Superlim

Superlim, lynlim eller neglelim inneheld vanlegvis cyanoakrylat. Limet stivnar svært raskt og kan lime saman fingrar, augelok og andre hudområde. Dette gjev vanlegvis irritasjon på hud og auge. Ved søl på klede kan nokre typar superlim gje brannsår.

Tube med superlim hvor korket er skrudd av.

Superlim gjev irritasjonssymptom og kan lime seg fast til hud eller slimhinner.

Superlim i auget   

Ved søl av superlim eller cyanoakrylatlim i auget 

  • skyl auget i 5–15 minutt
  • Dersom auget er limt igjen, bør du ikkje opne det med makt. 

Du kan sjå an heime dersom 

  • auget er ope  
  • du ikkje har symptom  
  • det ikkje er restar av lim i auget  

Kontakt lege dersom 

  • du har stivna restar av lim på auget eller på baksida av augelok (framandlekam)  
  • du opplever at det er ubehageleg å røre auget   
  • augelok eller augevippar er limte saman, særleg hos små barn under 3–4 år   
  • augelok eller augevippar er limte saman, og du opplever ubehag anna enn at auget er lukka  

Superlim på huda 

Kan du fjerne restar av stivna superlim frå huda?

Stivna superlim på hud blir slite bort av seg sjølv. Det er ikkje tilrådd å bruke makt eller sterke løysemiddel for å fjerne restane. Ved eit tjukt lag størkna superlim på huda kan du eventuelt pusse limet forsiktig med fint sandpapir eller neglefil.  

Korleis kan du losne samanlimte hudområde?  

  • Ikkje dra kroppsdelar som er limte saman, frå kvarandre.  
  • Vask huda med mild såpe og lunka vatn.  
  • Prøv å bløytleggje hudområde i matolje eller mildt såpevatn.  
  • Prøv forsiktig fjerning med handsprit, plasterfjernar eller aceton, men ikkje i nærleiken av auge.  
  • Hud som er limt saman, losnar ofte av seg sjølv, i løpet av ein eller to dagar.  
  • Dersom huda er limt saman på ein ubehageleg eller upraktisk måte, bør lege kontaktast.

Superlim på klede 

Superlim utviklar varme ved herding. Nokre typar superlim gjev kraftigare reaksjon ved søl på klede, og kan føre til brannskade i huda under.   

  • Fjern tilsølte klede, men ikkje dersom dei er limte fast til huda.  
  • Skyl huda med rennande, kjølig vatn i 20 minutt.  
  • Ved teikn til brannskade i huda skal du kontakte lege.  

Svelging av superlim  

Små inntak av superlim inneber liten risiko, fordi limet raskt blir til ein fast klump. Herda lim er ikkje farleg å smake på. 

Det kan bli meir alvorlege symptom ved større inntak eller om limet stivnar i svelget. Størkna lim i svelg kan gjere det vanskeleg å puste. Vanlegvis festar superlim seg dårleg på slimhinner. 

Ved søl av superlim i munnen eller ved svelging 

  • Fjern restar straks, dersom limet ikkje har stivna.  
  • Gje drikke og skyl munnen med vatn. 
  • Ved blokkering av luftvegane skal du ringje 113.  
  • Ved svelging av større mengder skal du kontakte Giftinformasjonen. 
  • Ved symptom og ubehag bør du kontakte lege.   

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Superlim. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 9. april 2024 [henta tysdag 16. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/superlim/

Sist oppdatert tysdag 9. april 2024