Kva er chemsex?
Chemsex betyr å bruke rusmiddel før eller under sexakta for å auke
- seksuelt uthald
- auke lystkjensla
- forsterke seksuell nyting
Rusmidla blir også brukte for å gje auka sjølvtillit og for å redusere hemmingar i risikosituasjonar. Nokon kombinerer rusmidler og sex for å leve ut sider ved seksualiteten som blir opplevde skamfulle.
Det blir ikkje rekna som chemsex dersom du vanlegvis rusar deg og tilfeldigvis har sex medan du er rusa.
Omgrepet "chemsex" blir hovudsakleg brukt om menn som har sex med menn, men har i seinare tid også fått ei utvida tyding. I dag er det meir vanleg å inkludere både menn, kvinnar og transpersonar i omgrepet. Chemsex blir ofte brukt om festar og samanhengar der gruppesex er hovudføremålet.
Den tradisjonelle definisjonen på chemsex inkluderer stoffa
- GHB
- mefedron
- metamfetamin
I nokre miljø bruker ein også ketamin, kokain, amfetamin og MDMA/Ecstasy. Psykedelika blir også brukt av nokre i samband med chemsex.
Sjølv om chemsex kan gje auka seksuell nyting, er det også forbunde med fleire risikofaktorar som påverkar fysisk, psykisk og seksuell helse negativt.
Innverknad på seksuell helse
Rusmidla som blir brukte i chemsex-miljø har til felles at dei kan gje auka impulsivitet og seksuell opphissing. Samtidig kan dei svekke evna di til å vurdere risiko og konsekvensar. Denne kombinasjonen kan føre til risikosex, som ubeskytta samleie med mange partnarar samtidig. Derfor kan bruk av rusmiddel i ein seksuell samanheng, gi auka risiko for å bli smitta av hiv, hepatitt B, hepatitt C, og andre seksuelt overførbare infeksjoner (soi).
Det er fleire grunnar til at du har auka risiko for å bli smitta av soi om du praktiserer chemsex. For det første er det meir soi i chemsex-miljø enn i andre miljø. Det er dermed høgare sannsyn for at ein av sexpartnarane dine har ein soi.
Chemsex kan føre til sår og rifter som gjer at hiv, hepatitt og andre soi smittar lettare seksuelt. Til dømes kan rusmidla som blir brukte til chemsex redusere følsemda og gjere det vanskelegare å få orgasme. Dette kan føre til lange sexøkter. Å ha sex i mange timar i strekk gjev auka risiko for skadar i endetarmen og på penis.
Fleire av rusmidla verkar dessutan bedøvande, slik at du ikkje oppdagar sår og rifter som oppstår under chemsex. Hiv og hepatittar kan også smitte gjennom ureint brukarutstyr (inkludert snifferøyr).
Chemsex kan òg føre til seksuelle problem. Mange av rusmidla som blir brukte til chemsex, kan til dømes gjere det vanskelegare å få og behalde ein ereksjon. Det anbefales ikkje å kombinere potensmiddel med rusmiddel. Potensmiddel saman med sentralstimulerande rusmiddel kan gje auka påkjenning på hjarte- og karsystemet.
Mange som praktiserer chemsex regelmessig, opplever at dei får ereksjonsproblem også i edru tilstand.
Slik kan du beskytte deg sjølv og andre mot hiv og soi
For å beskytte deg sjølv og andre mot hiv og seksuelt overførbare infeksjonar (soi) bør du:
- bruke kondom og vassbasert/silikonbasert glid
- bruke hanskar ved fisting, vask hender og byt hanskar mellom partnarbyte
- desinfisere dildoar og anna sexleiketøy i klorin i 5 minutt mellom partnarbytte
- bruke PrEP (preeksponeringsprofylakse) dersom du er hiv-negativ og deltek på chemsex-festar regelmessig
- teste deg regelmessig for hiv, hepatitt og andre soi, og bidra til god smittesporing
- ta vaksine mot hepatitt A og B
Dersom du får ein "blackout" og ikkje kan hugse om du har hatt ubeskytta sex, bør du oppsøke legevakta for PEP (post eksponeringsprofylakse), helst innan 4 timer og ikkje seinare enn 72 timar etter risiko for hivsmitte. Det gjeld ikkje om du alt bruker PrEP eller er om du er hiv-positiv.
Ha alltid med deg PrEP på chemsex-festar, og set ein alarm på mobilen din for å minne deg på å ta PrEP til fast tidspunkt. Dette gjeld sjølvsagt også dersom du lever med hiv og bør ta medisinen på faste tidspunkt.
Chemsex og samtykke
Rusmiddel kan påverke evna til å gje samtykke til sex. Dette medfører auka risiko for seksuelle overgrep og valdtekt. Chemsex kan òg føre til at du har ubeskytta sex med personar du vanlegvis ville brukt kondom med.
Bruk av rusmiddel kan gjere det vanskelegare å tolke signal frå andre, og føre til meir grenseoverskridande åtferd. Det kan føre til at du gjer overgrep mot andre. Rusen kan gjere at du eller partnar mistar medvitet i kortare eller lengre periodar. Har du sex med ein medvitslaus person, kan du ikkje vere sikker på at du har samtykke til sex.
Forsikre deg om at du har samtykke til sex ved å ofte spørje partnar om korleis hen har det og om de skal halde fram. Still spørsmål som krev meir enn ja eller nei til svar. Slik får du evaluert i kva grad den andre har samtykkekompetanse.
Sex og samtykke
Samtykke betyr å si ja til å gjøre noe. Du kan gi samtykke til sex enten med ord eller med kroppsspråk. Sex uten samtykke kan være straffbart.
Spiking
Enkelte prøver bevisst å utføre seksuelle overgrep. Rusmiddel kan løysast i glidemiddel og drikke for å ruse andre utan at dei er klar over det. Dette kallas for "spiking". For å unngå å bli utsett for seksuelle overgrep i samband med chemsex, bør du ha kontroll med rusmidla du tek inn. Du bør alltid bruke ditt eige glidemiddel, og du bør ikkje ta imot drinkar på fest utan å vere sikker på kva som er i dei.
Innverknad på psykisk helse
For nokon er chemsex ein måte å handtere låg seksuell sjølvtillit på. Dette kan kome av
- kjensla av ikkje å leve opp til kroppsideal
- problem med å akseptere seksuell tiltrekking til andre menn
- vanskar med å slappe av seksuelt etter ein hiv-diagnose
Dersom dette er ein del av din motivasjon for å praktisere chemsex, kan det vere lurt å oppsøke hjelp for å betre den seksuelle sjølvtilliten din.
For ein del chemsex-brukarar er depresjon, einsemd og kjensla av tomheit drivande faktorar for å halde fram med chemsex trass i negative opplevingar og skadeverknader. Å akseptere og anerkjenne at det fyller ei einsemd og ei tomheit, er for mange ein veg ut av ein problematisk chemsex-praksis.
Rusopplevinga kan gje ei kjensle av seksuell nyting og glede. Nokon kan likevel oppleve motsett effekt. Enkelte rusmiddel kan forsterke sinnsstemninga du er i når du tek stoffet. Har du angst eller er deprimert, kan desse kjenslene forsterkast.
Rusmidla kan også gjere det vanskeleg å regulere kjensler, og føre til at du blir
- desorientert
- forvirra
- engsteleg
- aggressiv
Har du opplevd traume eller er i ein vanskeleg livssituasjon, kan vanskelege tankar og minne kome opp i dagen som du kanskje ikkje er førebudd på å handtere.
Sex bør opplevast godt også i etterkant. Ein del chemsex-brukarar opplever anger etter å ha delteke på festar. Angrar du i etterkant på mengda stoff du tok, talet på menneske du hadde sex med eller type sex du var med på, kan det vere eit teikn på at du bør gjere nokre endringar.
Rusutløyst psykose
Nokre stoff kan føre til akutte angstanfall, paranoia eller akutt psykose. Går ein av partnarane dine inn i ein rusutløyst psykose, er det beste du kan gjere å opptre roleg og prøve å trygge personen. Få hjelp frå helsepersonell om nødvendig.
Det er viktig å ete og drikke tilstrekkeleg under chemsex. Dette vil motverke rusutløyste psykosar og bidra til at nedturen blir mildare.
Innverknad på fysisk helse
Chemsex kan føre til ei rekkje fysiske helseproblem. Utmatting som følgje av søvnmangel og dehydrering er vanlege, men forbigåande problem. Å gløyme å ta faste medisinar kan gje meir alvorlege helsekonsekvensar.
Sentralstimulerande middel, slik som kokain og amfetamin/metamfetamin, kan gje auka risiko for hjarte- og karsjukdom. Høge dosar kan føre til
- overoppheting
- organsvikt
- overdose
- hjerteinfarkt
- død
Rusmidla og reseptbelagde medisinar kan ha negativ effekt på kvarandre. Dette kallar vi interaksjonar. Du kan lære meir om interaksjonar og chemsex her. Til dømes kan hiv-medisinar føre til ei forseinka nedbryting av rusmiddel, og gje ein utilsikta overdose. Snakk med legen din om moglege interaksjonar dersom du bruker faste medisinar. Legen har tausheitsplikt, så du risikerer ikkje å bli meldt for å bruke ulovlege rusmiddel.
Å sniffe krystalliserte stoff kan føre til skadar i nasen og lunger. Nokre stoff fører til tanngnissing som skader tennene. Andre stoff fører til uønskt vektnedgang og muskelsvinn som følgje av redusert appetitt og feilernæring.
Å injisere rusmiddel gjev auka risiko for avhengnad samanlikna med andre inntaksmetodar på grunn av den intense og akutte rusopplevinga. Injisering gjev også auka risiko for blodpropp dersom rusmiddelet ikkje blir filtrert godt nok. For å unngå å smitte kvarandre med infeksjonar som hiv og hepatitt C er det viktig ikkje å dele injiseringsutstyr.
Slik kan du forminske risiko ved injeksjonar
Å ta rusmiddel med sprøyte i chemsex-samanheng er kjent som "slamming". Risikoen for overdose er langt høgare ved injeksjon enn ved sniffing, røyking og oralt inntak. I tillegg kan skadar som sår, abscessar, arrdanningar og øydelagde blodårer oppstå ved feil bruk. Dersom du slammar, gjer det med så låg risiko som mogleg.
Les meir om slamming og risiko ved injeksjonar her (chemfriendly.no).
Du kan bestille gratis brukarutstyr for slamming frå Chemfriendly Norge og www.brukerutstyr.no. Alle kommunar skal også ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon og røyking gratis og enkelt tilgjengeleg.
Overdose og forgifting
Overdosar og forgiftingar er eit stort problem ved chemsex. Nokre stoff er vanskeleg å dosere riktig, andre blir farlege dersom ein tek dei samtidig. Feil dosering og å kombinere ulike typar stoff kan føre til at du blir medvitslaus eller døyr. Ver alltid saman med andre.
Det er viktig å ha god kunnskap om rusmidla du inntek. Lær meir om rusmidla du bruker på nettsidene til rusopplysningen eller rusinfo.
Førstehjelp ved medvitsløyse
Dersom ein chemsex-deltakar er medvitslaus og ikkje lèt seg vekkje ordentleg, må du ringje 113 for førstehjelpsråd.
Ikkje la deg skremme av at de har teke ulovlege stoff. Både dei tilsette ved alarmsentralen og ambulansepersonell har tausheitsplikt, og vil ikkje melde dykk til politiet.
Legg den medvitslause personen i stabilt sideleie og pass på at hen har frie luftvegar til ambulansen kjem.
Å vere medvitslaus på ein chemsex-fest aukar risikoen for å bli utsett for overgrep og valdtekt. Ver saman med personen til helsevesenet tek over, og pass på at ingen har sex med hen.
Treng du hjelp?
Kontakt næraste overgrepsmottak (nklm.norceresearch.no) dersom du har blitt valdteken på chemsex-fest. Er det vanskeleg å kome seg til eit overgrepsmottak, kan du oppsøke næraste legevakt. Ring 116 117 for informasjon om kvar næraste legevakt er.
Synest du rusbruken din er problematisk, eller er du i tvil om du har eit problem? Her er det nokre stader du kan oppsøke for å få hjelp med rusproblem.
Hos Helseutvalget (helseutvalget.no) kan du ta ein livsstiltest som gjev deg ei tilbakemelding på rusvanane dine i form av grønt, gult eller raudt resultat. Du kan også chatte anonymt med frivillige likepersonar om uteliv, rus og sex.
Hos Foreningen FRI (foreningenfri.no), Skeiv Ungdom (skeivungdom.no) og Skeiv Verden (skeivverden.no) kan du få støtte, informasjon og eit sosialt fellesskap med andre menn som har sex med menn
Hos HivNorge (hivnorge.no) og Aksept (kirkensbymisjon.no) kan du snakke med andre hivpositive og få hjelp til å leve godt med hiv.
Sex og samfunn (sexogsamfun.no) gir råd og veiledning til personer som har erfaring fra chemsex eller som ønsker å snakke om bruk av illegale rusmidler (chems) i forbindelse med sex.
På finnensexolog.no kan du få hjelp til å få betre seksuell sjølvtillit og eit avklart forhold til den seksuelle orienteringa di.
Her kan du lese meir om kvar du kan teste deg gratis for seksuelt overførbare infeksjonar.
Chemfriendly Norge (chemfriendly.no) er ein organisasjon som arbeider skadeførebyggjande. Hos Chemfriendly kan du få tilgang på gratis brukarutstyr og få svar på spørsmål om rusmiddel og risikoreduksjon. Chemfriendly har også ei rådgjevingsteneste i samarbeid med HivNorge. Hos Chemfriendly kan du få snakke med både likepersonar og helsepersonell.