Språkpolitikk for Helsenorge

Kva omfattar språkpolitikken?

​Denne språkpolitikken gjeld for all skriftleg, brukarretta kommunikasjon og omfattar

  • alt innhald på helsenorge.no
  • skjema på helsenorge.no

Språkpolitikken omfattar tekstar på bokmål og nynorsk, samt omsetjingar til samisk og framandspråk. Den gjeld ikkje for bruk av klarspråk (nhn.no).

Nynorsk

Lov om språk (språklova) slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. I offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk.

Ifølge språklova har offentlege organ ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk. Sentrale statsorgan, dvs. dei som har heile landet som tenestekrets, skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Skjema skal finnast på både bokmål og nynorsk. Statsorgan skal svare på alle førespurnader frå privatpersonar på det norske skriftspråket som er brukt i førespurnaden.

Ifølge innhaldsstrategien for Helsenorge er det innhaldseigaren som er ansvarleg for å levere tekstar på nynorsk.

Desse tiltaka skal gjennomførast for å auke nynorskdelen på helsenorge.no:

  • Helsenorge-redaksjonen skal bevisstgjere lokale redaktørar om at dei er forplikta til å følge språklova gjennom rolla si.
  • Skjemaa på helsenorge.no skal vere tilgjengelege på både bokmål og nynorsk.
  • Vi skal arbeide kontinuerleg for å oppfylle kravet om minst 25 prosent nynorsk på helsenorge.no.

I tillegg skal dei sjølvbeteningsløysingane som krev innlogging, og som derfor i større grad vert oppfatta som personlege sider enn informasjonssider, bli tilgjengelege på bokmål og nynorsk. I denne prosessen er det mange involverte partar, og det krev ein del teknisk utvikling. Derfor er dette eit meir langsiktig mål som er avhengig av finansiering.

Samisk

Samelova slår fast at norsk og samisk er likeverdige språk i Noreg. I kommunane som inngår i det samiske forvaltingsområdet, har den samiske befolkninga språklege rettar i møte med offentlege organ. Skjema skal finnast på både norsk og samisk.

Ifølge Statens kommunikasjonspolitikk (fastsett av Fornyings- og administrasjonsdepartementet 16. oktober 2009) skal statlege verksemder ta omsyn til brukarar av samiske språk for å sikre god kommunikasjon med samiskspråklege innbyggarar i heile landet.

Dette gjeld for bruk av samisk på helsenorge.no:

  • På helsenorge.no brukar vi nordsamisk. Av dei tre offisielle samiske språka i Noreg (nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk) er nordsamisk størst og blir brukt av rundt 90 prosent av den samisktalande befolkninga. Nordsamisk har òg kome lengst i å utvikle seg som skriftspråk.
  • Vi skal sørge for at det finst eit samisk tilbod av god kvalitet på helsenorge.no.
  • Behov for vidare omsetjingar til samisk skal kartleggast i dialog med samarbeidspartnarane våre.

Omsetjingar til engelsk og andre framandspråk

Det prioriterte framandspråket på helsenorge.no er engelsk. Dette heng saman med Statens kommunikasjonspolitikk, der det står at for å nå fram til innvandrarbefolkninga med statleg informasjon skal kvar enkelt verksemd vurdere om det er tilstrekkeleg å omsetje til engelsk, eller om det i tillegg er behov for omsetjing til andre framandspråk.

Innhald på helsenorge.no skal dekke informasjonsbehov om helserettar for personar i Noreg som har ingen eller svake norskkunnskapar. Det er først og fremst helseinformasjon som er spesifikk for Noreg, som skal finnast på engelsk. I tillegg skal vi gi oppdatert informasjon om tenestene på helsenorge.no.

Vi set desse måla for å betre kommunikasjon på engelsk:

  • Informasjon om helsevesenet og helserettar i Noreg skal vere tilgjengeleg på engelsk.
  • Informasjon om digitale tenester på helsenorge.no skal vere tilgjengeleg på engelsk.
  • Dei mest brukte skjemaa på helsenorge.no skal vere tilgjengelege på engelsk.
  • Behov for vidare omsetjingar til engelsk skal kartleggast gjennom brukarundersøkingar og i dialog med samarbeidspartnarane våre.

I tillegg skal digitale tenester på helsenorge.no bli tilgjengelege på engelsk. I denne prosessen er det mange involverte partar, og det krev ein del teknisk utvikling. Derfor er dette eit meir langsiktig mål som er avhengig av finansiering.

Omsetjingar til andre framandspråk skal gjennomførast etter fortløpande vurdering internt i Helsenorge-redaksjonen og i diskusjon med samarbeidspartnarane våre. I spesielle tilfelle bør innhald omsetjast til fleire framandspråk (til dømes ved alvorlege hendingar som koronapandemi eller ebolautbrot).

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Språkpolitikk for Helsenorge. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 1. november 2023 [henta tysdag 24. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/om-helsenorge-no/sprakpolicy/

Sist oppdatert onsdag 1. november 2023