Korleis ta på kondom

Her finn du ein rettleiing i korleis du tar på eit kondom. Før du tek den på, må du sjekke datoen på kondompakken. Du skal ikkje bruke kondom som har gått ut på dato.

1. Opne pakka

Opne pakka forsiktig, som vist på bildet.

Hender som opner ein kondompakke.

2. Rull kondomet ut

Rull kondomet ut cirka ein halv centimeter og klem ut lufta i tuppen av kondomet med to fingrar. Det gjer at det ikkje blir ein luftlomme i kondomet og at sæden samlar seg i tuppen av kondomet.

Ein hand som putter eit kondom på ein penis.

4. Bruk av glidemiddel

Bruk eit glidemiddel om vaginaen er tørr eller om du har analsex.

Bilde av ein hand som tek på glidemiddel på eit kondom.

3. Rull kondomet nedover penis

Rull kondomet nedover penis, når penisen er erigert (stiv).

Kondomet må vere på penis under heile samleiet, for å beskytte mot seksuelt overførbare infeksjonar.

Bilde av eit kondom på ein penis.

5. Hold rundt kondomet når du drar penis ut

Hold rundt kondomet og dra penis ut av vagina/anus medan penis fortsatt er erigert (stiv).

Bilde av ein hand rundt ein penis med kondom på.

Du kan bestille gratis kondomer hos gratiskondomer.no.

Innholdet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Korleis ta på kondom. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 17. november 2022 [henta fredag 27. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sex-og-samliv/prevensjon/ta-pa-kondom/

Sist oppdatert torsdag 17. november 2022