Rett til møte med helsetenesta etter svært alvorlege hendingar

Helsetenesta pliktar å møte pasient, brukar og pårørande etter svært alvorlege hendingar som har involvert pasienten eller brukaren.

Sykepleier med sykeseng

Frå og med 1. juli 2018 fekk helse- og omsorgstenesta i kommunen og på sjukehus plikt til å tilby deg som pasient, brukar og pårørande eit møte når det har skjedd svært alvorlege hendingar som har involvert pasienten eller brukaren. Les meir om plikta på regjeringen.no

Seinast innan ti dagar

Helse- og omsorgstenesta skal tilby eit slikt møte så snart råd er og seinast innan ti dagar etter hendinga skjedde.

Svært alvorlege hendingar er der helse- eller omsorgshjelpa har ført til død, skade eller alvorlege komplikasjonar, og der hendinga er uventa med bakgrunn i venta risiko.

Ved dødsfall

Ved død har helse- og omsorgstenesta plikt til å tilby pårørande til pasienten eller brukaren eit tilsvarande møte. På møtet må helse- og omsorgstenesta informere deg om hendinga, informere om kva tiltak som er tenkt sett i verk for å unngå ei liknande hending i framtida og informere om klagesystemet.

Lovendring i pasient- og brukarrettslova

Regelendringa kjem til å gå fram av nytt sjette ledd i § 3-2 i pasient- og brukarrettslova:

Dersom skade eller komplikasjon som nevnt i femte ledd er svært alvorlig, skal pasienten eller brukeren gis tilbud om møte med helse- og omsorgstjenesten så snart som mulig etter hendelsen, og senest ti dager etter hendelsen.

Slike møter skal ha til formål å gi pasienten eller brukeren informasjon etter fjerde og femte ledd og svar på spørsmål knyttet til hendelsen og den videre oppfølgingen av denne. Ved dødsfall som følge av alvorlig hendelse, skal nærmeste pårørende tilbys tilsvarende møte.

Pasient- og brukerombudet

Pasient- og brukerombudet hjelper deg med spørsmål om helsetjenester, og gir råd og veiledning om rettighetene dine.

Helse- og omsorgsdepartementet (lovdata.no)

Pasient- og brukerrettighetsloven inneholder rettsregler om de rettigheter pasienter og brukere har overfor helse- og omsorgstjenesten.

Innhaldet er levert av Statsforvalteren

Statsforvalteren. Rett til møte med helsetenesta etter svært alvorlege hendingar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 16. november 2023 [henta laurdag 23. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/rett-til-mote-etter-alvorlege-hendingar/

Sist oppdatert torsdag 16. november 2023