Skrivesaker

Tusjar, pennar og skrivesaker er lite farleg ved små uhell. Tilby barnet litt drikke, og sjå an heime.

Det er ikkje farleg å smake på tuppen av ein tusj eller penn.

Blyant 

Blyantar er ufarlege å smake på. Blyantar inneheld ein grafittstift, og inneheld ikkje bly.

Kulepenn 

Kulepennar inneheld blekk i små mengder. Mengda blekk i éin penn er så liten at det ikkje gir fare for forgifting. 

Markørpenn 

Det er liten fare for forgifting viss eit barn ved eit uhell syg på ein markørpenn. Viss pennen har opna seg, og barnet har drukke innhaldet, bør du kontakte Giftinformasjonen for vurdering. Gi barnet litt drikke før du ringer. 

Sprittusj 

Det er ikkje farleg at eit barn ved eit uhell syg på tuppen av ein sprittusj. Svelging av innhaldet frå ein stor tusj, kan gi symptom. Kontakt Giftinformasjonen for vurdering av situasjonen. Gi barnet litt drikke før du ringer.  

Tusj 

Å smake litt på ein tusj er ikkje farleg. Ved andre uhell kontakt Giftinformasjonen. Gi barnet litt drikke før du ringer.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Skrivesaker. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 9. april 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/tegne-og-hobbysaker/tusjer-penner-og-skrivemateriell/

Sist oppdatert tysdag 9. april 2024