Korleis samlar Helsenorge inn statistikk?

Helsenorge samlar inn statistikk. Føremålet med dette er å betre og vidareutvikle nettstaden.

Helsenorge brukar analyseverktøyet Adobe Analytics. Alle IP-adresser blir anynomisert før opplysningane blir lagra og brukte vidare, slik at opplysningane ikkje kan sporast tilbake til deg. Berre anonyme opplysningar blir lagra.

Statistikk på innlogga tenester på Helsenorge

Vi brukar personopplysningar til å lage statistikk over bruken av helsetenestene på Helsenorge. Dette gjer vi for å forbetre tenestene og for å få meir innsikt i korleis dei blir brukt.  Statistikken vil òg delast med og brukast av helsesektoren og helsemyndigheitene for å forbetre tilgangen og kvaliteten på helsetenestene i Noreg.

Disse opplysningane blir brukt: 

  • Demografiske opplysningar (til dømes alder, kjønn og kommunen du bur i) 
  • Opplysningar om bruken av tenestene på Helsenorge (til dømes talet på skjema som blir sendt inn, talet på timebestillingar)

Desse opplysningane blir sette saman på ein måte som gjer at dei ikkje direkte kan leie tilbake til enkeltpersonar. Utforminga vår av statistikk følger retningslinjene til personvernregelverket for bruk av personopplysningar til statistiske føremål. Resultatet av statistikken vi lagar kan ikkje leie tilbake til deg.

Statistikk på opne sider på Helsenorge

Statistikken Helsenorge samlar inn, viser til dømes for mykje kvart enkelt område av nettsida blir besøkt. Vi kan ikkje spore bruken din av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson. Døme på informasjon som blir samla inn er

  • kor mange nettlesarar som besøker Helsenorge
  • kva nettsider brukarane kjem frå
  • kor lenge brukarane er på nettsida
  • kva nettlesarar som blir brukt

Vil du reservere deg mot innsamling av nettstatistikk?

Viss du ikkje vil at vi skal samle inn eller analysere data om besøket ditt i nettstatistikken, kan du reservere deg.

Klikk her for å reservere deg. Når du klikkar på lenka, installerer du ein informasjonskapsel i nettlesaren din, som fortel analyseverktøyet vårt at det ikkje skal samle inn data om besøka dine på Helsenorge.

Viss du slettar informasjonskapslane som viser at du har reservert deg, eller byter til ei anna datamaskin eller ein annan nettlesar, må du reservere deg på nytt.

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Korleis samlar Helsenorge inn statistikk?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 15. desember 2023 [henta tysdag 24. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/personvern-og-nettsikkerhet/helsenorge-statistikk/

Sist oppdatert fredag 15. desember 2023