Addisons sjukdom (binyreborksvikt)

Addisons sjukdom er ein sjeldan tilstand som reduserer evna kroppen har til å produsere nok av livsviktige hormon. Sjukdomen forårsakar ekstrem trøyttleik og kan vere livstruande utan behandling.

Kva er Addisons sjukdom?

Binyrene produserer hormon, blant dei kortisol og aldosteron. Ved Addisons sjukdom er binyreborken skadd og produserer ikkje nok av desse hormona. Dette medfører symptom som ekstrem trøyttleik. Ubehandla kan denne tilstanden vere livstruande.

Dei fleste lever eit normalt liv ved hjelp av medisinar.

Årsaker til Addisons sjukdom

Det finst fleire årsaker til Addisons sjukdom. For å kunne gi best mogleg behandling, er det viktig å finne årsaka hos kvar enkelt person.

I dei fleste tilfelle er Addisons sjukdom ein autoimmun tilstand. Dette betyr at immunsystemet til kroppen, som vanlegvis vernar mot infeksjon, angrip delar av vevet til kroppen i staden. I dette tilfellet angrip antistoffa til immunsystemet binyreborken.

Andre, mindre vanlege årsaker til Addisons sjukdom er:

  • tuberkulose, HIV og nokre andre infeksjonar
  • kreft
  • nokre legemiddel
  • blødingar i og rundt binyrene

Personar med autoimmune sjukdomar som diabetes type 1, revmatoid artritt eller lågt stoffskifte (hypotyreose) kan utvikle antistoff mot binyrene, men dei gir vanlegvis ikkje symptom.

Symptom på Addisons sjukdom

Dei viktigaste tidlege symptoma på Addisons sjukdom er

  • utmatting (trøyttleik)
  • tap av appetitt, som etter ei stund fører til vekttap
  • muskelsvakheit

Etter kvart som tilstanden utviklar seg, kan huda bli brunare (hyperpigmentering), spesielt på

  • område der huda rynkar seg, som i handflater og knokar
  • hud som er utsett for sol
  • hudområde som er hyppig utsette for friksjon

Andre, mindre vanlege symptom er

  • muskelsmerter
  • kvalme, oppkast og magekrampar
  • salthunger
  • svimmelheit på grunn av lågt blodtrykk

Utgreiing og diagnose

Addisons sjukdom kan vere vanskeleg å diagnostisere, spesielt i tidlege stadium. Dette kjem av at symptom som trøyttleik og svakheit er vanlege symptom på mange tilstandar. Mange blir derfor ikkje diagnostiserte før dei får det vi kallar ein addisonkrise.

Under ein addisonkrise har nivåa av hormona som vanlegvis blir produserte av binyrene fall farleg lågt, og du er alvorleg sjuk. Ein addisonkrise kan vere livstruande.

Har du Addisons sjukdom, vil ei blodprøve vise låge kortisolverdiar, men mistenker legen at du har ein addisonkrise må du behandlast før resultata av blodprøvene ligg føre.

Behandling av Addisons sjukdom

Føremålet med behandlinga av Addisons sjukdom er å erstatte hormona som binyrene ikkje produserer nok av. 

Behandlinga består av kortisontablettar og ein type medisin som hjelper til med salt- og vassbalansen. Nokre kvinner tar òg tilskot av DHEA, eit tredje hormon som blir produsert i binyreborken.

I periodar må du auke dosen på kortison, til dømes viss du

  • har ein infeksjon
  • har trent mykje
  • treng ein operasjon

Kvinner kan òg trenge høgare dose kortison medan dei er gravide. Om du har tvil eller spørsmål om dosering kan legen gi deg råd.

Du vil få opplæring i medisinbruk av lege, og informasjon om når du bør auke dosen (til dømes ved sjukdom og store belastningar). Det kan ta litt tid å finne ut av rett dosering.

Blir du diagnostisert med Addisons sjukdom under ein addisonkrise, vil du bli gitt kortisoninjeksjon til du er stabil og kan byte til tablettar.

Prognose

Har du Addisons sjukdom, må du ta medisinar resten av livet. Sluttar du med behandlinga vil symptoma kome tilbake, og du kan få ein addisonkrise. Derfor er det viktig å alltid ha nok medisinar i heimen.

Når tilstanden er stabil, går du til kontroll gjerne ein gong i året for sjekke at hormonbalansen og saltbalansen er bra. Legen gir deg råd om rett bruk av legemiddel.

Alle med Addisons sjukdom bør skrive dette inn i kjernejournalen og eventuelt ha eit medisinsk varselkort på seg. Om du kjem ut for ei ulykke eller mistar bevisstheita av ein eller annan grunn, treng legen å vite at du treng ekstra dosar med kortison.
Du bør òg ha nødinjeksjonar med kortison heime i tilfelle noko skulle skje.

Familiemedlemar bør lære korleis dei skal sette injeksjonane, i tilfelle du ikkje sjølv er i stand til å sette dei.

Erstatt nødinjeksjonar i god tid, før dei går ut på dato.

Du kan lese meir om sjukdomen på nettsidene til hypofyse- og binyreforeininga (hybi.no).

Hypofyse- og binyreforeningen (HYBI)

940 83 450

Foreningen har fokus på sykdommene Addison, CAH, Akromegali, Cushing og Hypofysesvikt. Du og dine pårørende kan ta kontakt for råd og støtte.

Binyrebarksvikt – Addisons sykdom. Helsebiblioteket.no, 2024.

Addison's disease: what is it?(pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2022.

Addison's disease: what treatments work?(pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2022.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Addisons sjukdom (binyreborksvikt). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 1. november 2024 [henta onsdag 29. januar 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hormoner/binyrebarksvikt-addisons-sykdom/

Sist oppdatert fredag 1. november 2024