Sterilisering

Sterilisering er ein liten operasjon som fjernar evna til å få barn. Hovudregelen er at alle som bur i Noreg og har fylt 25 år, kan bli steriliserte dersom dei ønskjer det.

Kva er sterilisering?

Sterilisering er ein liten operasjon som gjer at ein ikkje kan få barn. Hos kvinner blir eggledarane lukka slik at egget ikkje kan bli befrukta ved samleie. Hos mannen blir sædledarane lukka slik at det ikkje kjem sædceller ved utløysing. Dette inngrepet blir kalla vasektomi.  

Kvinner er sterile med ein gong etter operasjonen, medan menn er sterile etter tre månader. Metoden sviktar svært sjeldan. Inngrepet kan i utgangpunktet ikkje gjerast om.  

Det er den som ikkje ønskjer fleire barn, som bør la seg operere. Sidan dette er ei avgjerd med langvarige konsekvensar, bør ein til dømes ikkje ta omsyn til at operasjonen er enklare eller rimelegare for mannen.

Korleis gå fram for å få sterilisering?

Hovudregelen er at alle som bur i Noreg og har fylt 25 år, kan bli sterilisert om dei ønskjer det. 

Om du ønskjer sterilisering, kan du starte med å ta kontakt med legen din som gjer deg opplysningar om operasjonen. Deretter må du fylle ut skjemaet begjæring om sterilisering (pdf). Legen sender skjemaet saman med søknaden til sjukehus eller legespesialist som utfører slike inngrep. 

Sterilisering av menn utan medisinsk indikasjon er ikkje definert som nødvendig helsehjelp som den offentlege helsetenesta er pålagt å ha eit tilbod om. Den offentlege helsetenesta har derfor eit avgrensa tilbod om sterilisering av menn, men fleire private sjukehus og private legespesialistar har dette tilbodet. 

Du betaler for steriliseringa sjølv

Sterilisering er behandling som pasienten må betale for sjølv.

I den offentlege helsetenesta er prisen 6 079 kroner for kvinner og 1 268 kroner for menn. Prisen gjeld sjølv om du har frikort eller er friteken frå å betale eigendelar. Beløpet tel heller ikkje med i oppteninga til frikort.  

Sterilisering som gjerast i privat sjukehus eller hos privat spesialist utan avtale med det offentlege, har prisar som kan være høgare. 

Unntak frå pasientbetaling

Dersom steriliseringsinngrepet blir utført når ein person er innlagd på sjukehus for anna behandling eller av ein annan årsak, til dømes i samband med fødsel eller svangerskapsavbrot, er det ikkje høve for sjukehuset å krevje pasientbetaling.

I tillegg er det unntak frå pasientbetaling dersom inngrepet blir gjort av medisinske årsaker. Dette gjeld kvinner som

  • av medisinske årsaker ikkje bør bli gravide (der det er fare for liv og helse)
  • ikkje toler annan prevensjon

Sterilisering av personar som har fått vedtak om sterilisering i steriliseringsnemnd er også unntatt frå pasientbetaling. 

Nokre personar må søke steriliseringsnemnd om sterilisering

Nokre grupper kan ikkje ta sjølve ta avgjerda om sterilisering. Dette gjeld viss du er under 25 år eller viss du har ei alvorleg kognitiv utviklingshemming eller alvorleg psykisk liding. Då må du søke steriliseringsnemda i fylket ditt.

Søknaden om sterilisering blir send frå lege til statsforvaltaren i fylket ditt. Legen skal følgje sjekkliste for legar (pdf) ved oversending av søknad om sterilisering.

Du kan klage på avslag

Dersom steriliseringsnemnda avslår søknaden, kan du  klage til statsforvaltaren. Steriliseringsnemnda vurderer da saka på nytt. Dersom nemnda opprettheld avslaget, kan du klage vidare til Steriliseringsrådet, som er ankeinstans. Det er statsforvaltaren som skal sende klagen til Steriliseringsrådet. 

Sterilisering i Norge er regulert av ein eigen lov

Olafiaklinikken

Senter for rådgiving, undersøking og behandling av seksuelt overførte infeksjonar ved Oslo universitetssjukehus.

Sex og samfunn

Senter for ung seksualitet. Hos Sex og samfunn kan du som er under 25 år, mellom anna få rettleiing og resept på prevensjon og teste deg for seksuelt overførte infeksjonar.

Ung.no

Offentlig informasjonskanal for ungdom.

Prevensjonsguiden på flere språk

Oversikt over alle prevensjonsmidler, tilgjengelig på norsk, engelsk, urdu, polsk, somali, arabisk og tigrinja.

Zanzu

Informasjon om sex og samliv på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk, rettet mot innvandrere og andre med kort botid.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Sterilisering. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 30. oktober 2024 [henta fredag 27. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sex-og-samliv/prevensjon/sterilisering/

Sist oppdatert onsdag 30. oktober 2024