Sengevæting

Sengevæting (enurese) skjer hyppig hos barn under sju år. Derfor er det viktig at foreldre er tolmodige og ikkje fjernar nattbleia for tidleg.

Mange barn synest det er flautt når dei tissar på seg. Foreldre kan derfor trøysta og bagatellisera framfor å bli sinte eller erta.

Sengevæting er ikkje farleg, men kan ein sjeldan gong komma av diabetes, urinvegsinfeksjon eller eit problem med urinvegane. Den medisinske termen for sengevæting er enurese.

Behandling og råd ved sengevæting

Dei fleste barn sluttar å tissa i senga av seg sjølv, men det finst behandling som kan hjelpa. Nokre få barn med sengevæting har treg mage (obstipasjon) - det vil seia at dei ikkje har avføring meir enn éin til to gonger i veka. Når avføringa samlast opp i tarmen, kan det pressa på urinblæra. Ved behandling av obstipasjonen, vil halvparten bli kvitt sengevætinga.

Råd mot sengevæting

  • Dersom barnet begynner å tisse i senga når det har slutta med bleier, er det tilrådd med nattbleier. Du kan prøve å la barnet bli heilt bleiefritt att etter eit par månader.
  • Hjelp barnet med å få gode toalettrutinar både på dag- og kveldstid. Dette inneber å minne dei om og oppmuntre dei til å gå på do når dei treng det i løpet av dagen, utan at det blir opplevd som eit press. Om kvelden kan du prøve å venne barnet til å gå på toalettet før det legg seg. Dersom barnet er engsteleg for å gå på toalettet om natta, kan det hjelpe om det står litt lys på.
  • Du skal ikkje late vere å gi barnet drikke når det er tørst, men unngå å spørje dei rett før leggetid.
  • Unngå å gi barnet sjokolade og drikkar med koffein, som cola, før leggetid.
  • Hugs å rose barnet når det tek ansvar og endrar vanar.

Alarmmatte

Det finst alarmmatter som vekkjer barnet dersom senga blir våt. Føremålet er at barnet skal bli vekt av alarmen og gå på toalettet. Dersom behandlinga er vellykka, vil barnet etter ei stund slutte å tisse på seg om natta. Forsking viser at halvparten av barna som bruker alarmmatte, sluttar å tisse på seg i senga, men det kan ta nokon veker eller månader før det skjer.

Barn som søv så tungt at dei ikkje vaknar av alarmen, må ha ein forelder eller føresett som vekkjer dei og følgjer dei til toalettet. Dersom behandlinga skal ha effekt, må dette gjennomførast kvar gong alarmen går av. Ulempa med alarm er at barn kan bli skremde, og han kan slå seg på utan at senga er våt. Behandling med alarmmatte bør alltid skje i samarbeid med barnet.

Medisinar

Behandling med medisinar skal aldri brukast av barn under fem år, og er sjeldan tilrådd for barn under sju år. Legemiddelbehandling kan vere eit alternativ når ein har prøvd andre behandlingar først, utan ønskt resultat.

Det vanlegaste medisinen som blir brukt mot sengevæting, er desmopressin smeltetablett under tunga. Han verkar på liknande måte som eit naturleg hormon i kroppen. Hormonet fungerer slik at urinen blir meir konsentrert, og at mengda urin blir mindre.

Desmopressin verkar raskt, men har ofte kortvarig effekt. Barnet begynner truleg å væte senga att når det sluttar å ta legemiddelet. Desmopressin kan derfor vere nyttig ved overnattingsbesøk eller i feriar, men i det lange løpet er nok effekten av alarmmatte betre.

Enkelte barn kan få biverknader som hovudverk og mageplager, men biverknader er sjeldne. Barn skal ikkje ta desmopressin dersom dei kastar opp eller har diaré. Dei skal heller ikkje ha for mykje drikke på kvelden under behandlinga. Ein sjeldan gong kan desmopressin føre til anfall eller koma forårsaka av for mykje væske i kroppen.

Viss desmopressin ikkje har effekt, kjem dette ofte av ei overaktiv blære. Barnet bør derfor greiast ut for dette ved hjelp av testar. Det finst legemiddel som hjelper mot overaktiv blære.

Prognose

Dei fleste barn sluttar å tisse i senga, også utan behandling. Likevel vil framleis 1 av 200 oppleve sengevæting i vaksen alder. Dersom sengevæting oppstår når barnet er blitt større, bør du oppsøkje lege. Det kan bli aktuelt å undersøkje barnet for blæreproblem eller andre sjukdomar.

Sengevæting (enurese). Helsebiblioteket.no, 2024.

Bedwetting (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Sengevæting. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 19. juni 2024 [henta fredag 22. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/barn/sengevaeting/

Sist oppdatert onsdag 19. juni 2024