Hjelp til pårørande

Det kan vere krevjande å vera pårørande til nokon som er sjuk eller trenger hjelp. Søk råd og støtte før utfordringane blir for store.

Bilde av far med datter på skuldre

Hugs på di eiga helse 

Når nokon du er pårørande til er alvorleg eller langvarig sjuk, har det alt å seie  kva hjelp dei får. Men det er også viktig at du tek vare på deg sjølv og di eiga helse. 

Vanlege helseutfordringar hos pårørande kan vere: 

  • søvnproblem, konsentrasjonsvanskar, nedsett energinivå 
  • bekymring, stress, angst, depresjon 
  • ulike smertetilstandar, nedsett immunforsvar, kosthaldsrelaterte problem 

Kva som kan hjelpe deg er individuelt, men du kan   

  • delta på kurs som kan hjelpe deg med å meistre belastning 
  • involvere nettverket ditt 
  • vera i regelmessig fysisk aktivitet 
  • ete sunt og regelmessig 
  • prøve å få nok søvn 

Dersom du treng hjelp til å endre levevanar eller meistre helseutfordringar, kan du også kontakte frisklivssentralen i din kommune

I nokre tilfelle kan du som pårørande vere i ein situasjon der du ikkje har høve, ønske eller kapasitet til å involvere deg i den som er sjuk. Nokre pårørande har behov for å seie: «Eg orkar ikkje å bli involvert akkurat no».  

Ta kontakt med fastlegen din ved behov 

Fastlegen kan vere ein naturleg stad å starte for å få hjelp dersom helseutfordringane dine blir for store. Tenk førebyggjande. Fastlegen har teieplikt og kan fungere som ein samtalepartnar. Fastlegen vurderer om du har behov for sjukemelding og tilvising til vidare behandling. Pårørande med psykiske eller fysiske helseplager kan sjølv ha rett på tilbod  frå helse- og omsorgstenesta. Fastlegen vurderer i samarbeid med deg kvar du kan få den beste hjelpa. 

Kunnskap om brukaren si sjukdom kan auke opplevinga av meistring og kontroll 

Det er lett å kjenne seg rådvill i møte med sjukdom. 

Meir kunnskap kan bidra til at du: 

  • får oversikt over behandlinga som blir tilbydd 
  • veit korleis helse- og omsorgstjenesta kan hjelpe dykk 
  • veit korleis du best kan støtte den som er sjuk 
  • veit når du skal be om hjelp 
  • får ei felles forståing av situasjonen, både med den som er sjuk og andre nære 
  • veit korleis du kan involvere barn som er ramma 
  • får oversikt over rettigheitane dine 

Ver i dialog med helse- og omsorgstenesta 

Ein god dialog mellom deg som pårørande og dei som gir helse- og omsorgstjenester til den som er sjuk, er ein fordel for alle. Du kan kontakte helse- og omsorgstenesta og finne ut kva rutinar dei har for involvering av og støtte til dykk som er pårørande. Gjer eventuelt dette saman med den som er sjuk. 

Tenk etter kva du lurer på: 

  • Kven er ansvarleg for behandlinga/oppfølginga og kven er kontaktperson? 
  • Kva er viktig for deg? 
  • Kva kan du få vite om sjukdomen og behandlinga? 
  • Kva gjer du om sjukdomen forverrar seg? 
  • Kva rettigheiter har du? 
  • Kvar finn du meir informasjon? 
  • Når kan dykk møtast neste gong? 

Hugs at du som pårørande også kan ha informasjon som er viktig for helse- og omsorgstenesta å ha kjennskap til. Det kan til dømes vere 

  • kva omsorgsoppgåver du utfører for den som er sjuk 
  • korleis familien som heilskap er påverka av situasjonen  
  • tidlegare erfaringar med ulike behandlingstiltak 

Kan du få noko avlasting? 

Pårørande og andre med særleg tyngjande omsorgsoppgåver kan ha rett til tiltak for å lette omsorgsbyrda. Dette gjeld både frivillige omsorgsytarar og foreldre med foreldreansvar for mindreårige barn.  

Avlastingstiltak kan gje deg høve til å vere yrkesaktiv, ha eit familieliv, ta ferie, med meir. Ta kontakt med kommunen du bor i for å høyre kva slags tilbod du kan få. 

Du kan også lese meir om kommunale tilbod og tiltak til pårørande her

Forsøk å motverke isolasjon 

Å stå i ei krevjande pårøranderolle over tid kan føre til at du mistar det sosiale nettverket du har utover næraste familie.  Er  du bevisst på korleis du involverer nettverket ditt, anten det er lite eller stort, kan det vere med på å førebyggje at du mistar vener og støttepersonar. 

I den grad det er mogleg, er det viktig å setje av tid til eigne aktivitetar og positive opplevingar trass i sjukdom. Tenk etter kven du ønskjer meir kontakt med, kva som gjev deg overskot i kvardagen, og om du har nokon som kan støtte deg. 

Møt andre i same situasjon 

​Mange pårørande opplever at dei får sortert tankar og problem og finn løysingar når dei deler erfaringar og opplevingar med andre i liknande situasjon som dei sjølv. Det bidreg til eit godt fellesskap og auka kunnskap. 

Det finst ei rekkje stader du kan ta kontakt med: 

  • Brukar- og pårørandeorganisasjonar 
  • Frivillige organisasjonar 
  • Pårørandesenter, samtalegrupper, osv. 
  • Aktuelle nettsider med nettchat 
  • Lærings- og meistringstilbod ved helseføretak eller i kommunar 

Du kan òg høyre med helse- og omsorgstenesta til den du er pårørande til. 

Snakk med arbeidsgjevar 

​Omsorgsoppgåver og sjukdom i familien kan påverke arbeidslivet ditt. Det kan vere utfordrande å kombinere omsorgsoppgåver med arbeid eller utdanning. Men arbeidet kan kanskje også opplevast som ein fristad. 

For mange vil det vere lurt å informere arbeidsgjevar eller næraste leiaren om situasjonen. Tilrettelegging kan til dømes vere:  

  • fleksibel arbeidstid 
  • opning for kunne kome litt seinare ved behov 
  • ta fri på kort varsel 
  • avspasering 
  • ta telefonar usjenert 
  • opning for heimekontor 
  • betalt eller ubetalt velferdspermisjon/fråvær i spesielle situasjonar 

Søk økonomisk rådgjeving 

​Familie og andre pårørande som blir ramma av langvarig sjukdom og som har krevjande omsorgsoppgåver, kan oppleve å kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Til dømes kan barn og ungdom sine høve til fritidsaktivitetar påverkast av endringar i familieøkonomien. 

Dersom den økonomiske situasjonen er endra som følgje av sjukdom, behandling og omsorgsoppgåver, kan det vere lurt å søkje økonomisk rådgjeving. Det finst støtteordningar, og det er viktig å søkje hjelp tidleg (til dømes omsorgsstønad, pleiepengar og hjelpe- og grunnstønad). 

Søk hjelp dersom du er utsett for krenkingar, vald, overgrep 

​Nokre pårørande opplever å bli krenkte, og utsette for vald og overgrep av den dei er pårørande til. Vanlege følgjer av å bli utsett for vald frå nærpersonar kan vere angst, skam, endra sjølvoppleving, konsentrasjons- og minneproblem. 

Det er viktig at du involverer dine næraste og er open om det som skjer. Erfaring viser at når vald og krenkingar skjer over tid, kan tolegrensa forskyve seg. Du må snakke med nokon og ikkje gå med dette åleine. Du bør melde ifrå til politiet og eventuelt få hjelp til å få vern mot nye valdsepisodar.

 

Mental helse

116 123

Mental helses telefon- og nettjeneste er for alle som trenger noen å snakke eller skrive med.

Døgnåpen tjeneste.

Pårørendesenteret i Oslo (PIO-senteret)

22 49 19 22

Landsdekkende rådgivningstelefon for pårørende uavhengig av diagnose.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Hjelp til pårørande . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 21. mai 2024 [henta tysdag 16. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/parorende/rad/

Sist oppdatert tysdag 21. mai 2024