Livet etter eit hjerneslag

Livet etter eit hjerneslag kan gi fleire utfordringar for deg og dei pårørande.

Livet etter et hjerneslag kan være vanskelig. For noen kan det å snakke tydelig være vanskelig.

Hjerneslag er den hyppigaste årsaka til funksjonshemming. Dei synlege følgene av eit hjerneslag er ofte lammingar eller redusert styring på ein arm eller ein fot.

Dei usynlege følgene blir likevel ofte opplevde som vanskelegare. Eit hjerneslag kan snu livet på hovudet for både deg og dei pårørande.

For å sikre at slagrammede får gode helsetjenester etter et hjerneslag, har Helsedirektoratet utarbeidet pakkeforløp hjerneslag (helsedirektoratet.no) som bygger på de nasjonale retningslinjer for akutt behandling og rehabilitering etter hjerneslag. Det er også laget informasjon til pasient og pårørende om pakkeforløp hjerneslag (helsedirektoratet.no).

Prognosen etter hjerneslag

Kjem du raskt til behandling, kan du vere heldig og ikkje få nokre skadar i det heile tatt. Fleire vil derimot kunne få eitt eller fleire symptom, for eksempel

  • større eller mindre funksjonsnedsettingar
  • angst, uro og depresjon
  • vanskar med å følgje med i samtalar og diskusjonar
  • problem med sosial kontakt
  • trøyttleik/utmatting
  • taleproblem
  • redusert minne – ha problem med å utføre enkelte daglege gjeremål som å koke kaffi, kle på seg, lese aviser eller handle
  • problem med synet

Det er viktig å komme raskt i gang med rehabilitering for å trene opp att funksjonar. Både for å kunne meistre kvardagen og komme tilbake i arbeid.

Ifølge årsrapport fra Norsk hjerneslagregister fra 2022 oppgjer over halvparten av dei slagrammade at dei ikkje mottok hjelp til daglege gjeremål tre månedar etter hjerneslaget. Nær ein av fire fekk hjelp av sin familie, mens ein av ti fekk hjelp i institusjon.

Oppfølging av deg etter utskriving fra sykehuset

Slageininga vil i løpet av første uke gjere ein grundig tverrfagleg vurdering ut frå din situasjon, for å finne det beste behandlingstilbodet for deg i det vidare forløpet.

Du skal få informasjon om at du er inkludert i pakkeforløp hjerneslag og motta informasjon om kva planar som er utarbeida for vidare behandling for deg. Dersom du har behov for helsetenester eller praktisk hjelp etter utskriving frå sjukehus, melder sjukehuset frå om dette behovet til kommunen.

Kommunen kartlegg behovet for tenester, tilrettelegging av bustad og tildeling av hjelpemiddel. Eksempel på slike tenester:

  • heimehjelp
  • heimesjukepleie
  • fysioterapi
  • ergoterapi
  • logoped
  • rehabilitering osv.

Fastlegen har ansvaret for at du får rett medisinsk oppfølging i kommunen. Dersom du har behov for fleire tenester over ei viss tid, har du rett på å få ein individuell plan og skal få tilbod om koordinator.

Pårørande

Pårørande er ofte pasientens viktigste støtte og har mange roller i tida etter eit hjerneslag, både som kunnskapskjelde og omsorgsgivar

Pårørande treng av og til å få hjelp sjølv, slik at dei ikkje slit seg ut eller blir sjuke sjølv.

Strektegning av innbyggere

Pårørande

Pårørande treng av og til å få hjelp sjølv, slik at dei ikkje slit seg ut eller blir sjuke sjølv.

Kontakt andre slagramma og deira pårørande

Du kan lære mykje av andre som har opplevd dette før. Derfor synast mange som har hatt hjerneslag, og dei pårørande, at det er viktig og godt å få kontakt med andre i same situasjon.

Akutt medisinsk hjelp

113

Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.

LHL Hjerneslag og Afasi

LHL Hjerneslag og Afasi er ein landsdekkande interesseorganisasjon for menneske med hjerneslag, afasi og pårørande i alle aldrar. Organisasjonen tilbyr fellesskap, informasjon og rådgiving. 

Rådgivingstelefon: Telefon 22 79 90 10
Likepersonlinje: Telefon 22 79 90 90
Pasientombod: Mobil 41 54 69 63 eller e-post al@lhl.no.

Norsk forening for slagrammede (NFS)

941 72 388

NFS ønskjer å vere til hjelp for alle dei som har fått slag og deira familie.

Landsforeningen for slagrammede (LFS)

LFS er ein landsomfattande interesseorganisasjon for dei som har hatt slag, deira pårørande, helsepersonell og andre interesserte.

Helsedirektoratet (helsedirektoratet.no)

Nasjonal faglig retningslinje for behandling og rehabilitering ved hjerneslag.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Livet etter eit hjerneslag. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 4. august 2023 [henta søndag 22. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hjerneslag/livet-etter-et-hjerneslag/

Sist oppdatert fredag 4. august 2023