Passiv røyking og helseskadar

Passiv røyking er å puste inn luft med tobakksrøyk. Den inneheld stoff som kan skade helsa. Passiv røyking er spesielt skadeleg for barn.

Meir enn 80 prosent av tobakksrøyken er usynleg. Derfor er det spesielt viktig at dei som røykjer, passar på å ikkje røykje i nærleiken av andre. Sjølv små mengder tobakksrøyk kan skade helsa, og det er inga trygg nedre grense.

Helserisiko ved passiv røyking

For kvar sigarett som blir tent, siv det tobakksrøyk ut i lufta. Både den røyken som blir pusta ut, og den som kjem frå sjølve sigaretten er helseskadeleg.

Alle som pustar inn tobakksrøyk har auka risiko for å utvikle fleire av dei same sjukdomane som dei som røykjer, inkludert kreft og hjarte- og karsjukdomar.

Luftvegssjukdomar

Tobakksrøyk irriterer slimhinnene i luftvegane, og kan gje luftvegsplager. Hoste, sår hals og tung pust er blant dei vanlegaste symptoma. Personar med astma får i tillegg auka risiko for astmaanfall dersom dei blir utsette for tobakksrøyk.

Hjarte- og karsjukdomar

Passiv røyking aukar risikoen for å få å få hjarte- og karsjuksomar med 25–30 prosent. Ikkje-røykjarar som pustar inn tobakksrøyk, har aukakt risiko for hjarteinfarkt. Personar som har andre hjartesjukdomar, er spesielt utsette.

På grunn av redusert oksygentransport i blodet, aukar risikoen for hjartekrampar hos hjartesjuke. Det er i tillegg vist at tobakksrøyk i omgjevnadene kan redusere yteevna ved fysisk aktivitet hos personar med forsnevringar i årene til hjartet.

Lungekreft

Tobakksrøyk inneheld mange stoff som kan vere kreftframkallande. Det gjer at risikoen for å få kreft aukar for dei som blir utsette for passiv røyking - spesielt dei som blir utsette for tobakksrøyk dagleg.

Studiar viser at dei som blir utsette for passiv røyking, har 20–30 prosent høgare risiko for lungekreft.

Røntgen av lunger

Helseskadar ved røyking

Røyking skader helsa på ulike vis. Hjarte- og karsjukdom, kols og lungekreft er blant dei alvorlege sjukdomane som røyking kan føre til.

Illustrasjon: Witthaya Prasongsin / Mostphotos

Passiv røyking gjev helserisiko for barn

Passiv røyking er spesielt skadeleg for barn, sidan kroppen framleis er under utvikling. Det kan føre til både kortvarige og langvarige helseeffektar. Nokre av dei vanlegaste kortvarige plagene er mindre alvorlege symptom som hoste, irriterte auge og tung pust.

Astma

Barn som blir utsette for passiv røyking, utviklar oftare astma enn andre barn. Dei får i tillegg hyppigare og sterkare astmaanfall og blir oftare lagde inn på sjukehus.

Luftvegssjukdomar

Barn er spesielt utsatte for luftvegsinfeksjonar ved passiv røyking. Grunnen til det er at luftvegane deira ikkje er ferdig utvikla, og tobakksrøyken gjer slimhinnene i luftvegane meir mottakelege for infeksjonar.

Barn som veks opp i eit røykfylt miljø, har derfor monaleg auka risiko for akutte luftvegsinfeksjonar som bronkitt bronkiolitt og lungebetennelse. Langvarig passiv røyking aukar også risikoen for kroniske luftvegssymptom.

Øyrebetennelse

Barn som er utsette for tobakksrøyk over tid, har monaleg auka risiko for mellomøyrebetennelse.

Krybbedød


Spedbarn som har vore utsette for passiv røyking i mors liv eller etter fødselen, har større risiko for krybbedød. Risikoen er der også når mor ikkje røykte sjølv som gravid, men vart utsett for passiv røyking.

Snus, røyk og graviditet

Snusing og røyking kan føre til komplikasjoner når du er gravid. Se hvordan du kan få hjelp til å slutte.

Slik beskyttar du barn mot passiv røyking

Barn har lovbestemt rett til eit røykfritt miljø. Det er den som er ansvarleg for barn, som skal syte for at denne retten blir oppfylt.

Røyk utandørs

Gjer det til ein vane å gå utandørs dersom du skal røykje. Då utset du ingen i heimen for passiv røyking. Tobakksrøyk kan henge igjen i lufta lenge etter at sigaretten er sløkt, sjølv om du ikkje kan lukte eller sjå han.

La bilen vere røykfri

Fordi bilen er eit lite rom, så oppstår det svært høge konsentrasjonar av helseskadelege stoff når du røykjer, sjølv om du prøver å røykje mest mogleg ut av vindauget.

Ikkje røyk dersom du er gravid

Å vere røykfri aukar sjansen for eit ukomplisert svangerskap og gjev barnet betre vekst- og utviklingsutsikter. I tillegg er det bra for di eiga helse. Det meste av det du pustar inn, når raskt fram til fosteret via morkaka og kan gje alvorlege følgjer for barnets helse.

Ikkje røyk når du ammar

Det er best for deg og barnet ditt at du ikkje røykjer eller snuser medan du ammar, men morsmjølk er viktig fordi det beskyttar mot infeksjonar og er bra for barnets helse. Du bør derfor halde fram med å amme sjølv om du røykjer. Røyk så lite du greier, og vent med røykinga til rett etter amminga. Då vil det vere mindre nikotin i morsmjølka.

Om mogleg bør du unngå å utsetjast for passiv røyking medan du ammar. Stoff kan også ved slik påverknad kome over i mjølka eller bidra til å minke mjølkeproduksjon hos mor. Det er likevel viktig å halde fram med å amme sjølv om du ikkje kan unngå å bli utsett for passiv røyking.

Tredjehandsrøyking

Partiklar og stoff i tobakksrøyk festar seg til overflater i rom der det har vore røykt. Desse stoffa kan kvervlast opp og hamne i innelufta igjen. Å puste inn slike stoff kallar vi tredjehandsrøyking. Det er vanskeleg å vurdere nøyaktig, men helserisikoen er rekna å vere svært liten.

Slutta-app

Få hjelp til å slutte å røyke eller snuse med Slutta-appen.

Slutta - din røykeslutt (facebook.com)

Slutta på Facebook.

Helsegevinster etter røykeslutt

Se hva som skjer i kroppen din når du kutter røyken.

Hvor avhengig er du av røyk?

Med denne testen kan du få en pekepinn.

A Report of the Surgeon General. How Tobacco Smoke Causes Disease: What It Means to You. U.S. Department of Health and Human Services, Centers for Disease Control and Prevention, 2010   

Nearly 85% of tobacco smoke is invisible,  Gee et al, Tobacco Control 2012   

Røyk og samsoving kan føre til krybbedød, Tidsskrift for Den norske legeforening, 2004.   

Does environmental cigarette smoke affect breastfeeding behavior? M Firouzbakht et al. J Family Community Med. 2017 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Passiv røyking og helseskadar . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 3. mars 2022 [henta laurdag 21. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/helse-og-miljo/passiv-royking/

Sist oppdatert torsdag 3. mars 2022