Interaksjonar - når medisinar påverkar kvarandre

Bruken av ein medisin kan ha negativ effekt på ein annan medisin som du brukar samtidig. Det blir kalla ein interaksjon. Det er derfor viktig at både du og helsepersonell har god oversikt over medisinane du brukar slik at du kan unngå dette.

Interaksjonar kan i nokre tilfelle ha ein positiv effekt, men som oftast er det negativt. 

Ein interaksjon kan skje på to måtar 

  • Ein medisin kan påverke konsentrasjonen av ein annan medisin i kroppen: Vi ser dette når ein medisin påverkar oppsuginga, nedbrytinga eller utskiljinga av ein annan medisin. På fagspråket blir dette kalla ein «farmakokinetisk» interaksjon. 
  • Ein medisin kan forsterke eller hemme effekten av ein annan medisin utan at konsentrasjonen av den andre medisinen blir endra. På fagspråket blir dette kalla ein «farmakodynamisk» interaksjon. 

Korleis unngå uheldige legemiddelinteraksjonar 

Legen skal vurdere om medisinane du brukar passar saman, og alle legar har no gode digitale system som kan varsle om uheldige kombinasjonar av medisinar. For å gjere denne jobben skikkeleg, må legen vite kva medisinar du brukar. 

Som pasient må du bidra til å unngå uheldige interaksjonar: 

  • Fortel fastlegen om alle medisinane du brukar. Hugs òg reseptfrie medisinar, kosttilskot og naturlegemidlar. 
  • Ha ei oversikt over medisinar du brukar tilgjengeleg. Les meir om medisinliste. 
  • Les pakningsvedlegget. Der står det om medisinen du har fått kan påverke effekten av andre medisinar. Du kan òg undersøke interaksjonar på legemiddelsok.no. 
  • Hugs at nokon medisinar held seg i kroppen i lang tid, og kan gi interaksjonar med andre medisinar lenge etter at du tok dei. 

Døme på interaksjon 

Tone brukar den blodfortynnande medisinen dabigatran (Pradaxa) for å førebygge hjerneslag. Ho går på legevakta med smerter i skuldra og legen gir henne diklofenak (Voltaren, Diklofenac). Dette er ein smertestillande medisin av typen NSAIDS. 

Tre dagar seinare kjenner Tone seg slapp og svimmel, og ho ser at avføringa er svart. Forklaringa er at både dabigatran og dikofenak gir risiko for bløding. Når medisinane blir brukte saman, blir risikoen mykje større. 

Denne interaksjonen kunne vore unngått dersom legen hadde forhøyrt seg om kva medisinar Tone brukte, eller dersom Tone hadde vist fram medisinlista si. 

Mat og interaksjonar 

Det kan oppstå interaksjonar mellom visse typar matvarer og medisinar. Til dømes kan grapefrukt hemme nedbrytinga av den kolesterolsenkande medisinen simvastatin og dermed gi høge nivå av simvastatin i kroppen. Det er òg kjent at fleire typar mat kan påverke effekten av den blodfortynnande medisinen warfarin . 

Felleskatalogen

Har du mist pakningsvedlegget ditt? På Felleskatalogen finn du oppdaterte, digitale pakningsvedlegg og oversikt over kva medisinar som er til sals i Noreg.

Innhaldet er levert av Direktoratet for medisinske produkter (DMP)

Direktoratet for medisinske produkter (DMP) . Interaksjonar - når medisinar påverkar kvarandre . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 23. juni 2023 [henta laurdag 21. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/medisiner/interaksjon-nar-medisiner-pavirker-hverandre/

Sist oppdatert fredag 23. juni 2023