste opp skummande spytt.

ARDS er vanlegvis forårsaka av ein annan tilstand. For å finne årsaka, vil det bli tatt blod- og spyttprøvar og eit røntgenbilete av lungene.

Behandling av akutt lungesviktsyndrom

Den beste måten å behandle ARDS, er å kurere tilstanden som forårsaka han. Ei av dei vanlegaste årsakene er ein bakteriell infeksjon, som vanlegvis blir behandla med antibiotika.

Det er òg viktig å halde lungene fri for væske og sørge for at du får nok oksygen. For å få nok oksygen kan du få hjelp av ei maske du kan puste gjennom. Maska er tilkopla ein respirator. Har ikkje respiratoren god nok effekt, kan legen sette eit røyr ned i halsen (intubering) for å få meir luft direkte til lungene.

Nokon treng ekstra hjelp for å klare å puste, sjølv når dei er kopla til ein respirator. Du kan til dømes trenge roande legemiddel for å roe musklar og nervar, eller hjelp til å sove når maskina er på.

Prognose ved akuttlungesviktsyndrom

Mellom ein tredel og halvparten av dei som utviklar ARDS vil døy. Dei fleste med ARDS er likevel alvorleg sjuke frå før av, og dødsårsaka er ofte organsvikt forårsaka av den underliggande sjukdomen, ikkje pustevanskane.

Yngre menneske har ein mykje betre sjanse til å overleve ARDS enn eldre.

Personar som er behandla for ARDS, får ofte dårlegare lungekapasitet, men dette gir ikkje alltid symptom. Det er òg vanleg å ha andre problem som muskelsvakheit eller langvarig smerte.

Om du har hatt ein episode med ARDS og er bekymra for langvarige verknadar, bør du snakke med legen din.

LHL

22 79 90 00

Medlemsorganisasjonen LHL jobber for mennesker med hjerte-, kar- og lungesykdom, allergi, hjerneslag, afasi, og deres pårørende.

Akutt lungesviktsyndrom (ARDS). Helsebiblioteket, 2024.

Acute respiratory distress syndrome. Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2020.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Akutt lungesviktsyndrom (ARDS). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 2. juli 2024 [henta onsdag 5. februar 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/lunger-og-luftveier/akutt-lungesviktsyndrom-ards/

Sist oppdatert tysdag 2. juli 2024