Cushings syndrom

Cushings syndrom skriv seg frå høge nivå av hormonet kortisol. Årsaka kan vere langvarig behandling med kortikosteroidar eller svulst i hypofysen eller i binyrene. Prognosen er vanlegvis god når den underliggjande årsaka blir behandla.

Cushings syndrom – kva er det?

Cushings syndrom (hyperkortisolisme) kjem av høge nivå av eit hormon som heiter kortisol.

Hovudsymptomet er vektauke, og tilstanden er meir vanleg hos kvinner enn hos menn.

Den vanlegaste årsaka til Cushings syndrom er langvarig behandling med legemiddel med kortison, ofte omtalt som "kortisonpreparat". Kortison blir brukt til å behandle smerter og dempe betennelsar. Dei blir særleg brukte ved autoimmune sjukdomar der immunapparatet må dempast. Kortison i høge dosar kan derimot forårsake alvorlege biverknader ved langtidsbruk, for eksempel diabetes type 2 og Cushings syndrom.

Ei mindre vanleg årsak til Cushings syndrom er ein svulst som sit i hypofysen, eller i binyrene, men det er sjeldnare.

Cushings syndrom aukar risikoen for hjarte- og karsjukdomar, diabetes, høgt blodtrykk og beinskjørheit.

Symptom

Eit viktig symptom på Cushings syndrom er vektauke, spesielt

  • rundt midja
  • øvre del av ryggen
  • mellom skulderblada
  • i ansiktet (måneansikt)

Andre symptom som kan opptre saman med vektauken, kan vere desse:

  • strekkmerke på huda
  • tynn hud som lett får blåmerke
  • lang grotid for skadd hud (ved kutt, skrubbsår og insektstikk)
  • ekstrem trøyttheit
  • tap av muskelmasse

Symptoma kan vere ulike hos menn og kvinner.

Kvinner får ofte desse symptoma:

  • auka mengde kroppshår eller hår i ansiktet
  • menstruasjonsforstyrringar (uregelmessig menstruasjon eller heilt slutt på menstruasjonen)

Er du mann, kan du kanskje oppleve

  • mindre sexlyst
  • svakare ereksjon

Dersom du har fleire av desse symptoma, treng det ikkje å tyde at du har Cushings syndrom.

Utgreiing og diagnose

Dersom det er mistanke om Cushings syndrom, kjem legen til å spørje om du har brukt kortisonmiddel. Dersom du ikkje har brukt kortisonmiddel, kan ein teste kortisolnivået i spyttet eller urinen. Viser det seg at du har Cushings syndrom, kan du bli tilvist til ein spesialist (ein endokrinolog) for å få det endeleg stadfesta.

Behandling

Cushings syndrom forårsaka av legemiddel

Bruker du kortisontablettar, vil hovudbehandlinga ved Cushings syndrom vere å redusere kortisonbehandlinga forsiktig. Det er farleg å redusere dosen for raskt, og nedtrappinga bør berre skje i samarbeid med legen. Kanskje finst det ei anna behandling som legen vil tilrå.

Enkelte får biverknader når dei reduserer kortisondosen, som diaré, oppkast og trøyttheit (utmatting). Rådfør deg med legen dersom du opplever plager under nedtrappinga.

Cushings syndrom forårsaka av svulst

Dersom du ikkje tek kortisonmiddel, avheng behandlinga av kvar svulsten er lokalisert.

Svulst i hypofysen

Dei fleste treng kirurgi for å fjerne svulsten i hypofysen. Det er ein risiko for skade på hypofysen under operasjonen, spesielt dersom svulsten er stor. Du kan snakke med legen om operasjon er det rette alternativet for deg.

Sjølv om dei fleste har god effekt av operasjonen, er det større sjanse for å lykkast dersom svulsten er liten. Nokon treng ny operasjon nokre få år seinare.

Dersom kirurgen må fjerne ein stor del av hypofysen, kan han ikkje lenger produsere viktige hormon slik som tidlegare. Hormona må då tilførast varig i tablettform eller via injeksjonar etter operasjonen.

I tillegg til kirurgi kan du få tilbod om legemiddel for å redusere biverknadene av kortisonen.

Dersom verken legemiddel eller kirurgi gir ønskt effekt, eller dersom du har ein svulst som ikkje kan opererast bort, kan strålebehandling vere aktuelt.Strålebehandling er ein type røntgenbehandling som krympar svulsten. Behandlinga krev ofte fleire økter i løpet av fleire veker. Dette reduserer sjansen for at behandlinga skadar hjernen.

Strålebehandling kan vere ei effektiv behandling for Cushings syndrom, men det kan ta nokre månader før du opplever betring av symptoma.

Svulst i binyrene

Den vanlegaste behandlinga for Cushings syndrom forårsaka av svulst i binyrene er å fjerne den binyra der svulsten er lokalisert.

I enkelte tilfelle må begge binyrene fjernast. Dette inneber at du må få hormonbehandling for å erstatte hormona som binyrene produserte.

Det finst legemiddel som reduserer effekten av kortisol, men det er ikkje så effektivt som kirurgi.

Prognose

Cushings syndrom forårsaka av legemiddel

Å redusere kortisondosen i samarbeid med lege fungerer veldig bra for dei fleste. Når kortisolnivåa er tilbake til det normale, går dei fleste ned i vekt òg.

Vektreduksjonen reduserer risikoen for hjartesjukdom og diabetes i stor grad.
Kortisonreduksjonen gjer at knoklane blir sterkare, noko som reduserer brotrisikoen, og blodtrykket går ofte tilbake til det normale.

Hos menneske med diabetes type 2 kan behandling for Cushings syndrom føre til at diabetessjukdomen forsvinn heilt.

Cushings syndrom forårsaka av svulst

Utan behandling kjem omtrent halvparten med Cushings syndrom forårsaka av ein hypofysesvulst til å døy innan fem år, vanlegvis på grunn av hjarte- og karsjukdomar.

Behandling for Cushings syndrom fungerer derimot veldig bra for dei fleste.

Hypofyse- og binyreforeningen (HYBI)

940 83 450

Foreningen har fokus på sykdommene Addison, CAH, Akromegali, Cushing og Hypofysesvikt. Du og dine pårørende kan ta kontakt for råd og støtte.

Cushings syndrom. Helsebibliotektet, 2021.

Cushing's syndrome cause by an internal problem (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Cushing's syndrome caused by medication (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Cushings syndrom. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 11. november 2021 [henta tysdag 3. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hormoner/cushings-syndrom/

Sist oppdatert torsdag 11. november 2021