Helfos bidragsordningar

Du kan i enkelte tilfelle få støtte til ulike formål gjennom den såkalla bidragsordninga.

Legemiddel på kvit resept

Du kan få bidrag til

Andre formål i bidragsordninga

Helfo kan i enkelte tilfelle gje bidrag til utgifter til helsetenester som ikkje blir dekt gjennom andre ordningar. Kva tenester dette er, går fram av rundskriv til folketrygdlova § 5-22.

Når du har betalt over 2151 kroner i 2024 (2070 kroner i 2023) i eit kalenderår, kan du sjølv søkje til Helfo om å få dekt 90 prosent som overstig denne summen (eigenbetalinga). Kor stor denne summen er, varierer frå bidragsområde til bidragsområde.

Desse områda er og ein del av bidragsordninga:

Spesielle reglar for delar av bidragsordninga

Dersom du forsørgjer ektefelle (sambuar / registrert partnar) og/eller barn under 18 år, kan utgifter de har hatt i kalenderåret til bidragsformål, slåast saman. Utgiftene kan òg slåast saman dersom fleire forsørgde barn under 18 år i same familie har utgifter til bidragsformål.

Dette gjeld berre utgifter til

  • bandasjemateriell / medisinsk forbruksmateriell samt reseptfrie legemiddel til bruk i sårbehandlinga av kroniske og alvorlege sår og fistlar
  • reseptfrie salver, kremar og oljer til behandling av alvorlege og kroniske hudlidingar
  • legemiddel på kvit resept for dei som fortsatt er omfatta av ordninga

Kvart familiemedlem sine utgifter til kvart enkelt bidragsformål oppført over, må ha nådd minstebeløpet på  2151 kroner (i 2024) før dei kan slåast saman. Familien betaler då samla berre eit minstebeløp i kalenderåret på  2151 kroner.

Dersom eit familiemedlem har utgifter til eit bidragsformål som ikkje overstig minstebeløpet, kan ikkje beløpet reknast med.

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om å få refundert utgifter som er omfatta av bidragsordninga, ved å bruke digitalt skjema. Hugs å lese om rettar og dokumentasjonskrav for kvart enkelt bidragsformål.

Les meir om digitalt skjema.

 

 

Du må sende søknaden og kvitteringar til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.

Sakshandsamingstida til Helfo er inntil åtte veker for desse sakene.

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet vårt, kan du i staden fylle ut og sende inn originale, spesifiserte kvitteringar saman med

til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.

PS: Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.

Fullmakt ved Helfo-henvendelser

​Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.

Les meir om fullmakt ved Helfo-henvendelser.

Ettersending av dokumentasjon

For at Helfo skal behandle søknaden din så raskt som mogleg, må du sende med all dokumentasjon og kvitteringar når du sender søknaden. Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du fram på følgjande måte når du har logga deg inn i Altinn:

  • Vel «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» frå rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» vel du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterande sak. Då kan vi behandle saken din raskare. Referansenummeret kan for eksempel sjå slik ut: «22/0000».

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Helfos bidragsordningar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 22. mars 2024 [henta søndag 22. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/helfos-bidragsordninger/

Sist oppdatert fredag 22. mars 2024