Informasjon til deg som er unnfanga ved hjelp av ein donor

Dersom du veit eller lurer på om du blei til ved hjelp av sæd eller egg frå ein donor, har du sikkert mange spørsmål. Her kan du få informasjon og svar på nokre av dei.

Dine rettar når du er unnfanga ved hjelp av ein sæddonor i Noreg etter 1. januar 2005

Viss foreldra dine har fått behandling med assistert befruktning med donorsæd i Noreg etter 1. januar 2005, har du rett til å vite  kven donoren er. Derfor kan ikkje sæddonorar vere anonyme.

Du har rett til å få informasjon om identiteten til donoren din dersom 

  • Behandlinga blei gjort etter 1. januar 2005.
  • Du har fylt 18 år.

Du må logge deg på Egg- og sæddonorregisteret for å få informasjon om donoren sin identitet.

Det er berre du som er fødd etter behandling med donoregg eller donorsæd som kan få vite identiteten til donoren, og berre dersom du sjølv ønskjer det. Mor/foreldre til ein donorunnfanga skal ikkje ha informasjon som kan identifisere donoren.

Informasjon om donorane blir lagra i registeret i minst 100 år. Du kan søke etter informasjon i registeret etter at du har fylt 18 år, og gjennom heile livet. Frå 2036 kan personar som er donorunnfanga få informasjon frå registeret når dei har fylt 15 år.

Dersom du vart unnfanga ved hjelp av donorsæd etter 2005, har foreldra dine fått informasjon om kor viktig det er å fortelje deg om dette. Frå 2021 har foreldre som får barn ved hjelp av ein donor plikt til å fortelje barnet om dette.

Dine rettar når du er unnfanga ved hjelp av eggdonor etter 1. januar 2021 

Eggdonasjon til par blei lovleg i Noreg i 2021. Eggdonorar kan heller ikkje vere anonyme. Viss du er blitt til ved hjelp av behandling med eggdonasjon utført i Noreg, vil registeret ha informasjon om identiteten til eggdonoren som er brukt. Hvis du har blitt til ved hjelp av behandling med eggdonasjon, kan du få informasjon om donor når du har fylt 15 år. Det betyr at ei tilsvarande ordning for å gje ut informasjon om identiteten til eggdonorane vil vere på plass frå 2036.

Informasjon om sæddonor i registeret

Viss donorsæden kjem frå ein norsk sædbank, kan du få informasjon om  

  • namnet til donor 
  • fødselsdato 
  • personnummer

Viss klinikken i Noreg har nytta donorsæd frå ein utanlandsk sædbank, kan du få informasjon om  

  • namnet til donor 
  • donors fødselsdato  
  • personnummer eller anna unik identifikator 
  • kva for land donor kjem frå 
  • namnet på utanlandsk sædbank som har levert sæden

Dersom du får utlevert donoren sitt personnummer, er det viktig å vere merksam på at dette er konfidensiell informasjon som du ikkje skal gi vidare til andre.

Kvifor registrere donorane?

Formålet med registreringa av donorane sin identitet er at du som er fødde med assistert befruktning ved hjelp av donorsæd eller donoregg, skal kunne få opplysningar om donoren sin identitet.

Lova gir deg ikkje rett til informasjon om andre barn som er fødde ved hjelp av sæd eller egg frå den same donoren.

Dette bør du tenkje gjennom før du søker informasjon

  • Kva slags forventingar har du? 
  • Har du nokon du kan snakke med når du har fått svar? Det kan vere familie, vener eller fastlege.
  • Korleis vil du reagere på informasjonen du får?
  • Dersom du har søsken, kan dei ha blitt til ved hjelp av den same donoren. Søskena dine har også rett til å velje om dei vil ha informasjon om donoren eller ikkje. Korleis vil du handtere det?  
  • Ønskjer du å ta kontakt med donoren, er det viktig at du er klar over at hen ikkje har plikt til å svare deg.  
  • I nokre tilfelle kan donoren vere ein person du kjenner til.
  • Du kan få informasjon om at donoren din er død. Kva tenkjer du om det?

Kva betyr det å vere donor?

  • Donoren har donert sædceller eller egg for å hjelpe personar som ikkje kan få barn på annan måte.  
  • Donoren veit ikkje om det er født barn etter bruk av sæden eller egget som hen har donert. Hen har ikkje rett til informasjon om deg eller foreldra dine.    
  • Donoren har sagt ja til at barna som er født får informasjon om hen sin identitet, og hen har sagt ja til å bli kontakta dersom barna ønskjer det. Hen har ikkje forplikta seg til å svare. 
  • Donoren blir ikkje varsla om at du har fått informasjon om identiteten.  
  • Det er berre du som er fødd med hjelp av donorsæd eller donoregg som har rett til å få vite identiteten til donor.
  • Donoren har ingen juridiske plikter overfor deg. Du har for eksempel ikkje rett til arv frå hen.   
  • Donor må fortelje legen på klinikken om eiga helse, og om det er arveleg sjukdom i familien. Viss klinikken kommer til at det er fare for at donor kan ha eller vere berar av ein alvorleg arveleg sjukdom, kan hen ikkje bli donor.

Les meir om kva det inneber å vere donor.

Kven kan du kontakte dersom du har spørsmål?

Folkehelseinstituttet har ansvar for registeret, sjå Egg- og sæddonorregisteret (fhi.no)

Helsedirektoratet kan svare på spørsmål om regelverk som gjeld for egg- og sæddonorregisteret. Du bør ikkje skrive personsensitiv informasjon i ein e-post.

Logg deg inn for å søke i registeret

Logg inn på Helsenorge

For å få informasjon i registeret, må du logge deg inn med fødselsnummer og bank-ID. Du finn Egg- og sæddonorregisteret under helseregistre.

Hvis du ikkje har BankID, kan du logge deg inn på nettstaden til Altinn via ID-porten, og fylle ut eit skjema der.

Dersom du blei unnfanga ved hjelp av donor før 2005 eller utanfor Norge

Før 2005 var det lov å bruke anonyme donorar i Noreg. Dersom foreldra dine har fått behandling med donorsæd før 1. januar 2005, finns det ikkje informasjon om donoren din i registeret. 

Registeret i Norge har heller ikkje informasjon om donoren viss foreldra dine har fått behandling med donorsæd eller donoregg i utlandet. 

Treng du nokon å prate med?

Dersom du ønskjer å snakke med nokon andre enn familie og venner, er det fleire moglegheiter.

Kan det være feil i registeret?  

Det er klinikken som har behandla foreldra dine som skal registrere opplysningar om donor, og sikre at opplysningane er korrekte. Dei må også registrere mor sitt fødselsnummer og dato for behandlinga. Dette skal gi korrekt informasjon om kven som er din donor. Helsedirektoratet har etablert ei elektronisk løysning for å registrere opplysningane, slik at   verksemdene kan følgje krava om registrering. 

Helsedirektoratet har laga rundskriv som fortel kva plikter verksemdene har, og korleis dei skal utføre registreringa.  Det er lagt inn mekanismar i løysninga som skal hindre feilregistrering. Det er likevel ikkje 100 prosent sikring mot at klinikkane kan gjere feil. Dersom klinikkane oppdagar feil, kan Helsedirektoratet bidra med å rette opp.

En familie sitter ved vannkanten

Hvordan snakke med barn om deres genetiske opphav

Dersom du har fått barn ved hjelp av egg- eller sæddonasjon, har du plikt til å fortelle barnet om hvordan det ble til. Det er fint å begynne tidlig.

Illustrasjon: Shalamov Mostphotos

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Informasjon til deg som er unnfanga ved hjelp av ein donor. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 11. desember 2023 [henta tysdag 3. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/unnfanga-med-donor/

Sist oppdatert måndag 11. desember 2023