Personvern og tryggleik for reseptar

På Helsenorge får du oversikt over reseptane dine. Her kan du òg sjølv styre kven som skal ha tilgang til reseptane dine.

Sjå kven som har sett på reseptane dine

For at du skal ha kontroll over kven som ser reseptane dine, har du tilgang til ein eigen logg over kven som ser på dei. Her får du oversikt over helsepersonell som har sett på eller behandla reseptane. Du ser òg kva behandlingsstad, sjukehus eller verksemd der oppslag er gjort, eller som helsepersonellet er knytt til. Innsynsloggen lagrar informasjon med eitt års historikk.

Viss det er eit apotek som har gjort oppslaget, vil du berre sjå sjølve apoteket i loggen og ikkje kven ved apoteket som har gjort oppslaget.

Viss du mistenker at nokon som ikkje skal ha innsyn har sett på reseptane dine, kan du ta kontakt med legekontoret eller apoteket som har gjort oppslaget.

Du har berre innsyn i eigen logg

Du har berre tilgang til din eigen innsynslogg for reseptar på Helsenorge. Du har ikkje tilgang til informasjon om kven som har gjort oppslag på dine barns reseptar, eller ein du er verje for eller har fullmakt frå.

Innsyn må behandlast i Reseptformidler og Kjernejournal

Innsyn i reseptane dine blir loggført i både i tenesten Reseptformidleren og i tenesten Kjernejournal. Du må sjekke begge innsynsloggane for å få full oversikt over kven som har sett på reseptopplysningane dine. Viss du skal blokkere nokon for innsyn må du gjere dette for begge tenestene.

Du kan skjule reseptane dine for andre

Du skjuler reseptane dine for helsepersonell, foreldre eller føresette viss du ønsker det. Du kan òg velje å blokkere helsepersonell frå å sjå informasjon om reseptane dine.

Rette og slette reseptopplysningar

For å rette eller slette reseptopplysningar du meiner ikkje stemmer, må du prate med fastlegen din eller be den aktuelle behandlingsstaden om at opplysningane blir retta eller sletta.

Du kan klage til Statsforvaltaren viss ikkje legen eller behandlingsstaden gjer det du ber om. Finn din Statsforvalter på fylkesmannen.no.

Pasient- og brukerrettighetsloven § 5-2 gir deg informasjon om retting og sletting av opplysningar i journal.

Brukervilkåra for tenester på Helsenorge gir deg informasjon om rettane dine.

Lagring av reseptopplysningar

Tenesta Reseptformidleren handterer alle reseptopplysningane dine, og sikrar at korrekt informasjon blir delt mellom helsepersonell, apotek og bandasjist. Opplysningane i Reseptformidleren blir òg lagra i kjernejournalen din.

Reseptopplysningane dine skal behandlast i tråd med personopplysningsloven, Pasientjournalloven og Reseptformidlerforskriften. Det er Helsedirektoratet som er ansvarleg for behandling av reseptopplyningane dine.

Kor lenge blir data lagra i Reseptformidleren?

Etter at ein resept er ferdig ekspedert og avslutta i apotek, viser Reseptformidleren resepten i 30 dagar, før informasjonen blir sletta og ikkje lenger er synleg i Reseptformidleren. Viss resepten ikkje blir ekspedert på apotek, blir han sletta når resepten ikkje lenger er gyldig.

Reseptopplysningane dine blir òg lagra i kjernejournalen din i tre år.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Personvern og tryggleik for reseptar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 5. juli 2023 [henta søndag 22. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/legemidler/resepter/personvern-og-sikkerhet-for-resepter/

Sist oppdatert onsdag 5. juli 2023