Korleis gå fram for å få hjelp frå ein sexolog?
Dei fleste sexologar jobbar i privat praksis. Du treng ikkje tilvising frå fastlegen din, men kontaktar dei direkte.
Kva kan sexologen hjelpe med?
Ein sexolog kan gje råd, førebyggje helseplager og hjelpe deg med å løyse eller meistre seksuelle problem.
Ein spesialist i sexologisk rådgjeving kan blant anna hjelpe enkeltpersonar eller par med:
- seksuelle funksjonsvanskar
- problem med lyst, ereksjon eller lubrikasjon (tørr skjede)
- identitetsutfordringar knytte til kjønn og seksualitet
- seksuelle tenningsmønster som blir opplevde problematisk
- traumereaksjonar etter seksuelle overgrep
Ein klinisk sexolog kan i tillegg, avhengig av grunnutdanninga, drive psykoterapi eller medisinsk diagnostikk og behandling.
Finn ein sexolog
Ventetid og betaling
Ventetid for å komme til en sexolog vil variera, og er blant anna avhengig av om du søkjer hjelp hos ein privatpraktiserande sexolog eller frå den offentlege helsetjenesten.
Betaling
Dei fleste behandlingar hos NACS-godkjend sexolog blir ikkje dekt av det offentlege. Pris for konsultasjon vil variere mellom dei ulike sexologane.
Får du hjelp frå ein NACS-godkjend sexolog på helsestasjon, betaler du vanlegvis ikkje for konsultasjonen. Får du hjelp i regi av den offentlege helsetenesta, betaler du eigendel på vanleg måte.
Kva er ein NACS-godkjend sexolog?
Tittelen "sexolog" er ikkje beskytta. Det vil seie at alle som arbeider med seksuelle problemstillingar, kan bruke tittelen. Sexologar som bruker bokstavane NACS etter tittelen, er derimot godkjende (autoriserte) av den nordiske foreininga for klinisk sexologi (Nordic Association for Clinical Sexology).
Forkortinga NACS etter tittelen tyder at sexologen oppfyller sexologiforeininga sine krav til grunnutdanning, sexologisk utdanning og sexologisk praksis. NACS er ei privat ordning og skal ikkje forvekslast med autorisasjonsordninga styresmaktene har for helsepersonell.
Det finst to typar NACS-autorisering for sexologar som driv klinisk praksis i Noreg:
Spesialist i sexologisk rådgjeving NACS
Disse sexologene har minimum tre års helse- eller sosialfaglig bakgrunn med en godkjent videreutdanning i sexologi og erfaring fra sexologisk rådgivning.
Spesialist i klinisk sexologi NACS
Desse sexologane har ofte fem års grunnutdanning som lege eller terapeut med ei godkjend vidareutdanning i sexologi og erfaring frå sexologisk terapi/rettleiing.
Har sexologer teieplikt?
NACS-godkjende sexologar som også er helsepersonell, har teieplikt på lik linje med anna helsepersonell. Tilhøyrer sexologen ei anna yrkesgruppe, vil teiepliktreglane for grunnprofesjonen gjelde. NACS-autoriserte sexologar skal følgje Norsk forening for Klinisk Sexologi sine etiske retningslinjer (nfks.no) uavhengig av grunnutdanning.
Nokre sjukehus og helsestasjonar har NACS-godkjende sexologar tilsett, og enkelte fastlegar har NACS-godkjend sexologisk kompetanse. Får du behandling på sjukehus og ønskjer samtale med ein sexolog, kan du spørje legen eller sjukepleiaren om korleis du kan få ein time.